Share

cover art for Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk

Språkoppdraget

Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk

Season 6, Ep. 4

Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar.


Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel om korleis ho har presentert særnorske fenomen som kveldsmat og brødskive, og meir fosseske fenomen som strilepolet og Jattgeir for italienske lesarar, korleis ho omset dialogar som består berre av pausar og tre ulike måtar å seie ja på, og ho lærer oss om dei grammatiske forskjellane mellom norsk og italiensk som får ho til å rive seg i håret innimellom.


Margherita omset også ei rekke andre forfattarar til italiensk, mellom anna romanane til Karl-Ove Knausgård, og vi snakkar litt om kva som er likt og ulikt mellom dei ulike forfattarskapa, og om det er forskjell på å omsetje frå nynorsk og bokmål. Vi tar også ein tur innom Lyngseidet i Troms, der 17 år gamle Margherita hamna heilt tilfeldig som utvekslingsstudent, og der ho lærte seg norsk språk, norsk kystkultur og taus norsk kaffidrikking. Slett ikkje dumt å kunne når du skal omsetje Jon Fosse.

Og etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget tenker du deg garantert om to gonger før du seier ciao i ein butikk på neste ferie til Italia. 


More episodes

View all episodes

  • 4. Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel

    56:32||Season 6, Ep. 4
    Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar». På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen. I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen. Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug!God lytt! 
  • 3. #2 Redaksjonsmøte - DIFF, Siri og unnskyldning

    25:16||Season 6, Ep. 3
    I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival!
  • 2. Ingerid Stenvold om dialekt, Dagsrevyen og språkstrid

    58:29||Season 6, Ep. 2
    Sesongens første gjest i Språkoppdraget er kjent frå sjølvaste NRK, der ho har losa oss gjennom sportssendingar, debattar og Dagsrevyen dei siste åra, nemleg Ingerid Stenvold. I denne episoden gir ho oss ei grundig innføring i dialekta si frå Indre Troms, og vi rippar opp i den store språkstriden som vart utløyst då Ingerid var den første som fekk bruke dialekt på Dagsrevyen for 15 år sidan. Det vart hevda at dette ville skape stor irritasjon i befolkninga, og no får vi endeleg svaret: Kor irriterte vart vi?I Språkoppdraget fortel Ingerid om sitt nære forhold til Ivar Aasen si ordbok frå 1873 med gotisk skrift, ho står fram som rettskrivingspedant og ho forklarar kvifor hull er lov å seie i sportssendingar på TV, men ikkje høl. Og så skal vi sjølvsagt snakke om stortingsvalet, der Ingerid tar oss med bak kulissane på direktesendt partileiardebatt og valnattsending. Vi snakkar om politikarspråk og programleiarspråk, om kva som er lov og ikkje lov å seie på tv, om gode og dårlege spørsmål, og vi skal ein gong for alle avlive myten om at programleiaren i Dagsrevyen berre les opp nyheitene. 
  • 1. #1 Redaksjonsmøte - Ny sesong!

    30:52||Season 6, Ep. 1
    Ny sesong av Språkoppdraget, og no i ny drakt! Vi oppsummerer sommaren, kva som skjer på teateret i desse dagar og vi avslører neste gjest.Spørsmål og tips kan sendast til sprakoppdraget@detnorsketeatret.no eller på sprakoppdraget på IG! God lytt!
  • Frida Ånnevik om cover, knoting og bluesadvokatar

    01:01:33|
    Frida Ånnevik har komme over frykta for å gå tom for idear, og har minst fem låtar i hovudet som berre skal ut. Den allsidige musikaren og tekstforfattaren har gitt ut seks album og har peishylla full av Spelemannsprisar. Ho jobbar i eit vidstrekt musikalsk landskap med coverlåtar, samarbeid og heilt eigne prosjekt.   For tida kan du oppleve hennar gjendikting av musikalen Once som speler på Det Norske Teatret. Der fekk ho skrive tekstlinjer som «Ein lekk og hjartebroten sugen, trugen støvsugar.» Men også gjendikte den Oscar-vinnande låta «Falling Slowly», som i versjonen til Ånnevik blei «Styrte sakte». Dessutan får vi lære om fenomenet «bluesadvokat». I denne episoden av Språkoppdraget snakkar vi om skilnaden på google translate og gjendikting, om korleis Spice Girls og Janis Ian høyrest ut på norsk, og kvifor Beyoncé ligg i skrivebordsskuffa til Ånnevik enn så lenge. Vi får høyre om korleis Ånnevik arbeider fram tekstar og musikk, og ho kjem med gode råd til andre som vi vere skapande. For om du drøymer om å bli ein «one hit wonder», er det gode sjansar for at det kan skje. Frida Ånnevik trur nemleg at alle folk har ein låt i seg. 
  • Eurovision-spesial!

    01:05:42|
    Det er høgsesong for paljettar, vindmaskin og modulasjonar, og Språkoppdraget nyttar høvet til å invitere til ein Eurovision Song Contest-spesial. 17. mai er det finale i Basel, og i studio har vi har fått med oss to av Noregs største ESC-fans, Simen Formoe Hay og Johan Hveem Maurud. Dei står bak suksessframsyninga Europavisjonar som speler for fulle hus på Det Norske Teatret.Kven skulle trudd at årets teatersnakkis skulle vere Boris Jeltsin i sølvhotpants og Erdoğan som sexy magedansar? Det er berre å konstatere at ein ellevill ide har blitt ein ellevill suksess, og i denne episoden snakkar Simen og Johan om prosessen med å lage Europavisjonar. Dei fortel om korleis det var å sjå at nyheitsbildet tangerte fiksjonen timar før premieren, og korleis dei har klart å få eit danna teaterpublikum til å ikle seg paljettar og heie på syngande og dansande politikarar.I denne episoden av Språkoppdraget dykkar vi djupt ned i fankulturen til Eurovision Song Contest. Kva er den optimale ESC-finalen? Korleis er det mogleg å elske ‘Mello’ men hate Sverige? Kva plass har språket i Eurovision? Kvifor drøymer Simen om ein ESC-finale i Holmenkollen? Kva er Noregs sjansar i årets konkurranse og kven får ‘douze points’ frå Simen og Johan?Med to språkglade gjester i studio, blir det både gloser på islandsk, hylling av morsmål og kjærleik til nynorsk.Velkommen til Språkoppdraget – Eurovision-spesial! 
  • Peer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningar

    01:05:28|
    Ein ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen mot menneska, om prosessen med å lage ei teaterframsyning og om språkprosessar både i og utanfor teateret.  Dei siste månadane har Peer laga ei framsyning ved hjelp av kunstig intelligens, og vi snakkar om korleis det er å regissere ein KI, kva språklege utfordringar han har møtt på i prosessen og kva Peer tenker om kunstig intelligens etter å ha blitt betre kjent med fenomenet. Er han hekta eller redd, føler han seg trua eller oppløfta? Og kva trur han KI kan gjere med språket vårt, og særleg med nynorsk? Den naturlege intelligensen vår får mykje å bryne seg på i denne episoden. Peer tar også lyttarane med inn i prosessen med å lage ei teaterframsyning. Til hausten skal han sette opp si første barneframsyning nemleg Den uendelege historia av Michael Ende på Hovudscenen på Det Norske Teatret, der den menneskelege fantasien står i fokus. Han fortel om korleis han førebur seg til ei framsyning, om korleis han jobbar med teksten, språket og skodespelarane, om kva som er det kritiske punktet i prøveperioden og når det lonar.  Vi snakkar også om forskjellen på nyskriven dramatikk og klassikarar, om korleis manglande kompetanse på amerikanske dialektar stakk kjeppar i hjula for skodespelarkarrieren til Peer i USA, og om kvifor han meiner nynorsken er ein styrke for han som regissør i dag. Ein fin episode for deg som har vitehug!
  • Jakob Höglund om irsk musikk, finsk grammatikk og nynorsk romantikk

    59:10|
    Årets første gjest i Språkoppdraget kjem frå Finland, men lærte seg finsk først i vaksen alder. Skodespelar, dansar, koreograf, regissør og teatersjef Jacob Höglund er fødd og oppvaksen i Österbotten i Finland, der finlandssvensk er det dominerande språket. Om lag 300 000 finnar har finlandssvensk som morsmål, og i Språkoppdraget fortel Jacob om korleis det er å vekse opp i Finland utan å snakke finsk, om kvifor han takka nei til å gå i finsk barnehage då han var 5, og korleis teateret fekk han til å bli tospråkleg. Vi lærer meir om den finske språksituasjonen, om forskjellar på finlandssvensk og svensk, og får ein smakebit av finsk grammatikk.Jacob, som til dagleg er teatersjef på Lilla Teatern, Helsingfors Statsteaters svenskspråklege scene, har ikkje reist eins ærend til Oslo for å vere med i Språkoppdraget. Han er på Det Norske Teatret for å regissere musikalen Once på Scene 2, som har premiere 1. februar. Vi kjenner litt på premierenervane til regissøren, og snakkar også om forskjellane på å sette opp Once på finlandssvensk, finsk og nynorsk. Jacob har nemleg gjort Once på alle desse språka. Vi ser på forskjellar i gjendiktingane av musikalen, som opphavleg er skriven på engelsk, snakkar om likskapane mellom finlandssvensk og nynorsk, og om kva to teater med eit særskilt språkoppdrag har til felles.