Brynekyrkja
All Episodes

86. Ny pakt med Gud - Preike på Skjærtorsdag - 02.04.2026 v/Yngvar Nilsen
15:23||Season 2026, Ep. 86Lesetekst 1Herren sa til Moses og Aron i Egypt:Sei til heile Israels forsamling: Den tiande dagen i denne månaden skal kvar husfar ta eit lam, eitt til kvar huslyd. Men dersom huslyden er for liten til å eta opp eit lam, skal husfaren og den næraste naboen ta eitt i lag, alt etter kor mange dei er. De skal ikkje rekna fleire på kvart lam enn at alle blir mette. Lammet må vera eit årsgammalt vêrlam utan feil. De kan ta anten eit lam eller eit kje. De skal ta vare på det til den fjortande dagen i denne månaden. Då skal heile Israels forsamling slakta det i skumringa. Så skal dei ta noko av blodet og stryka det på dei to dørstolpane og på bjelken over døra i dei husa der dei et det. Og kjøtet skal dei eta same natta. Det skal vera steikt over elden, og dei skal eta det med usyra brød og bitre urter.Slik skal de eta det: Med kjortelen bunden om livet, skor på føtene og stav i handa. Et det i all hast! Det er påske for Herren. Denne natta skal eg gå gjennom Egypt og slå i hel alle førstefødde i landet, både menneske og dyr, og eg skal halda dom over alle gudane i Egypt. Eg er Herren. Men blodet skal vera det merket som syner kva for hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg gå forbi. Inga øydeleggjande plage skal råka dykk når eg slår Egypt. Sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. De skal feira han som ei høgtid for Herren, de skal feira i slekt etter slekt. Det skal vera ei evig ordning.2. Mosebok 12,1, 3-8, 11-14 Lesetekst 2De har sanneleg ikkje stort å skryta av! Veit de ikkje at litt surdeig gjennomsyrar heile deigen? Reins ut den gamle surdeigen så de kan vera ein ny deig: usyra, slik de verkeleg er. For vårt påskelam er slakta, Kristus. Så lat oss halda høgtid, ikkje med gammal surdeig, ikkje med ein surdeig av vondskap og synd, men med usyra brød av sanning og reinleik.1. Korintar 5,6–8 EvangelietekstDen første dagen i høgtida med usyra brød kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kvar vil du vi skal stella til påskemåltidet for deg?» Jesus svara: «Gå inn i byen, til den mannen de veit, og sei til han: ‘Meisteren seier: Tida mi er nær; hos deg vil eg halda påskemåltid med læresveinane mine.’» Læresveinane gjorde som Jesus hadde sagt, og gjorde i stand påskemåltidet.Då det vart kveld, gjekk han til bords med dei tolv. Medan dei åt, sa han: «Sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.» Då vart dei svært sorgfulle, og ein etter ein spurde dei han: «Det er vel ikkje eg, Herre?» Jesus svara: «Den som har dyppa handa i fatet saman med meg, han kjem til å svika meg. For Menneskesonen går bort, slik det står skrive om han. Men ve det mennesket som svik Menneskesonen! Det hadde vore betre for det mennesket om det aldri var fødd.» Då spurde Judas, han som sveik han: «Det er vel ikkje eg, rabbi?» «Du har sagt det», svara Jesus.Medan dei heldt måltid, tok Jesus eit brød, takka og braut det, gav det til læresveinane og sa: «Ta imot og et! Dette er min kropp.» Og han tok eit beger, takka, gav dei og sa: «Drikk alle av det! Dette er mitt blod, paktblodet, som blir utrent for mange så syndene blir tilgjevne. Eg seier dykk: Heretter skal eg ikkje drikka av denne frukta av vintreet før den dagen eg drikk henne ny saman med dykk i riket til Far min.»Då dei hadde sunge lovsongen, gjekk dei ut til Oljeberget.Matteus 26,17–30
85. Kongen kjem - Preike på Palmesøndag - 29.03.2026 v/Lars Sigurd Tjelle
17:23||Season 2026, Ep. 85Lesetekst 1Då kalla Moses saman alle dei eldste i Israel og sa til dei: «Gå og hent småfe til familiane dykkar og slakt påskelammet! Så skal de ta ein isopkvast, dyppa han i blodet i skåla og stryka noko av blodet på bjelken over døra og på dei to dørstolpane. Ingen av dykk må gå ut gjennom døra til huset sitt før om morgonen. For Herren skal dra gjennom landet for å slå egyptarane. Og når han ser blodet på bjelken og på dei to dørstolpane, skal han gå forbi døra og ikkje la øydeleggjaren sleppa inn i huset for å slå dykk. Dette skal de halda, og det skal vera ei evig ordning for deg og etterkomarane dine. Når de så kjem inn i det landet Herren har lova å gje dykk, skal de halda denne skikken ved lag. Og når borna dykkar spør kva dette er for ein skikk, skal de svara: Det er eit påskeoffer for Herren fordi han gjekk forbi husa til israelittane i Egypt då han slo egyptarane, men sparte husa våre.» Då bøygde folket seg til jorda og tilbad. Så gjekk israelittane bort og gjorde dette. Det som Herren hadde gjeve Moses og Aron påbod om, det gjorde dei. 2. Mosebok 12,21–28 Lesetekst 2Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, framande for paktene og lovnaden, ja, utan håp og utan Gud i verda. Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær på grunn av Kristi blod.For han er vår fred, han som gjorde dei to til eitt og reiv ned den muren som skilde, fiendskapen. Med sin eigen kropp sette han lova ut av kraft med hennar bod og forskrifter. Slik skulle han skapa dei to til eitt nytt menneske i seg – og skapa fred. I éin kropp skulle han forsona dei begge med Gud då han døydde på krossen og slik gjorde ende på fiendskapen. Og han kom og forkynte den gode bodskapen om fred for dykk som var langt borte, og fred for dei som var nær. Ved han har både de og vi tilgang til Far i éin Ande. Efesarane 2,12–18Evangelietekst.Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem. 13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa:Hosianna!Velsigna er han som kjemi Herrens namn,Israels konge!Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive:Ver ikkje redd, dotter Sion!Sjå, kongen din kjem,ridande på ein eselfole.Dette skjøna ikkje læresveinane med det same. Men då Jesus var opphøgd i herlegdom, hugsa dei at dette var skrive om han, og at folket hadde helsa han på denne måten.Alle som hadde vore med han då han ropa Lasarus ut av grava og vekte han opp frå dei døde, vitna om det dei hadde sett. Difor var det òg at folket drog ut for å møta han, for dei hadde fått høyra at han hadde gjort dette teiknet. Men farisearane sa seg imellom: «Der ser de, det nyttar ikkje. Heile verda spring etter han.»No var det nokre grekarar mellom dei som var komne til Jerusalem for å tilbe under høgtida. Dei kom til Filip, som var frå Betsaida i Galilea, og sa: «Herre, vi ville gjerne få sjå Jesus.» Filip kom og fortalde det til Andreas, og Andreas og Filip gjekk og sa det til Jesus. Jesus svara: «Timen er komen då Guds herlegdom skal lysa om Menneskesonen. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Fell ikkje kveitekornet i jorda og døyr, blir det verande berre eitt korn. Men døyr det, gjev det stor grøde.Johannes 12,12–24
84. På veg mot påske - Preike på 4. søndag i fastetida - 15.03.2026 v/Arne Berge
25:37||Season 2026, Ep. 84Lesetekst 1 Ei tid etter at dette hadde hendt, sette Gud Abraham på prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.» Då sa han: «Ta son din, den einaste, Isak, han som du elskar, og dra til landet Moria! Der skal du ofra han som brennoffer på eit av fjella, det som eg seier deg.»Tidleg neste morgon stod Abraham opp, leste på eselet sitt og tok med seg to av tenestegutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og så gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt. Tredje dagen såg Abraham opp og fekk auge på staden i det fjerne. Då sa Abraham til tenestegutane: «Ver her med eselet. Eg og guten vil gå bort dit og tilbe, og så kjem vi tilbake til dykk.» Abraham tok offerveden og la han på Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa, og så gjekk dei saman, dei to. Då sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, son min.» Han sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er brennofferlammet?» Abraham svara: «Gud vil sjølv sjå seg ut eit brennofferlam, son min.» Og så gjekk dei saman, dei to.Då dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar der og la veden til rette. Så batt han Isak, son sin, og la han på altaret, oppå veden. Og Abraham rette ut handa og tok kniven for å slakta son sin. Men Herrens engel ropa til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg!» Han sa: «Legg ikkje hand på guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du fryktar Gud, sidan du ikkje sparte din einaste son for meg.» Då Abraham såg opp, fekk han auge på ein vêr som hang fast etter horna i eit kratt rett bak han. Abraham gjekk bort, tok vêren og ofra han som brennoffer i staden for son sin. Abraham kalla den staden « Herren ser». Den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»1. Mosebok 22,1–14 Lesetekst 2 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått inn gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan lida med oss i vår vanmakt, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. Lat oss difor stiga fram for nådens kongsstol med frimod, så vi kan finna miskunn og finna nåde som gjev hjelp i rette tid. Hebrearane 4,14–16 Evangelietekst Mange av dei jødane som var komne til Maria og hadde sett det Jesus gjorde, kom til tru på han. Men nokre gjekk til farisearane og fortalde kva han hadde gjort. Då kalla overprestane og farisearane saman Rådet og sa: «Kva skal vi gjera? Denne mannen gjer mange teikn. Lèt vi han halda fram slik, kjem snart alle til å tru på han, og romarane kjem og tek både den heilage staden og folket vårt.» Ein av dei, Kaifas, som var øvsteprest det året, sa då: «De skjønar ingen ting. De tenkjer ikkje på at det er betre for dykk at eitt menneske døyr for folket, enn at heile folket går til grunne.» Det sa han ikkje av seg sjølv. Men fordi han var øvsteprest det året, tala han profetisk om at Jesus skulle døy for folket. Ja, han skulle ikkje berre døy for folket, han skulle òg samla til eitt dei Guds born som er spreidde rundt omkring. Frå den dagen la dei planar om å drepa han.Johannes 11,45–53
83. Unge på veg mot tru? - Foredrag på kveldsgudsteneste 01.03.2026 v/Øivind Holtedahl
33:10||Season 2026, Ep. 83KveldsgudstenesteSundag 1. marsAndre sundag i fastetidaBryne kyrkje kl. 19.00Tema: Unge på veg mot tru?Øivind Holtedahl, sokneprest i Domkirken og St.Petri
82. Preike på kveldsgudsteneste 2. søndag i fastetida - 01.03.2026 v/Lars Sigurd Fjelde Tjelle
09:34||Season 2026, Ep. 82EvangelietekstSå fór Jesus derifrå og tok vegen til landet kring Tyros og Sidon. Då kom det ei kanaaneisk kvinne frå dette området og ropa: «Herre, du Davids son, miskunna deg over meg! Dotter mi er ille plaga av ei vond ånd.» Men han svara henne ikkje eit ord. Då gjekk læresveinane fram og bad han: «Bli ferdig med henne; ho går og ropar etter oss.» Men han svara: «Eg er ikkje send til andre enn dei bortkomne sauene i Israels hus.» Då kom ho og fall ned for han og sa: «Herre, hjelp meg!» Han svara: «Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.» «Det er sant, Herre», sa kvinna, «men hundane et då dei smulane som fell frå bordet til eigarane deira.» Då sa Jesus til henne: «Stor er trua di, kvinne. Det skal gå som du vil.» Og dottera vart frisk frå same stunda. Matteus 15,21–28
81. Jesus blir freista - Preike på 1. søndag i fastetida - 22.02.2026 v/Yngvar Nilsen
10:37||Season 2026, Ep. 81Lesetekst 1Herren Gud planta i gammal tid ein hage i Eden. Der sette han mennesket han hadde forma. Og Herren Gud lét alle slag tre veksa opp av jorda, forlokkande å sjå på og gode å eta av, og midt i hagen livsens tre og treet til kunnskap om godt og vondt.Slangen var listigare enn alle villdyra som Herren Gud hadde laga. Han sa til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt at de ikkje skal eta av noko tre i hagen?» Kvinna sa til slangen: «Vi kan eta av frukta på trea i hagen. Men om frukta på treet som står midt i hagen, har Gud sagt: Et henne ikkje og rør henne ikkje! Gjer de det, skal de døy.» Då sa slangen til kvinna: «De skal slett ikkje døy! Men Gud veit at den dagen de et av frukta, skal auga dykkar opnast; de skal bli som Gud og kjenna godt og vondt.» No fekk kvinna sjå at treet var godt å eta av og ein fryd for auget – eit tillokkande tre, sidan det kunne gje innsikt. Så ho tok av frukta og åt. Ho gav òg til mannen sin, som var saman med henne, og han åt. Då vart auga deira opna, og dei skjøna at dei var nakne. Dei fletta saman fikenblad og batt kring livet. Då høyrde dei lyden av Herren Gud som vandra omkring i hagen i den svale kveldsbrisen. Og mannen og kvinna gøymde seg for Herren Gud mellom trea i hagen.1. Mosebok 2,8–9 og 3,1–8 Lesetekst 2Sælt er det mennesket som held ut i freistingar. Når det har stått si prøve, skal det få livsens sigerskrans, som Gud har lova dei som elskar han. Ingen som blir freista, må seia: «Det er Gud som freistar meg.» For Gud blir ikkje freista av det vonde, og sjølv freistar han ingen. Alle blir freista av si eiga vonde lyst, som lokkar og dreg. Sidan, når lysta er svanger, føder ho synd, og når synda er mogen, føder ho død.Far ikkje vill, mine kjære sysken! Jakob 1,12–16 EvangelietekstSidan førte Anden Jesus ut i øydemarka for at djevelen skulle freista han. Han fasta i førti dagar og førti netter, og til slutt tok svolten han. Då kom freistaren til han og sa: «Er du Guds Son, så sei at desse steinane skal bli til brød!» Jesus svara: «Det står skrive:Mennesket lever ikkje av brød åleine,men av kvart ord som går ut frå Guds munn.»Då tok djevelen han med seg til den heilage byen, sette han ytst på tempelmuren og sa: «Er du Guds Son, så kast deg utføre! For det står skrive:Han skal gje englane sine påbod om deg.Og:Dei skal bera deg på hendeneså du ikkje støyter foten på nokon stein.»Men Jesus sa til han: «Det står òg skrive:Du skal ikkje setja Herren din Gud på prøve.»Så tok djevelen han med seg opp på eit svært høgt fjell og synte han alle rika i verda og deira herlegdom og sa: «Alt dette vil eg gje deg om du fell ned og tilbed meg.» Men Jesus sa til han: «Vekk med deg, Satan! For det står skrive:Herren din Gud skal du tilbe,han og ingen annan skal du tena.»Då gjekk djevelen frå han, og sjå, englar kom og tente han.Matteus 4,1–11
80. Saman som kyrkje for verda - Preike på Fastelavnssøndag - 15.02.2026 v/Stein Ødegård
20:08||Season 2026, Ep. 80Lesetekst 1Set meg som eit segl på hjartet ditt,eit stempel på armen din!For kjærleiken er sterk som døden,lidenskapen ubøyeleg som dødsriket.Han brenn som logande eld,ein Herrens loge.Veldige vatn sløkkjer ikkje kjærleiken,elvar skyl han ikkje bort.Om nokon gjev alt han eigfor å kjøpa kjærleik,blir han berre til lått.Høgsongen 8,6–7 Lesetekst 2Om eg talar med mennesketunger og engletunger,men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.Om eg har profetisk gåveog kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,men ikkje har kjærleik,då er eg ingen ting.Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik,då har eg ingen ting vunne. Kjærleiken er tolmodig, kjærleiken er velvillig,misunner ikkje, [kjærleiken] skryter ikkje, er ikkje hovmodig.Kjærleiken krenkjer ikkje, søkjer ikkje sitt eige,er ikkje oppfarande, gøymer ikkje på det vonde.Han gleder seg ikkje ved urett,men gleder seg ved sanninga.Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.1. Korintar 13,1–7EvangelietekstEg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg. Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg. Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt: Eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg. Far, eg vil at dei du har gjeve meg, skal vera hos meg der eg er, så dei får sjå min herlegdom, den du har gjeve meg fordi du elska meg før verda vart grunnlagd. Rettferdige Far, verda kjenner deg ikkje, men eg kjenner deg, og desse veit at det er du som har sendt meg. Eg har kunngjort namnet ditt for dei og skal kunngjera det, så den kjærleiken du har hatt til meg, kan vera i dei og eg sjølv kan vera i dei.»Johannes 17,20–26
79. Preike på 3. søndag i openberringstida - 18.01.2026 v/Rolf Gunnar Heitmann
25:52||Season 2026, Ep. 79Lesetekst 1Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.1. Mosebok 1,26–31 Lesetekst 2Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:«Sjå, Guds bustad er hos menneska.Han skal bu hos deiog dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei.Han skal vera deira Gud.Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.Johannes' openberring 21,1–6 EvangelietekstTredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.Johannes 2,1–11
78. Ein dåp til død og liv - Preike på 2. søndag i openberringstida - 11.01.2026 - v/Yngvar Nilsen
18:13||Season 2026, Ep. 78Lesetekst 1Sjå, min tenar, som eg støttar,min utvalde, i han har eg mi glede!Eg har lagt min Ande på han,han skal føra retten ut til folkeslaga.Han skrik ikkje og ropar ikkje,røysta hans høyrest ikkje i gatene.Han bryt ikkje eit knekt sivog sløkkjer ikkje ein rykande veike.Med truskap skal han føra retten ut.Han skal ikkje slokna og ikkje bli knektfør han har sett retten igjennom på jorda.Fjerne kystar ventar på hans lov.Så seier Gud Herren,som skapte himmelen og spente han ut,som breidde ut jorda og alt som spirer der,som gjev pust til folket på jordaog ånd til dei som ferdast der:Eg, Herren, har kalla deg i rettferdog gripe handa di.Eg har forma degog gjort deg til ei pakt for folket,til eit lys for folkeslaga,Jesaja 42,1–6 Lesetekst 2Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til [Guds] veg. Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru. For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Den salva.Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei. Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.» Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk. Det var om lag tolv menn i alt.Apostelgjerningane 18,24–19,7EvangelietekstDå kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»Matteus 3,13–17
loading...