Rådhuset
All Episodes
Sterke historier frå Telavågtragedien
24:53|Episode 6 | - Eg blei berørt av dei personlege historiene.Det seier forfattar av den ferske boka Krigens fargar, Vivian Midttveit. Ho er gjest i episode seks der kommunedirektør i Øygarden, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.I boka skildrar Midttveit enkelthistorier frå Telavågtragedien under andre verdskrigen. Ei heil bygd vart utsletta som ein hemnaksjon frå tyskarane. Vivian fortel om kvifor ho har skrive boka og gjev oss sterke historier frå ein tragedie som ramma eit heilt lokalsamfunn.Gode råd frå brannfolk før jul
20:21|Episode 5 | - Hald roen og sjekk røykvarslarane i heimen din og hos dei du er glad i! Det er eitt av råda frå kommunikasjonsleiar i Bergen brannvesen, Trine Sivertsen Sommerlade, og seksjonsleiar i Øygarden brann og redning, Leif Reithaug. Dei er på plass i Rådhuset der kommunedirektør Johnny Breivik i inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.I denne episoden får du mange gode råd om bruk av julebelysning, levande lys og trygg og god nyttårsfeiring. Denne veka markerer brannvesenet røykvarslardagen.Jobben gjer frisk
17:07|Episode 4 | Silje Mæland er professor på Universitetet i Bergen og forskar mykje på sjukefråvær. Ho er gjest i episode fire i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.- Ta tidleg kontakt ved sjukefråvær og spør den sjukemeldte om kva vi kan gjera for deg, seier Mæland som samarbeider med Øygarden kommune i prosjektet Jobben gjer frisk.Vi tar pulsen på Øygardskonferansen
24:58|Episode 3 | I denne episoden har vi flytta mikrofonane til Øygardskonferansen på Panorama Hotell & Resort 8. november. Overskrift for konferansen er Vidsyn, vilje og visjon.Vi snakkar med foredragshaldarar, deltakarar og arrangøren Vest Næringsråd. Blant gjestene er næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) og partileiar i Høgre, Erna Solberg.I podkasten Rådhuset inviterer kommunedirektør Johnny Breivik gjester som har noko viktig å seia oss. Og denne gongen er det altså fleire gjester som har noko på hjarta.Øygarden som reisemål
16:16|Episode 2 | Reiselivsdirektør i Bergen, Anders Nyland, er gjest i episode to i Rådhuset der kommunedirektør i Øygarden, Johnny Breivik, inviterer gjester som har noko viktig å seia oss.- Eg har veldig stor tru på å merkevarebyggja kysten. Øygarden har lett tilgjengeleg natur med ein utruleg spennande historie, ikkje minst krigshistorie, seier Anders Nyland som meiner Øygarden har stort potensiale innan reiseliv.Fem år med ny kommune. Kva no?
11:49|Episode 1 | Ordførar Tom Georg Indrevik får æra av å vera gjest i den første episoden av Rådhuset. Etter den offisielle opninga av podkasten, snakkar han om dei fem første åra for Øygarden kommune.- For meg har møtet med menneske vore det største som ordførar i desse åra. Møtet med innbyggjarane, dei tilsette og næringslivet har gjeve oss framtidsoptimisme, seier ordføraren i denne episoden.
loading...