Share

cover art for Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?

NETT NO - Podium

Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?

Season 2, Ep. 27

Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret.


Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet.

More episodes

View all episodes

  • 26. Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

    23:58
    Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium.
  • 25. Store fiskeriverdiar i spel

    31:54
    Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg.
  • 24. Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon.

    28:58
    GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar.Produsent Gjenklangsttudio.no
  • 23. Hva skal til for å lukkast som gründer?

    26:22
    Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio.Produsert av Gjenklangstudio.no
  • 22. Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng?

    23:36
    Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov.Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no
  • 21. Gapet mellom politikk og sunnmørsk næringsliv - kva kan gjerast?

    35:13
    Kva er det politikarane ikke skjøner om sunnmørsk næringsliv, og kva må næringslivet forstå om politikk? Høyr kva First House-partner Tor Mikke Wara og styreleder Anne Breiby i Tafjord Kraft tenkjer må til. I denne utgåva av Podium spør vi også ekspertane Ivan Alver og Jan Petter Hagen korleis krig og uro har endra investornarknaden.
  • 20. Uro – krise eller moglegheiter?

    38:03
    «Uro» var tema for NHO sin årskonferanse i Ålesund – med krig, prisgalopp og skatteskjerpingar som ein del av bakteppet. Må næringslivet på Nordvestlandet bu seg på at usikkerheit er den nye kvardagen? Og kan uro vendast til noko positivt? Vi inviterte NHO-sjef Ole Erik Almlid og styrenestleiar Inger-Marie Sperre i Sjømat Norge til Podium-studioet. Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no
  • 19. Kven skal bygge distrikta om kapitalen vert pressa ut av landet?

    43:47
    Dei har begge vore med å utvikle familieverksemder til nye høgder. Samstundes har kapitalen dei representerer kome sunnmørske lokalsamfunnn til gode. Men kva skjer no, når mørke skyer trugar i horisonten? Høyr Gunvor Ulstein og Knut Flakk snakke om dette og mykje anna i denne episoden av Podium. Programleiar Hans-Christian Vadseth og med-programleiar Ingvild Vartdal. Produsert av Gjenklangoslo.no