Share

Brynekyrkja
Innsettingsgudsteneste av Trond Inge Tappel - 2. søndag i treeiningstida - 7.6.2026
Lesetekst 1
Herren sa til Moses: «Kvifor ropar du til meg? Sei til israelittane at dei skal dra vidare! Du skal lyfta staven din og retta handa ut over havet og kløyva det, så israelittane kan gå tørrskodde tvers igjennom havet. Sjå, eg gjer hjartet til egyptarane ubøyeleg, så dei set etter dei. Eg skal visa min herlegdom på farao og heile hans hær, på vognene og ryttarane hans. Egyptarane skal kjenna at eg er Herren når eg viser min herlegdom på farao og vognene og ryttarane hans.»
Guds engel, som hadde gått føre Israels leir, bytte no plass og gjekk etter folket. Skysøyla som var framfor dei, flytte seg og stilte seg bak dei, så ho kom mellom leiren til egyptarane og leiren til israelittane. Og skya kom med mørker, men lyste likevel opp natta, så dei ikkje kom innpå kvarandre heile natta. Då rette Moses handa ut over havet, og Herren dreiv havet bort med ein sterk austavind, som bles heile natta, så havet vart til tørt land. Vatnet vart kløyvd, og israelittane gjekk tørrskodde tvers igjennom havet. Vatnet stod som ein mur til høgre og venstre for dei.
2. Mosebok 14,15–22
Lesetekst 2
Men det vart openberra
kor god vår Gud og frelsar er,
og kor han elskar menneska:
Han frelste oss,
ikkje fordi vi hadde gjort rettferdige gjerningar,
men fordi han er miskunnsam.
Han frelste oss
ved badet som gjenføder
og fornyar ved Den heilage ande,
som han så rikeleg har aust ut over oss
ved Jesus Kristus, vår frelsar,
så vi skulle bli rettferdige ved hans nåde
og bli arvingar til det evige livet, som er vår von.
Titus 3,4–7
Evangelietekst
Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Den heilage ande og eld. Han har kasteskovla i handa og skal reinsa kornet på treskjeplassen. Kveiten sin skal han samla i låven, men agnene skal han brenna med eld som aldri sloknar.»
Matteus 3,11–12
More episodes
View all episodes

100. Preike på Hausttakkefest - 27-09-2026 - v/Trond Inge Tappel
10:29||Season 2026, Ep. 100Lesetekst 1Herre, kor mange dine gjerningar er! Og alle har du gjort med visdom, jorda er full av det du ber fram.Her er havet, stort og vidt, med ein vrimmel av dyr, små og store, utan tal.Der stemner skipa fram, der er Leviatan, som du har skapt til å leika med.Alle ventar på deg, at du skal gje dei mat i rett tid.Du gjev, og dei sankar, du opnar handa, og dei blir metta med det gode.Salme 104, 24-28Lesetekst 2Gled dykk alltid i Herren! Endå ein gong vil eg seia: Gled dykk! Lat alle menneske få kjenna kor godhjarta de er. Herren er nær. Ver ikkje urolege for noko! Men legg alt de har på hjartet, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing. Og Guds fred, som går over all forstand, skal vara dykkar hjarte og tankar i Kristus Jesus.Brevet til Filipparane 4, 4-7EvangelietekstSjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei?Matteus 6, 26
99. Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 17. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 20.09.2026
24:19||Season 2026, Ep. 99Frå kveldsgudsteneste-serien Trushistorier
98. Å løna vondt med godt - Preike på 15. søndag i treeiningstida - 06-09-2026 - v/Trond Inge Tappel
10:52||Season 2026, Ep. 98Lesetekst 1Kva skal eg koma fram for Herren med når eg bøyer meg for Gud i det høge? Skal eg koma til han med brennoffer, med årsgamle kalvar? Bryr Herren seg om tusenvis av vêrar, titusenvis av oljebekker? Skal eg ofra min førstefødde for mitt brot, mi livsfrukt for mi sjels synd? Han har kunngjort for deg, menneske, kva godt er. Og kva krev Herren av deg? Berre at du gjer rett, viser trufast kjærleik og vandrar audmjukt med din Gud.Mika 6,6–8 Lesetekst 2Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må bli rikare og rikare på dømmekraft og innsikt, så de kan skjøna og avgjera kva som er viktig, og stå reine og ulastelege på Kristi dag, fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, til lov og ære for Gud. Filipparane 1,9–11 EvangelietekstDe har høyrt det er sagt: ‘Auge for auge og tann for tann.’ Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend òg det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa òg. Tvingar nokon deg til å følgja han éi mil, så gå to med han. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.Elsk fiendane dykkarDe har høyrt det er sagt: ‘Du skal elska nesten din og hata fienden din.’ Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, ⸆ og be for dei som ⸆ forfølgjer dykk. Slik kan de vera born av Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje folkeslaga det same? Ver då fullkomne, liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.Matteus 5,38–48
97. Mi trushistorie - Kveldsgudsteneste 13. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 23.08.2026
24:45||Season 2026, Ep. 971. Korintar 12,4–11:Nådegåvene er ulike, men Anden er den same. Tenestene er ulike, men Herren er den same. Dei kraftige verknadene er ulike, men Gud er den same, han som er verksam og gjer alt i alle. Hos kvar einskild openberrar Anden seg slik at det tener til det gode. For ved Anden blir det gjeve den eine å forkynna visdom, den andre å forkynna kunnskap ved den same Anden. Éin får ei særskild tru ved den same Anden, ein annan nådegåver til å lækja ved den eine Anden. Éin får gåva å gjera mektige gjerningar, éin å tala profetisk, ein annan å prøva ånder. Éin får gåva å tala ulike tunger, ein annan får tyding av tungene. Alt dette er eit verk av den eine og same Anden, som deler ut sine gåver til kvar einskild som han vil.
96. Ver ikkje urolege - Preike på 12. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 16.08.2026
18:24||Season 2006, Ep. 96Lesetekst 1Men i di store miskunnforlét du dei ikkje i ørkenen.Skysøyla veik ikkje frå dei om dagen,men førte dei på vegen;og eldsøyla veik ikkje frå dei om natta,men lyste opp vegen dei skulle gå.Du gav dei din gode Andefor at dei skulle få visdom.Du nekta dei ikkje manna til matog gav dei vatn mot tørsten.Du sørgde for dei i førti år,i ørkenen mangla dei ikkje noko.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene hovna ikkje opp.Nehemja 9,19–21Lesetekst 2Lat ikkje kjærleik til pengar styra livet, men ver fornøgde med det de har. For Gud har sagt: Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg. 6 Difor kan vi vera ved godt mot og seia: Herren er min hjelpar, eg er ikkje redd.Kva kan menneske gjera meg? Hebrearane 13,5–6EvangelietekstIngen slave kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.Difor seier eg dykk: Ver ikkje urolege for livet, kva de skal eta [og kva de skal drikka], eller for kroppen, kva de skal kle dykk med. Er ikkje livet meir enn maten og kroppen meir enn kleda? Sjå på fuglane under himmelen! Ikkje sår dei, ikkje haustar dei, og ikkje samlar dei i hus, men Far dykkar i himmelen før dei likevel. Er ikkje de mykje meir enn dei? Kven av dykk kan med all si uro leggja ei einaste alen til livslengda si? Og kvifor er de urolege for kleda? Sjå liljene på marka, korleis dei veks! Dei strevar ikkje og spinn ikkje, men eg seier dykk: Ikkje eingong Salomo i all sin herlegdom var kledd som ei av dei. Når Gud kler graset så fint, det som veks på marka i dag og blir kasta i omnen i morgon, kor mykje meir skal han ikkje då kle dykk – de lite truande! Difor må de ikkje vera urolege og seia: ‘Kva skal vi eta?’ eller: ‘Kva skal vi drikka?’ eller: ‘Kva skal vi kle oss med?’ For alt dette er folkeslaga opptekne av. Men Far dykkar i himmelen veit at de treng alt dette. Søk først [Guds] rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg. Ver difor ikkje urolege for morgondagen; morgondagen skal uroa seg for sitt. Kvar dag har nok med si møde.Matteus 6,24–34
95. Å skifta sinn - Preike på 10. søndag i treeiningstida ved Lars Sigurd Fjelde Tjelle - 02.08.2026
19:49||Season 2026, Ep. 95Lesetekst 1Av David. Ein læresalme.Sæl er den som får sine brot tilgjevneog sine synder tildekte!Sælt er det mennesketsom Herren ikkje tilreknar skuld,som i si ånd er utan svik.Så lenge eg tagde, tærtest beina i kroppen bortmedan eg stønna heile dagen.For dag og nattlåg di hand tungt på meg.Mi livssaft svannsom i heten om sommaren. SelaDå sanna eg mi synd for deg,og mi skuld dekte eg ikkje over.eg sa: «Eg vil sannamine brot for Herren.»Og du tok bort mi syndeskuld. SelaDifor skal alle trugnebe til deg i tider med trengsle.Om det kjem ein veldig flaum,skal vatnet ikkje nå dei.Du skjermar meg,du vernar meg mot naud,med frelsejubel omgjev du meg. SelaEg vil gjera deg vis og læra degden vegen du skal gå,eg vil la mitt auge kvila på degog gje deg råd.Ver ikkje lik hest og muldyr, utan vit!Deira prydnad er taum og beksel til å tvinga dei med,elles kjem dei ikkje til deg.Den urettferdige har mange plager,men den som set si lit til Herren,kransar han med miskunn.Gled dykk i Herren og jubla, de rettferdige!Bryt ut i fagnadrop, alle de ærlege av hjartet!Salmane 32,1–11 Lesetekst 2Og til slutt eit ord til dykk alle: Ver samstemde, vis medkjensle og syskenkjærleik, ver miskunnsame og audmjuke. Løn ikkje vondt med vondt eller hån med hån. Nei, velsign heller, for de er kalla til å arva velsigning.Den som vil elska livetog sjå gode dagar,må halda tunga frå det som er vondt,og leppene borte frå svikefull tale.Han må venda seg bort frå det vondeog gjera det gode,søkja fred og jaga etter fred.For Herrens auge følgjer dei rettferdige,og hans øyre høyrer deira bøn.Men Herrens andlet er vendt mot dei som gjer det vonde.Og kven kan gjera dykk vondt når de brenn for det gode? 1. Peter 3,8–13 EvangelietekstSidan gjekk Jesus ut. Då fekk han sjå ein tollar som heitte Levi. Han sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då stod han opp, gjekk frå alt og følgde Jesus.Levi heldt eit stort gjestebod for han heime hos seg. Og ein heil flokk tollarar og andre var til bords saman med dei. Farisearane og dei skriftlærde blant dei murra og sa til læresveinane: «Kvifor et og drikk de saman med tollarar og syndarar?» Men Jesus svara: «Det er ikkje dei friske som treng lege, men dei som har det vondt. Eg er ikkje komen for å kalla rettferdige, men syndarar til omvending.»Lukas 5,27–32
94. Skattar i himmelen og på jorda - Preike på 8. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 19.07.2026
15:08||Season 2026, Ep. 94Lesetekst 1Då folket såg at Moses drygde med å koma ned frå fjellet, flokka dei seg om Aron og sa til han: «Kom og lag ein gud til oss som kan gå føre oss! For vi veit ikkje kva som har hendt med denne Moses, mannen som førte oss opp frå Egypt.» Aron sa til dei: «Ta gullringane av øyra på konene, sønene og døtrene dykkar og kom med dei til meg!» Då tok heile folket av seg gullringane som dei hadde i øyra, og kom til Aron med dei. Han tok imot gullet, forma det med meisel og støypte ein kalv. Så ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som førte deg opp frå Egypt!»2. Mosebok 32,1–4Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg gå opp til Herren, kanskje kan eg skaffa soning for synda dykkar.» Så gjekk Moses tilbake til Herren og sa: «Dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. Tilgjev no syndene deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut av boka du skriv i!» Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut av boka mi. Gå no og før folket dit eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå føre deg. Men på rekneskapsdagen skal eg gjera opp rekneskap med dei for syndene deira.» Slik straffa Herren folket fordi dei hadde fått laga gullkalven, den som Aron hadde laga.2. Mosebok 32,30–35Lesetekst 2Elsk ikkje verda og heller ikkje det som er i verda! Den som elskar verda, har ikkje kjærleiken til Far i seg. For alt her i verda – lysta i kjøtet, lysta som styrer auga, og skrytet av det ein eig – det er ikkje av Far, men av verda. Verda forgår med all si lyst, men den som gjer Guds vilje, blir verande til evig tid. 1. Johannes 2,15–17EvangelietekstSamla dykk ikkje skattar på jorda, der møll og makk øydelegg og tjuvar bryt seg inn og stel. Men samla dykk skattar i himmelen, der verken møll eller makk øydelegg og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. For der skatten din er, vil hjartet ditt òg vera.Auget er kroppens lampe. Er auget ditt klårt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi kroppen er fylt av mørker. Er no lyset i deg mørker, kor djupt blir ikkje mørkret då!Ingen slave kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.Matteus 6,19–24
93. Aposteldagen - Preike på 6. søndag i treeiningstida ved Trond Inge Tappel - 05.07.2026
12:49||Season 2026, Ep. 93Lesetekst 1:Herren sa til Abram: «Dra bort frå landet ditt og frå slekta di og frå farshuset ditt til det landet som eg skal syna deg! Eg vil gjera deg til eit stort folk. Eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Du skal bli til velsigning.Eg vil velsigna dei som velsignar deg,men den som forbannar deg, skal eg forbanna.I deg skal alle slekter på jorda velsignast.»Så tok Abram ut, som Herren hadde sagt han, og Lot drog med han. Abram var 75 år gammal då han braut opp frå Harran.1. Mosebok 12,1–4 Lesetekst 2:Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium, det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter. Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som Davids ætt i kjøtet og erklært ved heilagdoms Ande som Guds Son med makt ved oppstoda frå dei døde. Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn. Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til. Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus! Romarane 1,1–7 Evangelietekst:Ein gong stod Jesus nede ved Gennesaretsjøen, og folket trengde seg om han for å høyra Guds ord. Då fekk han sjå to båtar som låg ved stranda. Fiskarane hadde stige ut av dei og heldt på å skylja garna. Jesus steig ut i ein av båtane, den som høyrde Simon til, og bad han leggja litt ut frå land. Så sette han seg og underviste folket frå båten.Då han hadde tala ferdig, sa han til Simon: «Legg ut på djupet og set garna, så de kan få fisk.» «Meister», svara Simon, «vi har streva i heile natt og ikkje fått noko. Men på ditt ord vil eg setja garna.» Så gjorde dei det, og då stengde dei slik ei mengd med fisk at garna heldt på å rivna. Dei gav teikn til arbeidslaget i den andre båten at dei skulle koma og ta i med dei. Og då dei kom, fylte dei begge båtane, så det var nære på dei sokk. Då Simon Peter såg det, kasta han seg ned for Jesu føter og sa: «Gå frå meg, Herre! Eg er ein syndig mann.» For både han og alle som var med han, vart fulle av otte og undring over fiskefangsten dei hadde fått. Like eins var det med Jakob og Johannes, sønene til Sebedeus, som fiska saman med Simon. Men Jesus sa til Simon: «Ver ikkje redd! Heretter skal du fanga menneske.» Så rodde dei båtane i land, gjekk frå alt og følgde han.Lukas 5,1–11