Share

cover art for NB:arrangement

NB:arrangement

Arrangementer fra Nasjonalbiblioteket


Latest episode

  • Etande foredrag: Kva åt dei i mellomalderen?

    40:03|
    Dei åt overraskande godt i Noreg i mellomalderen, for i byar som Bergen blei det handla med varer frå heile verda. Nordmenn fekk til dømes nellik, dadlar og vin i bytte mot tørrfisk og pelsvarer.Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget fekk publikum smake på mellomaldermaten.

More episodes

View all episodes

  • Medisin og magi i mellomalderen, foredrag

    50:40|
    Foredrag ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum om urtemedisin, bønn og eidar. Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifter på den gode helsa. Kunnskap om planter og korleis ein bruker dei, har blitt forvalta og nedskrive gjennom historia. I Norden i mellomalderen var mat og medisin gjerne to sider av same sak, og folketru og religion spelte også ei viktig rolle. Kjesrud forskar på historia til nyttevekstane gjennom norrøne medisinbøker og sogelitteraturen, men også gjennom og helgenbilete, arkeologiske og kunsthistoriske gjenstandar som ete og drikkereiskaper.  
  • Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø

    01:00:28|
    Ein magisk kveld om ein modig riddar, ei vakker og mektig prinsesse, kjærleik og forviklingar. Før ridderfortellinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i mellomalderromanar og kva denne historia kan fortelje om romantikk og moral på den tida. Eggesbø har med seg lydkunstnaren Piggsopp som set stemningsfull musikk og lyd til forteljinga. Opptaket er frå Handverksfestivalen 13. september i år.   
  • Etande foredrag: Brød og smør

    44:41|
    I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og publikum skal får smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan, har bakt brødet og kinna smøret som vert servert.I Noreg i mellomalderen åt dei mykje flatt og tørt brød laga på bygg og havre, men kring 1300-talet kom kveiten, surdeigen og bakaromnane til byane. Var du rik, kunne du kjøpe eit stykke brød bakt på speltmjøl og smørje smør utover skiva. Brøda vi et, har alltid spegla politikken og samfunnsstrukturane vi lever under, den gongen som i dag.
  • Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter

    43:12|
    Liv Ullmanns store kjærlighetsfilm fra 1995, basert på romanen Kransen av Sigrid Undset, er endelig restaurert og gis nå ut på nytt av Nasjonalbiblioteket. Vi inviterte derfor artist og skuespiller Karoline Krüger, film- og litteraturviter og forfatter Line Norman Hjorth og middelalderhistoriker John McNicol til å se og snakke om filmen, sammen med publikum og ordstyrer Vanja Henrikke Ødegård.
  • Festopning for Landslovjubileet

    01:03:14|
    I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Opningsfesten for feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap på scena av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og filolog Magnus Rindal, som har omsett lova frå norrønt til nynorsk i ei ny praktutgåve. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl kjem i kveld og held innlegg. Du får òg høyre utdrag frå den historiske boka, Kim Rysstad skal kvede, og mellomalderensemblet Modus speler musikk.  
  • Historier fra Finnskogen. Panelsamtale

    57:57|
    Antropolog og podkaster Miriam Aurora Hammeren Pedersen, forfatter og kulturjournalist fra Kirkenær Kine Jeanette Solberg og skogfinne og direktør for Norsk Skogfinsk Museum, Dag Raaberg snakker om fornorskningen skogfinnene historisk ble utsatt for, om den særegne kulturen og naturen og om hvordan det er å være fra et sted som kulturfolk i urbane strøk plutselig interesserer seg for, etter å ha vært i skyggen av nasjonens majoritetskultur i flere hundre år. Samtalen ledes av musikkjournalist og Finnskogen-entusiast Martin Bjørnersen. Til slutt får vi et innlegg om den tradisjonsrike retten silppu av familiebedriften Minimäki.