Share

cover art for NETT NO - Podium

NETT NO - Podium

Podium, en podcast om næringslivet på Sunnmøre.


Latest episode

  • 2. Politisk thriller for næringslivet

    33:58||Season 3, Ep. 2
    Må næringslivet på Sunnmøre leve med skatt på arbeidande kapital? Ikkje om det vert regjeringsskifte, er det klåre løftet frå Høgretoppane Tina Bru og Peter Frølich. I Podium snakkar dei om korleis den globale uroa har påverka dei politiske utsiktane i Noreg før Stortingsvalet, kva som vil verte annerleis ved eit regjeringsskifte, og kvifor vi skal tru at dei borgerlege partia skal klare å finne fram til semje i viktige saker for næringslivet.

More episodes

View all episodes

  • 1. Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

    38:08||Season 3, Ep. 1
    Kva skjer med sunnmørsk næringsliv i ei tid der den globale tryggleiken vert utfordra både frå aust og vest, og der børsane skjelv av skremmande tollmurar? Det var temaet på eit frokostseminar i Ålesund denne veka. Vi fortsatte samtalen med nokre av deltakarane i podkast-studio etterpå. Høyr kva viseadmira Louise Dedichen, First House sin politiske ekspert Ole Berget og dei lokale næringslivsleiarane Jan-Rune Dasøren i Metizoft og Torstein Heggstad i Maritime Partner tenkjer om situasjonen og tida fram mot Stortingsvalet i september.
  • 28. Ikkje sjokk, men mykje bekymring

    32:10||Season 2, Ep. 28
    Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium.Podkasten er produsert av Gjenklang Studio.
  • 27. Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?

    26:20||Season 2, Ep. 27
    Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret.Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet.
  • 26. Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

    23:58||Season 2, Ep. 26
    Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium.
  • 25. Store fiskeriverdiar i spel

    31:54||Season 2, Ep. 25
    Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg.
  • 24. Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon.

    28:58||Season 2, Ep. 24
    GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar.Produsent Gjenklangsttudio.no