Share

cover art for Ikkje sjokk, men mykje bekymring

NETT NO - Podium

Ikkje sjokk, men mykje bekymring

Season 2, Ep. 28

Årets forslag til statsbudsjettet ga ikkje noko sjokk for næringslivet på Nordvestlandet. Men mange trekk gjev alvorleg grunn til bekymring, og fekk temperaturen opp hos ekspertane i studio. Høyr kva Kristin Clemet frå tankesmia Civita, styreleiar Gunnar Haagensen i Sjømat Norge og First House-partnar Jon Georg Dale har å seie i denne episoden av Podium.


Podkasten er produsert av Gjenklang Studio.

More episodes

View all episodes

  • 2. Politisk thriller for næringslivet

    33:58||Season 3, Ep. 2
    Må næringslivet på Sunnmøre leve med skatt på arbeidande kapital? Ikkje om det vert regjeringsskifte, er det klåre løftet frå Høgretoppane Tina Bru og Peter Frølich. I Podium snakkar dei om korleis den globale uroa har påverka dei politiske utsiktane i Noreg før Stortingsvalet, kva som vil verte annerleis ved eit regjeringsskifte, og kvifor vi skal tru at dei borgerlege partia skal klare å finne fram til semje i viktige saker for næringslivet.
  • 1. Den store usikkerheten – lander sunnmørsk næringsliv på beina?

    38:08||Season 3, Ep. 1
    Kva skjer med sunnmørsk næringsliv i ei tid der den globale tryggleiken vert utfordra både frå aust og vest, og der børsane skjelv av skremmande tollmurar? Det var temaet på eit frokostseminar i Ålesund denne veka. Vi fortsatte samtalen med nokre av deltakarane i podkast-studio etterpå. Høyr kva viseadmira Louise Dedichen, First House sin politiske ekspert Ole Berget og dei lokale næringslivsleiarane Jan-Rune Dasøren i Metizoft og Torstein Heggstad i Maritime Partner tenkjer om situasjonen og tida fram mot Stortingsvalet i september.
  • 27. Går det egentlig betre med næringslivet på Sunnmøre?

    26:20||Season 2, Ep. 27
    Det går betre med næringslivet på Sunnmøre enn andre stader i landet. Det var hypotesa som vart undersøkt på eit næringslivsseminar i Ålesund nyleg. I Podium fortsatte vi diskusjonen med nokre av deltakarane på seminaret.Høyr kva regionbanksjef Jan Rune Hurlen i Sparebank 1 SMN, regiondirektør Lene Trude Solheim i NHO Møre og Romsdal og administrerande direktør Heidi Nakken i Næringsforeningen Ålesundregionen meiner om eigarskap, kunstig intelligens, kapitaltilgang og sunnmørsk kreativitet.
  • 26. Korleis kan reiselivet skape enda større verdiar?

    23:58||Season 2, Ep. 26
    Natur og arkitektur dreg turistar til Nordvestlandet. Korleis kan vi få dei til å bli lenger når dei kjem, og korleis kan reiselivet i regionen bli betre - slik at Sunnmøre vært enda meir attraktivt? Vi inviterte reiselivsaktørane Kjetil Aarseth i Atlanterhavsparken og hotelldirektør Camilla Espeseth på Hotel Brosundet til å snakke om dette og mykje anna. Og lurer du på om det ligg an til ny rekordsommar, får du vite det i denne episoden av Podium.
  • 25. Store fiskeriverdiar i spel

    31:54||Season 2, Ep. 25
    Kor mykje fisk skal vi hente opp av havet, og kven skal gjere det? No er regjeringa si kvotemelding til handsaming i Stortinget. Store verdiar er i spel, og endringar kan råke næringslivet på Nordvestlandet. Vi inviterte Janne-Grethe Strand Aasnæs frå Havstrand AS og Sveinung Flem frå Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag til studio. Bilde dei teiknar, er ikkje lysteleg.
  • 24. Slik skal GATH forsterke aquabransjens posisjon.

    28:58||Season 2, Ep. 24
    GATH er den sunnmørske tech hub’en som skal skape innovasjon i aquakultur og som skal gjere regionen attraktiv for kundar frå heile verda. Men korleis skal det skje? Vi inviterte dagleg leiar Bente Lund Jacobsen og styremedlem Harald Nesvik i Podium-studio på leiting etter svar.Produsent Gjenklangsttudio.no
  • 23. Hva skal til for å lukkast som gründer?

    26:22||Season 2, Ep. 23
    Nokre gründerar lukkast med å omsette gode idéar til kommersiell suksess. Men vegen dit er tung og krevjande, og ikkje alle lukkast. Kva er oppskrifta for å treffe blink som gründer? Og korleis påverkar global og lokal uro kvardagen i oppstartsverksemder? Høyr kva som skjedde da vi inviterte Stian Bang (Avento og Parkly) og Kari-Elin Kornes Hildre (Inseanergy) til studio.Produsert av Gjenklangstudio.no
  • 22. Jakta på kompetansen - kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng?

    23:36||Season 2, Ep. 22
    Næringslivet treng ikkje berre folk med mastergrad og teoretisk kunnskap. Vi treng også dei flinke fagfolka og handverkarane. Kva kan gjerast for å sikre næringslivet i nordvest folka dei treng? Vi inviterte Ole Andreas Holm i Marint Kompetansesenter og ekspert på HR og leiing, Lene Flem Debess, i studio for å snakke om lærlingar, rekruttering og framtidas kompetansebehov.Programleiarar er Ingvild Vartdal og Hans-Christan Vadseth. Produsert av Jan Ivar Wolstad for Gjenklangoslo.no