Share

cover art for Levande brev. Reiser frå arkivet. Del 2

NB:arrangement

Levande brev. Reiser frå arkivet. Del 2

Ep. 112

Utferdstrong og heimlengt, eventyr og frustrasjonar, skiftande vêr og framande hamner. Nasjonalbibliotekets brevsamling gjev mange innblikk i livet på reisefot: anten det er poetiske skildringar av sydlandske himmelstrok, iskalde tog og glidande skip eller knappe rapportar frå ugjestmilde polpunkt og møte med fiendtlege innfødde. Frå både fjern og nær har nordmenn skrive heim. Gisken Armand, Mads Ousdal, Øystein Røger, Selome Emnetu og Lasse Kolsrud levandegjer brev om reiser og liv i eksil. Programleiar Vigdis Hjorth losar oss gjennom kvelden, akkompagnert av Pål Moddi Knutsen.

More episodes

View all episodes

  • Sovjets hemmelige kart over Norge

    35:11|
    I dette foredraget forteller Anders Kvernberg fra Nasjonalbibliotekets kartsenter om hvordan vår nabo i øst brukte enorme ressurser på å spionere og samle inn informasjon om norsk topografi og infrastruktur. Under den kalde krigen fotograferte russerne bruer og telemaster, og det var ubåter i fjordene.  Opplysningene spionene samlet inn ble brukt til å lage svært detaljerte kart over Norge. Hvilke hemmeligheter avslørte kartene og hva kunne de brukes til?  Opptaket er fra et arrangement 8. oktober 2024.
  • Norrønt: Fra Heimskringla til Hollywood

    01:07:11|
    Det er et stort marked for engelske oversettelser av norrøne tekster. Hva er det med dette lille, døde språket som engasjerer så mange?Den amerikanske akademikeren, youtuberen og norrønentusiasten Jackson Crawford formidler norrøn kultur og norrønt språk til et internasjonalt publikum, med en helt særegen stil som har gjort han verdenskjent. Samtidig har han forelest i skandinaviske studier og norrønt på universitetet, og han har bidratt som ekspert i utviklingen av dataspill som «Assassin’s Creed» og Disney-filmen «Frost».På Nasjonalbiblioteket den 20. juni møtte Crawford Nasjonalbibliotekets norrønfilolog Jóhanna Katrin Friðriksdóttir, som har oversatt Magnus Lagabøtes landslov til engelsk for aller første gang. Sammen med middelalderhistoriker Ole Albert Rønning Nordby (ph.d.) snakker de om hvordan man oversetter fra norrønt til engelsk, og om den norrøne kulturens plass i populærkulturen.Denne podkastepisoden er et opptak av et arrangement som fant sted på Nasjonalbiblioteket den 20.juni, 2024.********************************************************************************************************************************************Jackson Crawford in conversation at the National Library of Norway on June 20th with Norse expert Jóhanna Katrín Friðriksdóttir, who has translated the medieval Norwegian law code of King Magnus the Lawmender from Old Norse to English for the first time, and medieval historian Ole-Albert Rønning NordbyAmerican academic and expert in Scandinavian studies, Dr Jackson Crawford combines his knowledge of Viking and Old Norse culture with making popular videos on his Youtube-channel, answering questions about Norse language, mythology and history from people all over the world.
  • Daude dyr som mat, før og no: panelsamtale

    56:57|
    Sauebonde Torvald Hadland frå Jæren leiar oss gjennom ein samtale om det vanskelege kjøtet før og no, med kjøtfilosof Sophia Efstathiou, matkulturhistorikar Karen V. Lykke og sosialantropolog og vegetarianar Philip Rynning Coker.Allereie i norrøne tekstar kan ein lese om reglar og anbefalingar knytte til kjøt. Ein har ofra dyr for å heidre gudane, og med kristninga blei det forbode å ete kjøt i fastetida. I dag kan ein få råd om å ete mykje raudt kjøt eller å ligge langt unna. Meiningane har alltid vore mange om kva som er eit moralsk, sunt og berekraftig kosthald.Dette er et opptak av et arrangement som fant sted på Nasjonalbiblioteket den 14.september 2024.
  • Etande foredrag: Kva åt dei i mellomalderen?

    40:03|
    Dei åt overraskande godt i Noreg i mellomalderen, for i byar som Bergen blei det handla med varer frå heile verda. Nordmenn fekk til dømes nellik, dadlar og vin i bytte mot tørrfisk og pelsvarer.Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget fekk publikum smake på mellomaldermaten.
  • Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

    50:40|
    Foredrag ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum om urtemedisin, bønn og eidar. Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifter på den gode helsa. Kunnskap om planter og korleis ein bruker dei, har blitt forvalta og nedskrive gjennom historia. I Norden i mellomalderen var mat og medisin gjerne to sider av same sak, og folketru og religion spelte også ei viktig rolle. Kjesrud forskar på historia til nyttevekstane gjennom norrøne medisinbøker og sogelitteraturen, men også gjennom og helgenbilete, arkeologiske og kunsthistoriske gjenstandar som ete og drikkereiskaper.  
  • Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

    01:00:28|
    Ein magisk kveld om ein modig riddar, ei vakker og mektig prinsesse, kjærleik og forviklingar. Før ridderfortellinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i mellomalderromanar og kva denne historia kan fortelje om romantikk og moral på den tida. Eggesbø har med seg lydkunstnaren Piggsopp som set stemningsfull musikk og lyd til forteljinga. Opptaket er frå Handverksfestivalen 13. september i år.   
  • Etande foredrag: Brød og smør

    44:41|
    I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og publikum skal får smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan, har bakt brødet og kinna smøret som vert servert.I Noreg i mellomalderen åt dei mykje flatt og tørt brød laga på bygg og havre, men kring 1300-talet kom kveiten, surdeigen og bakaromnane til byane. Var du rik, kunne du kjøpe eit stykke brød bakt på speltmjøl og smørje smør utover skiva. Brøda vi et, har alltid spegla politikken og samfunnsstrukturane vi lever under, den gongen som i dag.
  • Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

    43:12|
    Liv Ullmanns store kjærlighetsfilm fra 1995, basert på romanen Kransen av Sigrid Undset, er endelig restaurert og gis nå ut på nytt av Nasjonalbiblioteket. Vi inviterte derfor artist og skuespiller Karoline Krüger, film- og litteraturviter og forfatter Line Norman Hjorth og middelalderhistoriker John McNicol til å se og snakke om filmen, sammen med publikum og ordstyrer Vanja Henrikke Ødegård.
  • Festopning for Landslovjubileet

    01:03:14|
    I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Opningsfesten for feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap på scena av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og filolog Magnus Rindal, som har omsett lova frå norrønt til nynorsk i ei ny praktutgåve. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl kjem i kveld og held innlegg. Du får òg høyre utdrag frå den historiske boka, Kim Rysstad skal kvede, og mellomalderensemblet Modus speler musikk.