Share

cover art for Jetlag

Søvnpodden

Jetlag

Season 1, Ep. 10

Skal du på reise, men kvir deg for jetlag på eller etter turen? Synest du det er tungt å komme tilbake til kvardagsrytmen når ferien er over? Eller har du jobbreiser der du må fungere godt allereie dagen etter ei reise over fleire tidssoner? I denne episoden av Søvnpodden får du oppskrifta på korleis du kan tilpasse deg ei ny tidssone best og raskast mogleg, anten du skal reise vestover til USA eller austover til Asia. Gjest i studio er professor Ståle Pallesen, ein av Noregs fremste søvnekspertar. God tur!

More episodes

View all episodes

  • 11. Skiftarbeid

    28:18||Season 1, Ep. 11
    Skiftarbeid er heilt nødvendig for å halde samfunnshjula i gang, og omtrent ein tredjedel av oss jobbar utanom vanlig dagtid. Dessverre opplever mange skiftarbeidarar utfordringar knytt til arbeidstid. Mest vanlig er problem med søvn og våkenheit. Det kan vare vanskelig å halde seg vaken på arbeid, og kanskje enda vanskeligare å sove når det er tid for søvn. I denne episoden av Søvnpodden forklarer vi kvifor så mange slit med skiftarbeid, og ikkje minst kva du som skiftarbeidar kan gjere for å meistre skiftarbeid best mogleg.
  • 9. Ungdomssøvn

    29:32||Season 1, Ep. 9
    Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn.
  • 8. Det finnast hjelp

    42:55||Season 1, Ep. 8
    Dette er episoden du har venta på! Søvnpodden losar deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap, og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand. Med oss i studio er Bjørn Bjorvatn, kanskje den i Noreg med mest erfaring innafor ikkje-medikamentell behandling for kronisk insomni. Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite!
  • 7. Søvn i overgangsalderen

    31:35||Season 1, Ep. 7
    Er du kvinne i 40-50 åra og opplever du søvnvansker? Eller kanskje du kjenner eller bur saman med ei? Då bør du lytte til denne episoden av Søvnpodden! Søvnproblem er nemlig et vanlig symptom i overgangsalderen, og det er det ikkje alle som veit. For å lære meir om dette har Søvnpodden hatt besøk av Anita Prante (forfattar av "Menopauseboka"), som nærast boblar over både av kunnskap om overgangsalderen og engasjement for folkeopplysing.
  • 6. Hjernevask, astrocyttar og demens

    19:31||Season 1, Ep. 6
    Denne episoden er for deg som vil vite enda meir om kva som skjer i hjernen når vi søv. Rune Enger er hjerneforskar og introduserar astrocytter (stjerneceller!) til vokabularet ditt - desse hjelper hjernen i å kvitte seg med avfallsstoff under søvn. Det er nesten som om hjernen slår på ei vaskemaskin når vi sovnar. Så enkelt, men likevel så komplisert, og viktig! Hjernevask kan nemlig forklare kvifor lite søvn ser ut til å auke risikoen for demens...
  • 5. Snorkepodden!

    24:08||Season 1, Ep. 5
    Søvnapné (episodar med pustestopp under søvn) er ein av dei vanligaste søvnsjukdomane våre. Søvnpodden har besøkt Harald Hrubos-Strøm, øyre-nase-hals-lege og søvnforskar, for å lære meir om kva som skjer ved pustestopp (under søvn) og om korleis søvnapné kan behandlast. Harald fortel entusiatisk - både om CPAP og alternative behandlingsmetodar. Mykje å lære, både for pasientar og pårørande!
  • Bonusepisode: Helsesista!

    25:30||Season 1
    Kva er ungdom opptatt av når det gjeld søvn?Det har Helsesista, heile Noreg si helsesøster på sosiale medier, freista å finne ut av. I denne første bonusepisoden av Søvnpodden tar ho styringa i studio, med ein bunke spørsmål hun har fått frå følgarane sine. Ingvild og Siri frå Søvnpodden blir gjester i studio, og svarer på spørsmålene etter beste evne.Tidspress, tankekjør, mareritt og skjermbruk vert nokre av temaa.
  • Kven/kva er Søvnpodden

    04:33||Season 1, Ep. 0
    Søvnpodden er ein podkast for alle som søv. Og det gjer jo dei aller fleste av oss, kvar eineste natt. Om du likevel er usikker på om dette er ein podkast for deg, og ikkje er heilt klar for å hoppe til sengs med framande sånn heilt utan vidare, føreslår vi at du lytter til denne lille snutten. Her kan du bli litt kjent med oss i Søvnpodden, kva vi driv med og kva vi tenker å snakke om i episodane framover (spoiler: det har med søvn å gjere).