Share

cover art for Sommarspesial

Språkoppdraget

Sommarspesial

Vi rundar av sesongen med ein liten sommarprat internt i Språkoppdraget-redaksjonen. Produsent Ole Herman får kjenne på korleis det er å vere programleiar. Inger Johanne blir avslørt som trønder og Erlend avslører ei fortid i danseband. Vi mimrar tilbake til gullkorn frå vårsesongen, snakkar om ferieplanar og lesetips.

I tillegg svarar vi på spørsmål frå lyttarane. Med ønske om ein riktig god ferie til alle!

More episodes

View all episodes

  • Språkoppdragets julestrømpe!

    39:13|
    Dei rolege juledagane er endeleg her, og kva er vel betre enn å lytte til Språkoppdragets julespesial mens du et noko søtt før frukost? Vi har fylt opp ein liten julestrømpe med juleknask av aller beste sort. Vi snakkar om den jula Ivar Aasen snødde inne i Ørsta og den nyårsaftanen han gjekk seg vill på Oslo Vest, om kvifor Hulda Garborg grudde seg til jul og om kva Arne Garborg hadde imot juletre. Lurer du på kva Hulda Garborg gav Arne i gåve tre år på rad, korleis den første julefeiringa deira i lag var, eller kva slags juleting Ivar Aasen samla på? Vennane våre i Aasentunet i Ørsta og på Garborgsenteret på Bryne fortel oss om korleis desse tre nynorskheltane feira jul. Vi tar også eit dykk i arkivet, eit dykk i godteskåla med julekaramellar i studio, og vi mimrar om året som har gått og hentar fram klipp frå tidlegare julesendingar.Språkoppdraget er din beredskapsvenn i jula. Her skal ingen vere julelaus. God jul!
  • Julehefte spesial

    53:55|
    Dei årlege julehefta er eit viktig element i julefeiringa for mange. Juleheftet har ein lang tradisjon i Noreg, med røter tilbake til 1800-talet. Det første teikneseriejuleheftet, med det amerikanske søskenparet Knoll og Tott, kom i 1914. Men vi har også fire nynorske hefte som har vore med oss, meir eller mindre årleg, sidan 1940-åra. I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi med Nana Rise-Lynum frå Norsk barneblad og Kjartan Helleve frå Fonna Forlag, som gir ut nokre av dei aller eldste teikneseriehefta vi har i Noreg: Smørbukk (1941), Tuss og troll (1945), Vangsgutane (1941) og Ingeniør Knut Berg (1945).Dei to forvaltar ein sentral del av norsk juletradisjon og kulturarv, og det som har vore ein sentral reiskap i målkampen og ei viktig inntektskjelde. Men kan norske folkeeventyr vere for dryge for vår tid? Kan Smørbukk vere på Facebook? Kan mora til Vangsgutane gifte seg med Sterk-Ola? Alt dette kjem vi inn på i denne episoden. Vi lurer også på kor i Noreg folk les mest julehefte og korleis framtida ser ut for denne tradisjonen. Og når ein arbeider med julehefte heile året – les ein da julehefte til jul? 
  • Gina Bernhoft Gørvell om Sonja, samurai og Snøsøstera

    01:03:04|
    I denne episoden av Språkoppdraget har vi fått ein ny skodespelarkollega frå Det Norske Teatret i studio. Gina Bernhoft Gørvell kom rett til Det Norske Teatret frå skodespelarutdanninga på KhiO for fem år sidan. Sidan har ho spelt ei rekke ulike roller på alle scenane våre. No før jul er ho aktuell i to roller, Hedvig i Snøsøstera, og den nesten ordlause rolla skuggesøstera i Jente, 1983.Korleis er det å spele ei framsyning 100 gonger og kva gjer kvar framsyning spesiell? Kva er forskjellen på ei rolle med mykje tekst og ei rolle utan tekst, og kvifor synest Gina det er viktig å spele teater for barn?Vi snakkar sjølvsagt også om nynorsk, om dei vestlandske røtene og kven Gina trur ho ville vore om ho vaks opp på Vestlandet. Kva var det som gjorde at Gina melde seg inn i Norsk Målungdom da ho gjekk på Oslo katedralskole, kva gjer at ein tekst festar seg og kvifor nokre tekstar er vanskeleg å lære seg, og kva var det som skjedde den gongen ho skjønte at ho skulle drive med teater?Denne hausten svingar Gina også samuraisverdet og snakkar flytande japansk på TV. Eller gjer ho eigentleg det? Ho tar oss med inn i universet til gamaren Ida, hovudrolla som ho speler i NRK-serien Dates in real life, og fortel om korleis ho førebudde seg til rolla. Vi snakkar om forskjellane mellom TV og teater, og om korleis det er å spele ein ekte person. Neste år kjem nemleg serien Harald og Sonja, der Gina speler sjølvaste Sonja Haraldsen, i dag meir kjent som dronning Sonja. Det kan også hende du får eit glimt av både Jon Fosse og Olav H. Hauge i denne episoden og ei avsløring om den aller første rolla Gina hadde på TV. Stikkord: JUL! Høyr meir om det i Språkoppdraget. 
  • Sveinung Rotevatn om maktspråk, jusspråk og nynorsk i Grunnlova

    01:06:15|
    Dagens gjest er kjent frå ein annan scene enn teaterscenen, nemleg den politiske scenen, men han har også mange andre talent. Han har både sete ved kongens bord og ikkje minst spelt i kongens eige korps. Han er fløytist, pianist og jurist, men er mest kjent som nestleiar i Venstre, stortingsrepresentant og tidlegare statsråd. I denne episoden av Språkoppdraget tek Sveinung Rotevatn oss med bak kulissane i politikken og inn i maktas korridorar. Korleis er det eigentleg å vere profesjonell kranglar og korleis er forholdet mellom politikarane utanfor Dagsnytt 18-studioet? Blir ein opposisjonspolitikarar nokon gong lei av å vere kritisk til regjeringa og kva gjer politikken med språket ditt? Vi får eit krasjkurs i parlamentarisk språk, og blir faktisk nøydde til å klubbe gjesten for uparlamentarisk språkbruk. Rotevatn, som er nybakt luteigar i Det Norske Teatret og leiar i Løvebakken mållag, fortel om kvifor han har foreslått å få norsk språk inn i Grunnlova, om kvifor det ikkje står noko om språk der frå før og kva han meiner er godt jusspråk. Han snakkar også ut om si største dialektfrykt, om kvifor det er lurt å komme frå Vestlandet om du skal bli god i engelsk og kvifor han aldri har vurdert å skifte frå nynorsk til bokmål. Vi er også innom kvifor det er lurt å gi bort medlemsskap i Grand Prix-klubben i dåpsgåve og om han var fornøgd eller misfornøgd med å ryke først ut av TV2-programmet «Norges dummeste» i haust. Består Sveinung Rotevatn VG-testen? Det finn du ut i denne episoden av Språkoppdraget. 
  • Heidi Gjermundsen Broch om stemmebruk, tekst og kontekst

    01:00:51|
    Endeleg er det sesongopning av Språkoppdraget, og den første gjesten vår denne hausten er ein god kollega, som neste år feirar sølvbryllaup med Det Norske Teatret. Då har nemleg skodespelar Heidi Gjermundsen Broch jobba ved teateret i 25 år. Ho har spelt og sunge store roller i store musikalar, og har også spelt ei rekke andre roller på scenane våre sidan ho byrja jobbe her i år 2000. I denne episoden av Språkoppdraget kjem Heidi rett frå prøvar på stykket Eg føreslår av vi vaknar, basert på romanen Jeg foreslår at vi våkner av Beate Grimsrud, der ho speler hovudrolla som Vilde Berg. Ho tar oss med inn i prøveprosessen tre veker før premiere, fortel om korleis det er å lage teater av ein ny scenetekst, om kva det er med språket til Beate Grimsrud som er så fascinerande, og Heidi forklarar oss korleis ho lærar seg tekst. Det handlar om kontekst.I denne episoden av Språkoppdraget får vi også høyre om korleis nynorsken hjelpte Heidi med å finne tilbake til Råde-dialekta og korleis dei to språka passar i lag, kva det har kosta å spele i store musikalroller - utan at det har vore eit offer – og kvifor det er viktig for ho, og vi får høyre om kva rolle som har betydd mest for ho. Vi snakkar også om pust, om boksing, om den største forskjellen på å synge og snakke på scenen, vi er ein tur innom Heidi på engelsk, og vi snakkar om korleis Heidi Gjermundsen Broch fann vegen inn i teateret. 
  • Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

    01:19:10|
    Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autografar på fest? Kor mykje makt har ho eigentleg over språket? Kor mange gonger for dag brukar ho sjølv ordboka og ordlista, og kva er eigentleg forskjellen på dei to? Kor redd blir du for å skrive feil når du er sjef for sjølvaste ordboka? Og er eigentleg boka betre enn musikalen? I Språkoppdraget går vi inn i historia frå Ivar Aasen og fram til den ordboka vi har i dag, slik ho eigentleg er, dukkar litt djupare ned i kløyvd infinitiv og snakkar mykje om korleis ein eigentleg redigerer ei ordbok. Kva skal til for å få inn eit ord, korleis endrar eit ord skrivemåte, og kan eit ord forsvinne frå språket? Med ein ordbokredaktør i studio er det naturleg å komme inn på dei vanlege skrivefeila våre, dei beste nynorsktipsa og få svar på kva folk eigentleg lurer på om rettskriving. Og har det eigentleg noko å seie om det er menn eller kvinner som redigerer ordboka? Vi får også vite kva ord Margunn Rauset er mest flau over å ha tatt inn i ordlista. Velkommen til ein dryg times djupdykk i ordboka mange av oss les i kvar dag. Du kan høyre podkasten på MP3-spelaren din, nei, orsak; der du høyrer podkast. 
  • Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

    59:50|
    Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk!
  • Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken

    01:02:33|
    Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV.