Share

cover art for Rådhuset kjem

Rådhuset

Rådhuset kjem

Kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester med spennande bodskap.

More episodes

View all episodes

  • Legg om trafikken ved Storavatnet

    16:46|
    Episode 8 | Frå helga av vert trafikken lagt om ved Storavatnet for dei som reiser til og frå Askøy. Korleis slår dette ut for trafikken til og frå Øygarden?Kommunedirektør i Øygarden kommune, Johnny Breivik, har invitert prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, som gjest i episode åtte i podkasten Rådhuset. Ho fortel både om omlegginga ved Storavatnet og gjev oss status for arbeidet med Sotrasambandet. Det viktigaste bidraget til god trafikkflyt, er færre personbilar på vegen.- Endringa gjeld ikkje for trafikken til og frå Øygarden. Men alle vil merka endringa, særleg i starten. Vi er avhengige av at bilistane viser omsyn til kollektivtrafikken. Gå inn på heimesida til Øygarden kommune og finn gode forslag til kva du kan gjera for å få god trafikkflyt, seier prosjektleiaren.
  • Korleis kan vi førebyggja utanforskap?

    23:03|
    Episode 7 | - Dersom vi skapar likeverdigheit, skapar vi også rom for at mennesket kan vera seg sjølv.Det seier erfaringskonsulert Tor-Espen Mork i episode sju i podkasten rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.Saman med einingsleiar for psykisk helse og rus i Øygarden kommune, Therese Helgesen, gjev Mork oss kunnskap om korleis det er å oppleva utanforskap og kva det gjer med oss som enkeltmenneske.Dei som opplever utanforskap, er gjerne utanfor skule, arbeidslivet og det sosiale. Tor-Espen fortel at han lever med kroniske diagnosar og har vore plaga av sjukdom i heile sitt vaksne liv. Men det er mogleg å gjera noko med dette. Som erfaringskonsulent har Tor-Espen Mork møtt mange som er i liknande situasjon.
  • Sterke historier frå Telavågtragedien

    24:53|
    Episode 6 | - Eg blei berørt av dei personlege historiene.Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar, Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.I boka skildrar Midttveit enkelthistorier frå Telavågtragedien under andre verdskrigen. Ei heil bygd vart utsletta som ein hemnaksjon frå tyskarane. Vivian fortel om kvifor ho har skrive boka og gjev oss sterke historier frå ein tragedie som ramma eit heilt lokalsamfunn.
  • Gode råd frå brannfolk før jul

    20:21|
    Episode 5 | - Hald roen og sjekk røykvarslarane i heimen din og hos dei du er glad i! Det er eitt av råda frå kommunikasjonsleiar i Bergen brannvesen, Trine Sivertsen Sommerlade, og seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Leif Reithaug. Dei er på plass i Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik i inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.I denne episoden får du mange gode råd om bruk av julebelysning, levande lys og trygg og god nyttårsfeiring. Denne veka markerer brannvesenet røykvarslardagen.
  • Jobben gjer frisk

    17:07|
    Episode 4 | Silje Mæland er professor på Universitetet i Bergen og forskar mykje på sjukefråvær. Ho er gjest i episode fire i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.- Ta tidleg kontakt ved sjukefråvær og spør den sjukemeldte om kva vi kan gjera for deg, seier Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet Jobben gjer frisk.
  • Vi tar pulsen på Øygardskonferansen

    24:58|
    Episode 3 | I denne episoden har vi flytta mikrofonane til Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 8. november. Overskrift for konferansen er Vidsyn, vilje og visjon.Vi snakkar med foredragshaldarar, deltakarar og arrangøren Vest Næringsråd. Blant gjestene er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og partileiar i Høgre, Erna Solberg.I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss. Og denne gongen er det altså fleire gjester som har noko på hjarta.
  • Øygarden som reisemål

    16:16|
    Episode 2 | Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, er gjest i episode to i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.- Eg har veldig stor tru på å merkevarebyggja kysten. Øygarden har lett tilgjengeleg natur med ein utruleg spennande historie, ikkje minst krigshistorie, seier Anders Nyland som meiner Øygarden har stort potensiale innan reiseliv.
  • Fem år med ny kommune. Kva no?

    11:49|
    Episode 1 | Ordførar Tom Georg Indrevik får æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset. Etter den offisielle opninga av podkasten, snakkar han om dei fem første åra for Øygarden kommune.- For meg har møtet med menneske vore det største som ordførar i desse åra. Møtet med innbyggjarane, dei tilsette og næringslivet har gjeve oss framtidsoptimisme, seier ordføraren i denne episoden.