Share

cover art for Sliter du med søvnen?

Søvnpodden

Sliter du med søvnen?

Season 1, Ep. 1

Har du problem med søvnen? Då er ikkje du åleine!


Så mange som ein fjerdedel av folket rapporterer om kroniske søvnproblem. Det er over ein million nordmenn det!

I denne første episoden av Søvnpodden har vi invitert sjefen vår, professor og søvnlege Bjørn Bjorvatn, til å snakke om små og litt større søvnproblem, kva du kan gjere med det, og kor du kan få hjelp.

More episodes

View all episodes

  • Gratulerer med (søvn)dagen!

    11:56||Season 1
    Kvart år i mars markerar vi Verdens søvndag over hele globen/plata, for å framme bevisstheit om søvnen sin betydning for helse og velvære. Tema for 2025 er «Make sleep health a priority», som på norsk vil sei noko sånt som «Prioriter søvnhelsa di». Men kva er egentlig søvnhelse?  I denne mini-episoden av Søvnpodden, spelt inn i anledning Verdens søvndag, snakkar vi søvnhelse: Kva er det, korleis ivaretar vi det, og kvifor er det viktig?  Gratulerer med (søvn-)dagen!
  • 17. Pustestopp og CPAP

    33:53||Season 1, Ep. 17
    Søvnapné betyr pustestopp under søvn, og det er jo ikkje særlig gunstig for søvn og helse. Heldigvis finst det veldig god behandling! CPAP er ei maskin som, via ein slange og ei maske, blåser (forsiktig) luft inn i nase og munn for å halde luftvegane opne når du søv. I denne episoden fortel lungesjukepleiar Hilde Tveit deg alt du treng vite om CPAP, anten du nettopp har fått diagnosen søvnapné og skal starte behandling, eller du er ein erfaren CPAP-bruker, eller om du deler soverom med nokon som bruker CPAP.
  • Bonusepisode: Spørsmål og svar om CPAP

    20:41||Season 1
    Denne bonusepisoden er spesielt for deg som bruker CPAP, kjenner nokon som bruker CPAP, eller jobbar med nokon som bruker CPAP. Alle andre kan finne seg noko anna å høyre på. I bonusepisoden svarer lungesjukepleiar Hilde Tveit på vanlige spørsmål om alt frå bruk av CPAP, kva behandlinga inneberer, korleis du vedlikeholder CPAP-utstyret, korleis du reiser med CPAP, og heilt til dei mest vanlige problemema knytt til bruk av CPAP. 
  • 16. Ta søvnhygienen din på alvor!

    23:01||Season 1, Ep. 16
    Søvn er avgjerande for god helse. For å ha god søvn og førebyggje søvnproblem er det viktig med god søvnhygiene. Men kva betyr det egentlig å ha god søvnhygiene?                                                                                          I denne episoden av Søvnpodden forklarar vi kva søvnhygiene er, og vi serverer deg alle søvnhygieneråda du treng for å legge til rette for god søvn i kvardagen. Og ikkje minst – vi forklarer KVIFOR råda er viktige og KORLEIS dei påverkar søvnen din. Lytt til episode 16: Ta søvnhygienen din på alvor!
  • 15. Søvn hos eldre

    26:20||Season 1, Ep. 15
    Denne episoden av Søvnpodden er for deg som er gammal, eldre eller eldst. Men óg for deg som kjenner nokon eldre, som ein dag har tenkt å bli gammal eller som jobber med dei aller eldste. For kva skjer egentlig med søvnen når vi grånar, og kva kan vi gjere for å sove så godt som mogleg i denne delen av livet? Søvnpodden har snakka med geriater og forskar Marit Stordal Bakken om søvn og søvnproblemer hos eldre - frå den spreke og yrkesaktive 65-åringen til den 90-årige sjukeheimspasienten med stort omsorgsbehov. Og som ein bonus får du ei innføring i korleis ulike vanlige medikament påvirker søvn. Marit er nemlig ekspert på eldre og legemiddel!  
  • 14. Vinterdepresjon

    26:14||Season 1, Ep. 14
    Synes du høst- og vintermånadane er lange og mørke? Er du nedstemt, lite opplagd, og kjenner på søtsug og alltid trang for enda meir søvn? Då er denne episoden av Søvnpodden for deg! Vinterdepresjon er ein form for depresjon som dukkar opp i dei mørke månadene av året, og pregar deg med auka matlyst og søvnbehov, i tillegg til vanlege symptom på depresjon som nedstemthet, negative tankar og tiltakslause.  I denne episoden av Søvnpodden har vi snakka med psykiater og søvnlege Fred Holsten, som forteller oss korleis vi kan førebygge og handtere vinterdepresjon. Spoileralert: LYS!!!
  • 13. Søvnapper

    24:07||Season 1, Ep. 13
    Stadig fleire bruker smartklokker og søvnapper til å følge med på egen søvn. Dei fortel deg kor mykje du har sove, nokon gir til og med tilbakemelding på søvnkvalitet og søvnstadier, og andre igjen meiner å kunne identifisere (og vekke deg på) det optimale tidspunktet for morgon-våkning. Men kan vi egentlig stole på det desse appane fortel oss? I denne episoden av Søvnpodden snakker vi om kva søvn er, korleis søvn kan målast, og kor pålitelige (eller upålitelige) vi synes søvnapper er. Gjest i studio er professor Bjørn Bjorvatn - sjefen vår - og kanskje Noregs fremste søvnekspert.
  • 12. Søvn og ADHD

    30:07||Season 1, Ep. 12
    Rundt 5 % av barn og unge i Noreg har ADHD. Mange av dei opplever utfordringar i forhold til søvn, samtidig som lite søvn ofte gir ei forverring av ADHD symptoma.Søvnpodden har snakka med Ole Andreas Hovda, barne- og ungdomspsykiater, om dei vanlegaste søvnvanskane barn og unge med ADHD opplever, kvifor søvn er spesielt viktige nettopp for dei, og ikkje minst korleis vi kan hjelpa dei til å sova betre.
  • 11. Skiftarbeid

    28:18||Season 1, Ep. 11
    Skiftarbeid er heilt nødvendig for å halde samfunnshjula i gang, og omtrent ein tredjedel av oss jobbar utanom vanlig dagtid. Dessverre opplever mange skiftarbeidarar utfordringar knytt til arbeidstid. Mest vanlig er problem med søvn og våkenheit. Det kan vare vanskelig å halde seg vaken på arbeid, og kanskje enda vanskeligare å sove når det er tid for søvn. I denne episoden av Søvnpodden forklarer vi kvifor så mange slit med skiftarbeid, og ikkje minst kva du som skiftarbeidar kan gjere for å meistre skiftarbeid best mogleg.