Share

cover art for Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

Språkoppdraget

Ordbokredaktør Margunn Rauset om Nynorsk ordliste, kløyvd infinitiv og MP3-spelarar

Spynorsk. The Musical hadde premiere i april og speler i vår for fulle hus på Det Norske Teatret. I denne episoden av Språkoppdraget tar vi for oss boka bak musikalen, nemleg Nynorsk ordliste. På premierefesten til Spynorsk. The Musical var det to personar som stod i fleire timar og skreiv autografar, og det var dei to redaktørane av nettopp Nynorsk Ordliste. Ei av dei er leksikograf Margunn Rauset, som også er hovudredaktør for Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nettet. Vi har invitert henne til Språkoppdraget for å fortelje om livet som ordbokredaktør. Skriv ho alltid autografar på fest? Kor mykje makt har ho eigentleg over språket? Kor mange gonger for dag brukar ho sjølv ordboka og ordlista, og kva er eigentleg forskjellen på dei to? Kor redd blir du for å skrive feil når du er sjef for sjølvaste ordboka? Og er eigentleg boka betre enn musikalen?

 

I Språkoppdraget går vi inn i historia frå Ivar Aasen og fram til den ordboka vi har i dag, slik ho eigentleg er, dukkar litt djupare ned i kløyvd infinitiv og snakkar mykje om korleis ein eigentleg redigerer ei ordbok. Kva skal til for å få inn eit ord, korleis endrar eit ord skrivemåte, og kan eit ord forsvinne frå språket? Med ein ordbokredaktør i studio er det naturleg å komme inn på dei vanlege skrivefeila våre, dei beste nynorsktipsa og få svar på kva folk eigentleg lurer på om rettskriving. Og har det eigentleg noko å seie om det er menn eller kvinner som redigerer ordboka? Vi får også vite kva ord Margunn Rauset er mest flau over å ha tatt inn i ordlista. Velkommen til ein dryg times djupdykk i ordboka mange av oss les i kvar dag. Du kan høyre podkasten på MP3-spelaren din, nei, orsak; der du høyrer podkast. 


More episodes

View all episodes

  • Sommarspesial

    34:24
    Vi rundar av sesongen med ein liten sommarprat internt i Språkoppdraget-redaksjonen. Produsent Ole Herman får kjenne på korleis det er å vere programleiar. Inger Johanne blir avslørt som trønder og Erlend avslører ei fortid i danseband. Vi mimrar tilbake til gullkorn frå vårsesongen, snakkar om ferieplanar og lesetips.I tillegg svarar vi på spørsmål frå lyttarane. Med ønske om ein riktig god ferie til alle!
  • Preben Hodneland om Fosse, pausar og prosess

    59:50
    Eigentleg var Preben Hodneland godt i gang med ein yrkeskarriere som prosessteknikar i oljeindustrien på Mongstad, då han kom inn på teaterhøgskolen på tredje forsøk. Han forlet tal, maskinar og den litt harde kommunikasjonsforma i industrien på Vestlandet, og reiste til Oslo for å komme i kontakt med sine eigne kjensler gjennom dei kunstnarlege prosessane på skolen.I år er det 10 år sidan Preben debuterte som profesjonell skodespelar, og på dei åra har han gjort ei rad ulike roller her på Det Norske Teatret, frå steppande misjonær i Uganda i The Book of Mormon til tittelrolla i Raskolnikov, der han speler ein lutfattig og febril mordar. Han har vunne norsk teaters mest høgthengande pris, Heddaprisen to gonger for beste medspelar og ein gong for beste hovudrolle. No speler han endeleg i eit stykke av ein annan vestlending han har stor respekt for, Jon Fosse.Preben kjem til opptak av Språkoppdraget rett frå ei framsyning av Einkvan, det nyaste Fosse-stykket, og fortel oss om rutinane sine før og etter ei framsyning. Vi snakkar også om korleis det er å gyve laus på den første urpremieren til Fosse etter at han fekk Nobelprisen, vi dykkar ned i språket og pausane til Fosse og inviterer oss sjølve inn i hovudet til Preben for å forstå korleis han går inn i rollene han speler, om kvifor han alltid forsvarar karakteren sin, uansett kor patetisk han er, og om kva som er den største forskjellen på å spele hovudroller og biroller.Vi snakkar om pugging av tekst, om kva som skil ein lang pause frå ein ganske lang pause, om kva som er best av teater og film, om kvifor Preben har slutta med teiknsetting i skrift, om korleis dialekta hans har tolt flyttinga til Oslo, kva som ville vore den ultimate musikalrolla for Preben Hodneland og kva han følte den gongen han fekk kjeft av Jon Fosse. Velkomne til ein god og nerdete prat om teater og språk!
  • Ingrid Bjørnov om språk, musikk og mikken til pauken

    01:02:33
    Som barn av to lærarar er Ingrid Bjørnov oppteken av språk og rettskriving. Men akkurat teiknsettinga er ho berre oppteken av på vekedagar. Ho har vore kjendis sidan ho var tenåring, vore popstjerne med filler i håret, innført stilleståande skigåing som dansetrinn i Grand Prix og blitt bannlyst i Nederland for vanæring av Mozart. No er ho aktuell med ein heilt ny musikal om Ivar Aasen, i tospann med Are Kalvø.I denne episoden av Språkoppdraget får du høyre om prosessen med å lage musikal. Kva er ein god prolog? Kan ein bossanova kan vere uironisk? Og kvifor er det viktig at symbalen ikkje gir gjenhøyr i mikken til pauken? Vi måler stemninga berre nokre dagar før urpremieren på Spynorsk. The Musical.Du får også vite kvifor Ingrid Bjørnov helst ser sportssendingar utan lyd, korleis det var å møte ABBA-politiet, og om det eigentleg er mogleg å ete ei pølse med lompe på tvers, samtidig som ein blir intervjua på TV. 
  • Frank Kjosås om stemmebruk, språkval og Ivar Aasen

    53:02
    Frank Kjosås har spelt både Jesus, Judas og Hitler og hatt ei rekke store musikalroller på scenen på Det Norske Teatret. No står ein ny historisk person for tur. I vår speler han nemleg sjølvaste Ivar Aasen i den nyskrivne musikalen Spynorsk. The Musical av Are Kalvø og Ingrid Bjørnov. I tillegg jobbar han mykje med dubbing og å lese inn lydbøker, og i denne episoden av Språkoppdraget snakkar Frank om stemmebruk, språkval, om rollene han liker best og om kva det er som gjer at han aldri greier å hugse teksten på O, helga natt og andre kjente songar, men lærer seg melodiane til Ingrid Bjørnov utanåt i løpet av ein føremiddag.I Språkoppdraget fortel Frank også om norsklæraren som fekk han til å innsjå at han faktisk kunne og måtte bli skodespelar, om stemmebrukslæraren som lærte han å bruke stemma si rett, og om kvifor han bytte ut ordet innleving med oppleving og fekk det mykje betre som skodespelar. Vi får eit lynkurs i dialektovergang og lærer om korleis Frank ser an eit rom og tilpassar stemma si etter det.Den språkmedvitne skodespelaren snakkar også om korleis det er å følgje språkutviklinga til dei to 3-åringane han er pappa til, og han fortel om skriveprosessen han er midt i, og likskapane mellom å skrive roman og lage teater. Stikkordet er oppleving. Vi håpar og trur at denne episoden av Språkoppdraget skal vekkje åtgaum hos lyttarane våre. 
  • Peder Lofnes Hauge om nynorsk, spynorsk og superhelten Ivar Aasen

    50:05
    Peder Lofnes Hauge skribla aldri spynorsk mordliste på den nynorske ordlista si då han gjekk på skolen. Han vaks nemleg opp omgjeven av nynorsk i Gloppen i Nordfjord, hadde nynorsk som hovudmål gjennom heile grunnskolen og vidaregåande skole, og har alltid vore glad i språket sitt. Men det var ikkje før han kom til Bergen som student at han vart nynorskaktivist. Då opplevde han for første gong å vere i mindretal og at han måtte forsvare språket sitt i mange ulike samanhengar.Det har han halde fram med, for no er Peder Lofnes Hauge leiar i Noregs Mållag, eit verv han har hatt i fire år. På landsmøtet til Mållaget i april tar han attval til leiarvervet, og i denne episoden av Språkoppdraget får han snakke om det han er aller mest opptatt av, nemleg nynorsk. Vi snakkar om nynorsk i medvind og nynorsk i motvind; om kva det er som gjer at medlemmane strøymer til Noregs Mållag for tida, kva Noregs Mållag eigentleg driv med, kvifor digitalisering er ei utfordring for nynorskopplæringa, kva det har å seie for nynorsken at Jon Fosse vann Nobelprisen i litteratur, og om mållagsleiaren får mykje kjeft for språkføringa si når han frontar nynorsken i media.Vi får også ein snikkikk inn i kulissane på sjølve nobelprisutdelinga i Stockholm i desember, for mållagsleiaren er ein av dei heldige som faktisk var til stades då Jon Fosse fekk prisen. Peder avslører også kor mykje han gler seg til premieren på Spynorsk – the musikal, og om kor oppglødd han var då han såg Frost frå rad 1 på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Og så diskuterer vi sjølvsagt kva som er dei fremste superhelteigenskapane til Ivar Aasen. 
  • Manish Sharma om Haugesund, hindi og Hør her’a

    43:48
    I denne episoden av Språkoppdraget har vi besøk av skodespelar Manish Sharma, som er premiereklar med stykket Hør her’a i desse dagar. Manish er truleg ein av landets største Haugesund-patriotar, og i denne episoden snakkar han om kvifor han er så glad i heimbyen sin, om korleis han lærte seg hindi, morsmålet til foreldra sine, gjennom å sjå Bollywood-filmar, og om kvifor han misliker at det er så mange engelske ord i hindi og norsk.Mange kjenner Manish frå seriesuksessen Makta, der han speler partisekretær Ivar Leveraas, eller frå teaterstykket Tante Ulrikkes vei, som han speler i på femte året. Eller så har du kanskje sett han på NAV på Tøyen. Manish jobba nemleg som saksbehandlar der mens han venta på at draumen om å komme inn på Teaterhøgskolen skulle gå i oppfylling. Kva tar han med seg frå NAV inn i teateret, og finst det nokre likskapar mellom sosionomyrket og skodespelaryrket?Vi skal sjølvsagt også snakke om Hør her’a, både boka, filmen og teaterstykket. Her er Manish ekspert. Han speler nemleg både i filmen som kom i fjor og i teaterstykket på Det Norske Teatret denne våren. Vi snakkar om forskjellen på film og teater, om forskjellen på å bli casta som pakistansk taxisjåfør og norsk partisekretær, og om kvifor urdu er så løye på nynorsk. 
  • Anna Malzer om språk, identitet og å lese seg sjølv på nynorsk

    50:45
    Språkoppdraget er tilbake med ein ny sesong i eit nytt år, og den første gjesten i 2024 kjem heilt frå Danmark. Anna Malzer er regissør og dramatikar, og vart Danmarks yngste teatersjef berre 27 år gammal. I desse dagar har ho permisjon frå teatersjefjobben på Mungo Park utanfor København, for å sette opp sitt eige stykke Tatovering på Det Norske Teatret på Rommen.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Anna om korleis ho har jobba med språket sitt i vaksen alder, først med å legge vekk delar av sosiolekten sin for å gjere seg betre forstått som teaterinstruktør og respektert som teatersjef, og så korleis ho har jobba med å finne tilbake til det eigenleg språket sitt og den eigentlege seg. Ho fortel om korleis det å skrive eigen dramatikk gjorde ho til ein betre regissør, om det sterke førstemøtet med hennar eigen tekst Tatovering i nynorsk omsetjing, og om kva det er ho liker best med å jobbe på norsk. Vi snakkar også om teateret ho leiar, Mungo Park og om hennar tankar om kva som er godt teater.Vi tar oss også tid til å snakke om forskjellane og likskapane mellom dansk og norsk.Og når den eine programleiaren har kjøpt inn bollar til innspelinga, får vi oss ein god prat om bolle og andre ord som betyr heilt ulike ting på dei to nabospråka. 
  • Herborg Kråkevik – om juleroser, julesongar og julestemning

    50:51
    I denne julespesialen av Språkoppdraget får vi besøk av Herborg Kråkevik. Artisten og skodespelaren har vekt til live det tradisjonsrike litterære juleheftet Juleroser. I år kjem det i si niande utgåve med Herborg som redaktør. Med nye og gamle forteljingar, dikt, julesongar og biletkunst, ønskjer ho at det skal gi ei lomme av høgtid og fred i ei travel førjulstid.Sjølv om Herborg Kråkevik arbeider med jul mest heile året, er ho ikkje lei jula når ho kjem. For når barna har lagt seg på vesle julaftan, så vaknar mor. Da skal treet pyntast, julesokkar hengast opp, og alt gjerast klart til julehøgtida. Medan lyden av kyrkjeklokkene frå heile Noreg ringer jula inn over radioen og lukta av julemat spreier seg i huset i Skagen, så kjem julestemninga for Herborg Kråkevik.I denne episoden snakkar vi også om kven Herborg blir når ho snakkar dansk. At fleire av våre vakraste julesongar og -forteljingar har komme på trass. Vi får diktlesing og avsluttar sjølvsagt med allsong rundt det imaginære juletreet!