More episodes
View all episodes

Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over
01:06:46|Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra. At Marianne Krogh eigentleg er frå Bergen, kan du ikkje høyre. Dialekta måtte ho legge frå seg da ho starta på nynorskteateret. Det var hard jobbing og lange turar i skogen. I dag er språkidealet annleis. Likevel har ho halde på austnorsken. Men av og til snik det bergenske gemytt seg fram. For eksempel når ho tenker at Henrik Ibsen er ein speidar. I Språkoppdraget snakkar ho om nervane som alltid kjem før ho skal på scenen, om kvifor ML-rørsla frårådde ho å bli skodespelar, og om den gongen Se&Hør ville ta bilde av henne naken på scenen. Tre gonger har ho vore nominert til Heddaprisen for beste medspelar, og i podkasten fortel ho om kva som gjer eit ensemble godt. Marianne Krogh har ikkje ei draumerolle, men kunne godt tenkt seg å spele mann.
Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre
01:04:35|Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk. I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store biografien om Hulda Garborg, som ho fekk Brageprisen for. Hulda Garborg var eit imponerande driftig menneske. Ho var ein pioner i landsmåldramatikken, gav ut den første kokeboka på landsmål og var eit idol for landsmålungdommen. Likevel blei ho ikkje rekna med i arbeidet med den norske språket. Mannen hennar, Arne, meinte grunnen var at ho blei rekna som «bymenneske» og derfor ikkje snakka «norsk» nok. Men Hulda sjølv hadde nokre kontroversielle meiningar om bruksområdet for landsmålet. I si tid fekk ho kanskje ikkje den merksemda ho fortente. Men arven etter henne ser vi overalt i dag. Hulda Garborg var heilt sentral i norskdomsbygginga som skjedde i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ho blir kalla bunadens mor, og ville nok elska det mangfaldet av bunader vi ser på 17. mai i vår tid, spesielt dei som er sjølvsydde.Ho var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i ei lang rekke saker. Der enkelte sat og diskuterte grammatikk, ville Hulda Garborg vise kor allsidig landsmålet og den norske kulturen var. Det gjorde ein best gjennom teateret. Dermed starta ho Det Norske Spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret.
Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket
57:12|Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles?Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og fremst har dei dagens gjest i Språkoppdraget til felles! Fredrik Island Gustavsen jobbar til vanleg i NRK med direkteteksting, men under Vinter-OL er han kommentator i kunstløp.I denne episoden snakkar vi om språk i høg fart – og om kunsten å lande både hopp og setningar stødig.
Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet
59:34|Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt.I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til Fugøetribunalet og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke Kommunion. Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Marie om si aller første rolle, som fekk henne til å velje teateret, om korleis ho brukar eigne erfaringar i arbeidet med nye karakterar, og kvifor det faktisk var heilt riktig å bade rundt i vaffelrøre i Unge Werthers lidingar.Vi snakkar om nordlendingar og banning (myte eller fakta?), om å pugge manus i ring på stovegolvet, og om at ho i haust skal ha regi på sin aller første musikal!Marie blir framleis kjent igjen som kona til Vidar Magnussen frå NRK-serien Side om side. Vi snakkar om kinopremiere og raud løpar, kulturpolitikk, den tapte tenåringsromanen ingen får lese, og coverlåtar på nynorsk med bandet The Young Suffering Ensembla.
6. Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck
57:07||Season 6, Ep. 6Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentleg dei skottande rottene?I denne episoden får du vite kva ‘puppar’ og Manchester United har til felles, kor namnet avokado kjem frå, og kva opphavet til det universelle «OK» er.Ragnhild Holmås er Noregs første kvinnelege Donald-forfattar, og har skrive fleire historier for Donald Duck & Co som er omsett til fleire språk. Ho har ein personleg vendetta mot svada og stivbeint språk, men er ikkje glad i streng peikefinger og raudpenna.Holmås er Språkoppdragets første gjest med ein Riksmålspris. Heldigvis er ho også medlem i Noregs mållag.Velkommen til ein episode der hugskotta kjem på rekke og rad og språkentusiasmen sit laust!
4. Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel
56:32||Season 6, Ep. 4Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar». På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen. I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen. Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug!God lytt!
4. Margherita Podesta Heir om omsetjing, Jon Fosse og italiensk grammatikk
01:00:58||Season 6, Ep. 4Mange omsetjarar på like mange ulike språk bidreg til å bringe Jon Fosse sin dramatikk og prosa ut i verda. Og med det også eit stykke norsk kultur. Men det er ikkje alt som er like enkelt å få over til lesarar på andre språk. Vi inviterte den italienske omsetjaren til Fosse, Margherita Podesta Heir til Språkoppdraget for å lære meir om korleis ho jobbar.Den dedikerte og erfarne omsetjaren fortel om korleis ho har presentert særnorske fenomen som kveldsmat og brødskive, og meir fosseske fenomen som strilepolet og Jattgeir for italienske lesarar, korleis ho omset dialogar som består berre av pausar og tre ulike måtar å seie ja på, og ho lærer oss om dei grammatiske forskjellane mellom norsk og italiensk som får ho til å rive seg i håret innimellom.Margherita omset også ei rekke andre forfattarar til italiensk, mellom anna romanane til Karl-Ove Knausgård, og vi snakkar litt om kva som er likt og ulikt mellom dei ulike forfattarskapa, og om det er forskjell på å omsetje frå nynorsk og bokmål. Vi tar også ein tur innom Lyngseidet i Troms, der 17 år gamle Margherita hamna heilt tilfeldig som utvekslingsstudent, og der ho lærte seg norsk språk, norsk kystkultur og taus norsk kaffidrikking. Slett ikkje dumt å kunne når du skal omsetje Jon Fosse.Og etter å ha høyrt denne episoden av Språkoppdraget tenker du deg garantert om to gonger før du seier ciao i ein butikk på neste ferie til Italia.
3. #2 Redaksjonsmøte - DIFF, Siri og unnskyldning
25:16||Season 6, Ep. 3I dagens redaksjonsmøte får vi besøk av kollega, dramaturg og Fossefestival-general Siri Løkholm Ramberg. DIFF står for døra, og Siri tek oss gjennom programmet og alt vi kan gle oss til i årets festival!
