Share

Brynekyrkja
Preike på 2. søndag i påsketida- 12.04.2026 v/Arne Berge
Lesetekst 1
De er mine vitne, seier Herren,
og min tenar, som eg har valt ut,
for at de skal kjenna meg og tru på meg
og skjøna at eg er Han.
Før meg har ingen gud vorte forma,
og etter meg skal ingen koma.
Eg, eg er Herren,
det finst ingen annan frelsar enn eg.
Det er eg som har fortalt
og frelst og gjort det kjent,
det finst ingen framand hos dykk.
De er mine vitne, seier Herren.
Eg er Gud,
heilt frå dag vart til,
eg er Han.
Ingen kan riva ut av mi hand;
det eg gjer, kan ingen gjera ugjort.
Jesaja 43,10–13
Lesetekst 2
Men når det blir forkynt at Kristus er reist opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at det ikkje finst noka oppstode frå dei døde? For er det inga oppstode frå dei døde, så har heller ikkje Kristus stått opp. Men er ikkje Kristus reist opp, er bodskapen vår tom, og tom er òg trua dykkar. Då står vi som falske vitne om Gud. For då har vi vitna imot Gud når vi seier at han har reist Kristus opp, noko han ikkje har gjort dersom døde ikkje står opp. For står ikkje døde opp, så er heller ikkje Kristus reist opp. Men er ikkje Kristus reist opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar. Då er òg dei tapte som har sovna inn i Kristus. Har vi berre for dette livet sett vårt håp til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.
Men no er Kristus reist opp frå dei døde. Han er førstegrøda av dei som har sovna inn. Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske.
1. Korintar 15,12–21
Evangelietekst
Sidan openberra Jesus seg endå ein gong for læresveinane; det var ved Tiberiassjøen, og det gjekk slik til: Simon Peter, Tomas, som vart kalla Tvillingen, Natanael frå Kana i Galilea, Sebedeus-sønene og to andre av læresveinane hans var saman der. Simon Peter seier til dei andre: «Eg vil ut og fiska.» «Vi blir med deg, vi òg», sa dei. Så gjekk dei av stad og steig i båten, men den natta fekk dei ikkje noko.
Då det tok til å lysna av dag, stod Jesus på stranda, men læresveinane visste ikkje at det var han. Jesus sa til dei: «Har de ikkje noko å eta, borna mine?» «Nei», svara dei. «Kast garnet på høgre sida av båten, så skal de få», sa han. Dei kasta garnet, og då greidde dei ikkje å dra det opp, så mykje fisk hadde dei fått. Den læresveinen som Jesus elska, sa til Peter: «Det er Herren.» Då Simon Peter høyrde at det var Herren, batt han kappa om seg – den hadde han teke av – og hoppa i sjøen. Dei andre læresveinane kom med båten og drog garnet med fisken etter seg. Dei var ikkje langt frå land, berre omkring to hundre alner.
Då dei kom i land, fekk dei sjå eit bål der, og det låg fisk og brød på glørne. «Kom hit med noko av den fisken de fekk», sa Jesus til dei. Simon Peter gjekk då ut i båten og drog garnet på land. Det var fullt av store fiskar, eitt hundre og femtitre i alt. Men endå det var så mange, rivna ikkje garnet. Jesus sa til dei: «Kom og få mat!» Ingen av læresveinane våga å spørja han: «Kven er du?» Dei visste at det var Herren. Då gjekk Jesus fram, tok brødet og gav dei, og det same gjorde han med fisken.
Dette var tredje gongen Jesus openberra seg for læresveinane etter at han var reist opp frå dei døde.
Johannes 21,1–14
More episodes
View all episodes

92. Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026
23:19||Season 2026, Ep. 92Lesetekst 1Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei. 2. Mosebok 14,15–22 Lesetekst 2Men det vart openberrakor god vår Gud og frelsar er,og kor han elskar menneska:Han frelste oss,ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,men fordi han er miskunnsam.Han frelste ossved badet som gjenføderog fornyar ved Den heilage ande,som han så rikeleg har aust ut over ossved Jesus Kristus, vår frelsar,så vi skulle bli rettferdige ved hans nådeog bli arvingar til det evige livet, som er vår von.Titus 3,4–7EvangelietekstEg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»Matteus 3,11–12
91. Bera frukt - Preike på 5. søndag i påsketida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 03.05.2026
20:26||Season 2026, Ep. 91Lesetekst 1Eg vil lækja deira fråfall,og eg vil elska dei av hjartet,for min vreide har vendt seg frå dei.Eg vil vera som dogg for Israel.Han skal bløma som ei liljeog røta seg som trea på Libanonog breia greinene sine utover.Han skal vera fager som oliventreetog anga som skogen på Libanon.Igjen skal dei bu i hans skugge,dei skal dyrka kornog bløma som vinstokken.Hans namn skal bli som vinen frå Libanon.Kva har vel Efraim med gudebilete å gjera?Det er eg som svarar han og ser til han.Eg er som ein grøn sypress,frå meg skal frukta di koma.Hosea 14,5–9 Lesetekst 2No talar eg til dykk som er av ulike folkeslag. Så sant eg er apostel for folkeslaga, set eg tenesta mi høgt, i håp om at eg kan eggja til misunning dei som er mitt eige kjøt og blod, og frelsa nokre av dei. Har det vorte til forsoning for verda at dei vart vraka, kva vil det ikkje då føra til at dei blir godtekne? Jau, liv av død! Er det første brødet heilagt, er heile deigen heilag. Er rota heilag, er greinene det òg. Nokre av greinene er no avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, er poda inn mellom greinene og har fått sevje frå rota saman med dei. Men tenk ikkje om deg sjølv at du er betre enn greinene! Gjer du det, så hugs at det er ikkje du som ber rota, men rota som ber deg. No vil du kanskje seia: «Greinene vart avbrotne så eg kunne podast inn.» Ja vel, men det var vantrua som gjorde at dei vart avbrotne, og det er trua som gjer at du blir ståande. Ver ikkje hovmodig, men ottast Gud!Romarane 11,13–20EvangelietekstEg er det sanne vintreet, og Far min er vinbonden. Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort, og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg. Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn. Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det. For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.Johannes 15,1–8
90. Varig arvegods - Preike på Konfirmasjonsgudsteneste ved Arne Berge - 25.04.2026
15:10||Season 2026, Ep. 90Evangelietekst.Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord slik dei gjer blant folkeslaga; for dei trur dei blir bønhøyrde berre dei bruker mange ord. Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng, før de bed han om det. Slik skal de be:Vår Far i himmelen! Lat namnet ditt helgast.Lat riket ditt koma.Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.Gjev oss i dag vårt daglege brød,og tilgjev oss vår skuld,slik vi òg tilgjev våre skuldnarar.Og lat oss ikkje koma i freisting,men frels oss frå det vonde.For riket er ditt og makta og æra i all æve. Amen.Matteus 6, 7-13.
89. Tru og håp i kvardagsliv - Kveldsgudsteneste ved Heidi Strand Harboe og Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 19.04.2026
34:13||Season 2026, Ep. 89EvangelietekstEg er den gode gjetaren. Den gode gjetaren set livet til for sauene. Men leigekaren, som ikkje er gjetar og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømmer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. For han er leigekar og har ikkje omsorg for sauene. Eg er den gode gjetaren. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, slik som Far kjenner meg og eg kjenner Far. Eg set livet til for sauene. Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal bli éin flokk og éin gjetar.Far elskar meg fordi eg set livet til så eg kan ta det tilbake. Ingen tek livet mitt, eg gjev det frivillig. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det tilbake. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»Johannes 10,11–18Lesetekst 1Så seier Herren Gud: Sjå, eg vil sjølv leita etter sauene mine og ta meg av dei. Liksom ein gjetar tek seg av sauene sine og er med dei den dagen dei blir spreidde, så vil eg ta meg av sauene mine og berga dei heim frå alle stadene dei kom til då dei vart spreidde, på den mørke og skytunge dagen. Eg vil føra dei ut frå folka, samla dei frå landa og føra dei inn i deira eige land. Så skal eg gjeta dei på fjella i Israel, i dalane og kvar dei enn bur i landet. På gode beitemarker skal eg gjeta dei, dei skal ha engene sine på dei høge fjella i Israel. Der skal dei kvila i frodige enger. Dei skal gå på saftige beite på fjella i Israel. Eg vil gjeta sauene mine og la dei kvila, seier Herren Gud. Eg vil leita opp dei bortkomne, føra tilbake dei bortdrivne, binda om dei skadde, styrkja dei sjuke, vakta dei feite og sterke og gjeta dei på rett vis.Esekiel 34,11–16Lesetekst 2Om de toler straff når de har gjort noko gale, er det noko å skryta av? Men om de toler lidingar når de gjer det rette, då er det godt i Guds auge. Det var dette de vart kalla til.For Kristus leid for dykkog gav dykk eit førebilete,så de skulle følgja i hans fotspor.Han gjorde inga synd,og det fanst ikkje svik i hans munn.Han svara ikkje med hån når han vart hånt,han truga ikkje når han leid,men overlét si sak til han som dømmer rettferdig.På sin eigen kropp bar hansyndene våre opp på treet,så vi skulle døy bort frå syndeneog leva for rettferda,og ved hans sår vart de lækte.De var som sauer som hadde gått seg vill,men no har de vendt om til hansom er hyrding og tilsynsmann for sjelene dykkar.1. Peter 2,20–25
87. Preike på Påskedag- 05.04.2026 v/Arne Berge
26:24||Season 2026, Ep. 87Lesetekst 1Herren er min styrke og min song, han har vorte mi frelse.Høyr, det er jubel og sigersrop i teltet til dei rettferdige! Herrens høgre hand gjer storverk,Herrens høgre hand lyfter opp. Herrens høgre hand gjer storverk.Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om Herrens gjerningar.Hardt har Herren tukta meg, men han overgav meg ikkje til døden.Lat rettferds portar opp for meg, eg vil gå inn og prisa Herren!Dette er Herrens port, her går dei rettferdige inn.Eg prisar deg fordi du svara meg, du vart mi frelse.Steinen som bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.Dette er Herrens eige verk, underfullt er det i våre auge.Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!Salmane 118,14–24 Lesetekst 2Eg kunngjer dykk, sysken, det evangeliet som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i. Ved det blir de frelste, så sant de held fast på ordet slik eg forkynte det for dykk; elles blir det til inga nytte at de kom til trua. For først og fremst overgav eg til dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene våre, som skriftene har sagt, at han vart gravlagd, at han vart reist opp tredje dagen, som skriftene har sagt, og at han synte seg for Kefas og deretter for dei tolv.Så synte han seg for meir enn fem hundre sysken på ein gong. Dei fleste av dei lever enno, men nokre har sovna inn. Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane. Og aller sist synte han seg òg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster. For eg er den minste av apostlane; eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfølgt Guds kyrkje. Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg. Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.1. Korintar 15,1–11 EvangelietekstVed daggry første dagen i veka kom kvinnene til grava og hadde med seg den angande oljen dei hadde gjort i stand. Då fekk dei sjå at steinen var rulla ifrå grava. Dei gjekk inn, men fann ikkje Herren Jesu kropp. Dei visste ikkje kva dei skulle tru, men med eitt stod det to menn hos dei i skinande klede. Kvinnene vart forfærde og bøygde seg med andletet mot jorda. Då sa mennene til dei: «Kvifor leitar de etter den levande mellom dei døde? Han er ikkje her, han er reist opp. Kom i hug kva han sa til dykk medan han endå var i Galilea: ‘Menneskesonen skal gjevast over i hendene til syndige menneske og bli krossfest, og tredje dagen skal han stå opp.’» Då kom dei i hug orda hans. Og dei gjekk bort frå grava og fortalde alt dette til dei elleve og til alle dei andre.Lukas 24,1–9
86. Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen
15:23||Season 2026, Ep. 86Lesetekst 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt:Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter.Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.2. Mosebok 12,1, 3-8, 11-14 Lesetekst 2De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.1. Korintar 5,6–8 EvangelietekstDen første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.Matteus 26,17–30
85. Kongen kjem - Preike på Palmesøndag - 29.03.2026 v/Lars Sigurd Tjelle
17:23||Season 2026, Ep. 85Lesetekst 1Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet! Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen. For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk. Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag. Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei. 2. Mosebok 12,21–28 Lesetekst 2Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. Efesarane 2,12–18Evangelietekst.Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:Hosianna!Velsigna er han som kjemi Herrens namn,Israels konge!Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:Ver ikkje redd, dotter Sion!Sjå, kongen din kjem,ridande på ein eselfole.Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.Johannes 12,12–24
84. På veg mot påske - Preike på 4. søndag i fastetida - 15.03.2026 v/Arne Berge
25:37||Season 2026, Ep. 84Lesetekst 1 Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Abraham kalla den staden « Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»1. Mosebok 22,1–14 Lesetekst 2 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid. Hebrearane 4,14–16 Evangelietekst Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.Johannes 11,45–53