Share

Rådhuset
Sterke historier frå Telavågtragedien
•
Episode 6 | - Eg blei berørt av dei personlege historiene.
Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar, Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.
I boka skildrar Midttveit enkelthistorier frå Telavågtragedien under andre verdskrigen. Ei heil bygd vart utsletta som ein hemnaksjon frå tyskarane. Vivian fortel om kvifor ho har skrive boka og gjev oss sterke historier frå ein tragedie som ramma eit heilt lokalsamfunn.
More episodes
View all episodes

Korleis kan vi hjelpa kvarandre i ein krise?
18:59|Episode 24 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert prost Jan Tommy Fosse og kommunepsykolog Kyrre Dyregrov til å snakka om korleis vi kan møta kriser i livet.- Ikkje ver redd for å ta kontakt med nokon som er ramma av ein krise. På den måten kan du få visa at du bryr deg, seier dei to.Både Jan Tommy og Kyrre har brei erfaring med å møta folk som har opplevd krise i livet. Dei fortel at folk taklar krisesituasjonar ulikt og at dette må vi ha respekt for.
Vi hyllar kultur og idretten i Øygarden
29:17|Episode 23 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå kultur- og idrettsgallaen 20. mars. Denne kvelden vart det delt ut seks prisar. Mange fekk heider og det vart delt ut eín million kroner i kultur- og idrettsstipend.- Det var rørande. Det er rart at eg som jobbar med å sjå andre no skal bli sett sjølv, seier André Clausen som fekk folkehelseprisen. Dei andre som vart hylla med pris denne kvelden var Vigdis Taranger (Mot til å glede-prisen), Åshild Eriksen (heiderspris frå Øygarden musikk- og kulturråd), Oda Erstad (ungdomspris frå idrettsrådet), Siv Øye Karlsen (heiderspris frå idrettsrådet) og Cathrine Fredriksen Veirud (frivilligprisen). Kulturprisen og Tilgjengeprisen vert delte ut ved seinare høve.I denne episoden har vi snakka med alle prisvinnarane, leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen, og kultursjef Marian Guddal Hansen. Podkastepisoden vert leia av Marianne Furheim og Vigleik Brekke.
Dei brenn for seniorar, barn og unge
20:57|Episode 22 | I denne episoden av podkasten Rådhuset har kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, invitert to personar som brukar mykje av fritida si på andre.Berit Anita Knudtsen Larsen er for tida særleg engasjert i Demenskoret og Allsong.- Utan eit godt samarbeid mellom kommunen, det frivillige arbeidet og private aktørar, hadde vi andre fått dette til. I demenskoret ser vi meistring på sitt aller beste, seier ho.Helge Nilsen er engasjert i kyrkjeleg arbeid retta mot barn og unge.- Mange ungdomar har det bra, men ikkje alle. Eg brenn for å skapa trygge fellesskap. Dette vil gje oss eit meir robust samfunn, seier han.
Korleis var 2025?
19:20|Episode 21 | I denne episoden av podkasten Rådhuset utfordrar kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og administrerande direktør i Brødrene Ulveseth, Inger Kristin Ulveseth, til å oppsummera året 2025. Gjestene kjem også med tankar om framtida.- Den største oppturen i år er at vi har klart å snu økonomien og at kommunen truleg kjem ut med eit lite pluss i 2025. Det gjer oss i stand til å løysa framtidige oppgåver på ein god måte, seier Tom Georg Indrevik.- Budstadbygginga har teke seg opp det siste halvåret, men eg tvilar på om ein klarer å nå målet om 130 tusen nye bustader innan 2030 slik regjeringa arbeider for, seier Inger Kristin Ulveseth.I november overrekte Bergen Næringsråd og Fana Sparebank Bærekraftprisen for 2025 til Brødrene Ulveseth.
Vi tar Øygardskonferansen på pulsen
27:03|Episode 20 | Denne podkastepisoden av Rådhuset er frå Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 7. november.Tema for konferansen er «Dilemma». På konferansen kjem det fram ulike samfunnsaktørar opplever mange krysspress og utfordrande dilemma.I podkasten, der kommunedirektør Johnny Breivik inviterer gjester som har noko viktig å seia oss, møter du banksjef i Sparebanken Norge, Camilla Nygård, stortingsrepresentant Ove Trellevik (H), Kåre Bjorøy i Sartor Drange, forfattar Gunnar Staalesen og statsforvaltar Liv Signe Navarsete.
2025: Det store jubelåret for Fjellkoret
20:20|Episode 19 | 2025 har vore og er eit festår for Fjellkoret. Koret starta i 1985 og har 40 årsjubileum dette året. Koret krona jubelåret med det ærefulle oppdraget med oppsetjinga av «Det løfteriket landet». Dette var ein del av programmet for 200-årsjubileet for utvandringa til Amerika.I denne episoden av podkasten Rådhuset er dirigent Jan L. Jacobsen og prosjektleiar Grete Eide gjester i studio. Dei fortel om festreisa til USA tidlegare i oktober då 200-årsjubileet vart markert i New York der mellom anna kronprins Haakon deltok.- Det var ei festreise, nærast magisk, seier gjestene.
- Over all forventning å vera fosterheim
18:39|Episode 18 | Det er eit stort behov for fosterheimar i Noreg. Det gjeld også i Øygarden.- Vi ønskte å hjelpa barn i nærmiljøet og skapa ein grunnmur for barnet. Det å vera fosterheim har gått over all forventning. Vi har fått mykje støtte og hjelp frå barnevernet, seier fostermor Anita.Ho er ein av gjestene i denne episoden av podkasten Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.Kontaktperson i barnevernet for fosterheimar i Øygarden, Christine Johannessen Klementsen, seier at fosterheim er ein vanleg heim for barn som tar imot barn som har behov for hjelp og som ikkje kan bu hjå sine biologiske foreldre.- Det viktigaste er at du har hjarterom, seier ho.
Offentlege tenester er under press
24:56|Episode 17 | - Vi kan bli tvinga til å utsetja eller å ta vekk offentlege tenester. Det seier professor på NHH, Ola Honningdal Grytten, i denne episoden. I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss.Honningdal Grytten seier at med fleire eldre og færre i arbeid, vert vi tvinga til å auka produktiviteten for å skaffa nok pengar til pensjon og eldreomsorg.Professoren meiner Øygarden kommune er heldig som har bra rekruttering, gode skatteinntekter og er tidleg ute med det grøne skiftet.- Det er likevel avgjerande at det grøne skiftet har økonomisk berekraft, seier Ola Grytten Honningdal.
Møt to visjonære samfunnsaktørar med beina på jorda
23:10|Episode 16 | Peder O. Lie frå Li i Øygarden og Inge Halstensen frå Bekkjarvik i Austevoll har mykje felles. Begge er knytt til eit rikt fiskerimiljø og er profilerte samfunnsbyggjarar.I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør i Øygarden personar som har noko viktig å seia oss. I denne episoden fortel dei to samfunnsaktørane om oppturar og nedturar over fleire generasjonar.- Inge har utvikla den finaste plassen mellom Bergen og Haugesund, seier Peder.- Skal vi utvikla oss, må vi finna dei rette til å utføra oppgåvene, seier Inge.I tillegg til å vera fiskebåtreiarar, har dei i sine lokalmiljø engasjert seg i handel, eigedom, byutvikling, turisme og kultur. Saman representerer Liegruppen og K. Halstensen over tre hundre arbeidsplassar.