Share

Brynekyrkja
Ein dåp til død og liv - Preike på 2. søndag i openberringstida - 11.01.2026 - v/Yngvar Nilsen
Lesetekst 1
Sjå, min tenar, som eg støttar,
min utvalde, i han har eg mi glede!
Eg har lagt min Ande på han,
han skal føra retten ut til folkeslaga.
Han skrik ikkje og ropar ikkje,
røysta hans høyrest ikkje i gatene.
Han bryt ikkje eit knekt siv
og sløkkjer ikkje ein rykande veike.
Med truskap skal han føra retten ut.
Han skal ikkje slokna og ikkje bli knekt
før han har sett retten igjennom på jorda.
Fjerne kystar ventar på hans lov.
Så seier Gud Herren,
som skapte himmelen og spente han ut,
som breidde ut jorda og alt som spirer der,
som gjev pust til folket på jorda
og ånd til dei som ferdast der:
Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og gripe handa di.
Eg har forma deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit lys for folkeslaga,
Jesaja 42,1–6
Lesetekst 2
Ein jøde som heitte Apollos, og som ætta frå Aleksandria, kom no til Efesos. Han hadde ordet i si makt og var vel kjend i skriftene. Apollos hadde fått opplæring om Herrens veg. Han forkynte med stor glød og underviste nøye om Jesus, endå han berre kjende Johannes-dåpen. Han tok til å tala med frimod i synagogen. Der fekk Priskilla og Akvilas høyra han. Dei tok seg av han og gav han grundigare kjennskap til [Guds] veg. Sidan ønskte han å fara over til Akaia, og brørne oppmuntra han til det. Dei skreiv til læresveinane der at dei måtte ta vel imot han. Då han kom dit, vart han ved Guds nåde til stor hjelp for dei som hadde kome til tru. For med stor kraft sette han jødane på plass når han i ope ordskifte viste ut frå skriftene at Jesus var Den salva.
Medan Apollos var i Korint, drog Paulus gjennom innlandet og kom til Efesos. Der møtte han nokre læresveinar og spurde dei: «Fekk de Den heilage ande då de kom til tru?» Dei svara: «Vi har ikkje eingong høyrt at det er nokon Heilag Ande.» «Kva dåp vart de då døypte med?» spurde han. «Med Johannes-dåpen», svara dei. Då sa Paulus: «Johannes døypte med ein dåp til omvending. Han sa til folket at dei skulle tru på den som kom etter han, det er Jesus.» Då dei høyrde det, lét dei seg døypa til Herren Jesu namn. Og då Paulus la hendene på dei, kom Den heilage ande over dei. Dei tala i tunger, og dei tala profetisk. Det var om lag tolv menn i alt.
Apostelgjerningane 18,24–19,7
Evangelietekst
Då kom Jesus frå Galilea til Johannes ved Jordan for å bli døypt av han. Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg?» Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. Med det same Jesus var døypt, steig han opp av vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, i han har eg mi glede.»
Matteus 3,13–17
More episodes
View all episodes

79. Preike på 3. søndag i openberringstida - 18.01.2026 v/Rolf Gunnar Heitmann
25:52||Season 2026, Ep. 79Lesetekst 1Gud sa: «Lat oss laga menneske i vårt bilete, så dei liknar oss! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt kryp som det kryr av på jorda.» Og Gud skapte mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, som mann og kvinne skapte han dei. Gud velsigna dei og sa til dei: «Ver fruktbare og bli mange, fyll jorda og legg henne under dykk! De skal råda over fiskane i havet og over fuglane under himmelen og over alle dyr som det kryr av på jorda.» Og Gud sa: «Sjå, eg gjev dykk alle planter som set frø, så mange som finst på heile jorda, og alle tre som ber frukt med frø i. Det skal de ha å eta. Og til alle dyr på jorda og til alle fuglar under himmelen og til alt som kryp på jorda, alt som har livsande i seg, gjev eg alle grøne planter å eta.» Og slik vart det. Gud såg på alt det han hadde gjort, og sjå, det var svært godt! Og det vart kveld, og det vart morgon, sjette dagen.1. Mosebok 1,26–31 Lesetekst 2Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet var ikkje meir. Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, gjord i stand lik ei brur som er pynta for sin brudgom. Og eg høyrde frå trona ei høg røyst som sa:«Sjå, Guds bustad er hos menneska.Han skal bu hos deiog dei skal vera hans folk,og Gud sjølv skal vera hos dei.Han skal vera deira Gud.Han skal tørka kvar tåre frå auga deira,og døden skal ikkje vera meir,og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pine.For det som ein gong var, er borte.»Han som sit på trona, sa: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han sa: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tørste å drikka av kjelda med livsens vatn som gåve.Johannes' openberring 21,1–6 EvangelietekstTredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der. Også Jesus og læresveinane hans var bedne. Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.» «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.» Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker. «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei. Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.Johannes 2,1–11
76. Ein gartnar med nåde - Preike på Nyårsaftan - 31.12.2025 v/Stein Ødegård
15:24||Season 2025, Ep. 76EvangelietekstSå fortalde han denne likninga: «Ein mann hadde eit fikentre som var planta i vingarden hans. Men då han kom og såg etter frukt på det, fann han ikkje noko. Då sa han til gartnaren: ‘No er det tredje året eg kjem og leitar etter frukt på dette fikentreet og ikkje finn noko. Hogg det ned! Kvifor skal det stå der og arma ut jorda?’ ‘Herre, lat det få stå dette året òg’, svara gartnaren, ‘så skal eg grava kring det og gjødsla det; kan henda ber det neste år. Gjer det ikkje det, får du hogga det ned.’» Lukas 13,6–9
77. Preike på Kristi openberringsdag - 04.01.2026 v/Stein Ødegård
20:04||Season 2026, Ep. 77Lesetekst 1Reis deg, bli lys!For lyset ditt kjem,Herrens herlegdom går opp over deg.Sjå, mørker dekkjer jorda,skodde dekkjer folka.Men over deg går Herren opp,hans herlegdom viser seg over deg.Folkeslag skal gå mot ditt lys,kongar gå mot din soloppgang.Lyft auga, sjå deg ikring!Alle samlar seg og kjem til deg.Sønene dine kjem frå det fjerne,døtrene dine blir borne på armen.Då skal du sjå det og stråla,hjartet skal skjelva og svulma.For havsens skattar blir dine,rikdomen til folkeslaga kjem til deg.Kamelar i mengd dekkjer deg,kamelfolar frå Midjan og Efa.Alle frå Saba kjem,gull og røykjelse har dei med seg,dei forkynner Herrens pris.Jesaja 60,1–6Lesetekst 2Difor bøyer eg mine kne – eg, Paulus, Kristi [Jesu] fange for dykkar skuld, de som er frå andre folkeslag. De har høyrt om den forvaltaroppgåva Gud i sin nåde har gjeve meg hos dykk. I ei openberring vart mysteriet gjort kjent for meg, slik eg kort har skrive om her. Og når de les det opp, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi mysterium, det som menneska i tidlegare slektsledd ikkje fekk vita om, men som no ved Anden har vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: at folkeslaga har del i den same arven, den same kroppen og den same lovnaden i Kristus Jesus ved evangeliet. Eg vart ein tenar for dette evangeliet då Gud med si veldige kraft gav meg si nådegåve. Efesarane 3,1–7 EvangelietekstDå Jesus var fødd i Betlehem i Judea, i kong Herodes' dagar, kom det nokre vismenn frå Austerland til Jerusalem og spurde: «Kvar er den jødekongen som no er fødd? Vi såg stjerna hans gå opp, og no er vi komne og vil hylla han.» Då kong Herodes fekk høyra det, vart han svært uroleg, og heile Jerusalem med han. Han kalla saman alle overprestane og dei skriftlærde i folket og spurde dei ut kvar Den salva skulle bli fødd. «I Betlehem i Judea», svara dei, «for slik står det skrive hos profeten:Du Betlehem i Juda land,blant fyrstane i Juda er du slett ikkje den ringaste.For frå deg skal det koma ein fyrste,ein hyrding for mitt folk Israel.»Då kalla Herodes vismennene til seg i løynd og spurde dei nøye ut om kva tid stjerna hadde synt seg. Så sende han dei til Betlehem og sa: «Gå og forhøyr dykk nøye om barnet. Og når de har funne det, så sei frå til meg, så eg òg kan koma og hylla det.» Då dei hadde høyrt kva kongen hadde å seia, tok dei i veg. Og sjå, stjerna som dei hadde sett koma opp, fór føre dei heilt til ho vart ståande over staden der barnet var. Då dei såg stjerna, vart dei umåteleg glade. Dei gjekk inn i huset og fann barnet hos mora, Maria. Og dei fall på kne og hylla det. Så opna dei skrina sine og bar fram gåver til barnet: gull, røykjelse og myrra. Men Gud varsla dei i ein draum at dei ikkje måtte fara attende til Herodes, og dei tok ein annan veg heim til landet sitt.Matteus 2,1–12
75. Gleda over håpsbarnet - Preike på 4. søndag i adventstida - 21.12.2025 v/Stein Ødegård
17:22||Season 2025, Ep. 75Lesetekst 1Boas tok Rut heim til seg, og ho vart kona hans. Då han kom saman med henne, lét Herren henne bli med barn, og ho fødde ein son. Då sa kvinnene til Noomi:«Velsigna er Herrensom lét deg få ein løysingsmann i dag!Namnet hans skal bli stort i Israel.Han skal gje deg nytt livsmotog sørgja for deg i alderdomen din.For svigerdotter di, som held slik av deg, har fødd denne sonen.Ho er meir for deg enn sju søner.»Så tok Noomi guten og la han på fanget sitt. Ho vart fostermor hans. Nabokonene gav han namn og sa: «Noomi har fått ein son!» Dei kalla han Obed. Han fekk sonen Isai, som vart far til David.Rut 4,13–17 Lesetekst 2For det seier eg dykk: Kristus vart ein tenar for dei omskorne for å visa at Gud talar sant, og for å stadfesta dei lovnader som fedrane fekk, men òg for at folkeslaga skal prisa Gud for hans miskunn, som det står skrive:Difor vil eg prisa deg mellom folkaog lovsyngja ditt namn.Og ein annan stad heiter det:Gled dykk, de folkeslag, saman med hans folk!Og endå ein annan stad:Lovsyng Herren, alle folk,pris han, alle folkeslag!Og Jesaja seier:Isais rotskot skal koma,han som reiser seg og rår over folka,til han skal folkeslaga setja si von.Må Gud, som gjev von, fylla dykk med all glede og fred i trua, så de kan vera rike på von ved Den heilage andens kraft. Romarane 15,8–13 EvangelietekstDå sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,for store ting har han gjort mot meg,han, den mektige; heilagt er hans namn.Frå slekt til slekt varer hans miskunnover dei som ottast han.Han gjorde storverk med sin sterke arm;han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.Han støytte stormenn ned frå tronaog lyfte opp dei låge.Han metta dei svoltne med gode gåver,men sende dei rike tomhendte frå seg.Han tok seg av Israel, sin tenar,og kom i hug si miskunnslik han lova våre fedrar,Abraham og hans ætt, til evig tid.» Lukas 1,46–55
74. Fest i Guds hus - Preike på Adventsmesse - 3. søndag i adventstida - 14.12.2025 v/ Yngvar Nilsen
12:56||Season 2025, Ep. 74Evangelietekst:I fengselet fekk Johannes høyra om alt Kristus gjorde. Han sende bod med læresveinane sine og spurde: «Er du den som skal koma, eller skal vi venta ein annan?» Jesus svara: «Gå og fortel Johannes kva de høyrer og ser:Blinde ser, og lamme går,spedalske blir reine, og døve høyrer,døde blir reiste opp, og den gode bodskapen blir forkynt for fattige.Sæl er den som ikkje fell ifrå på grunn av meg.»Då dei gjekk, tok Jesus til å tala til folket om Johannes: «Kva gjekk de ut i øydemarka for å sjå? Eit sivstrå som svaiar i vinden? Nei! Kva gjekk de ut for å sjå? Ein mann med fine klede? Dei som går i fine klede, held til i slotta hos kongane. Kva gjekk de då ut for å sjå? Ein profet? Ja, eg seier dykk: meir enn ein profet! Det er om han dette er skrive:Sjå, eg sender min bodberar føre deg,han skal rydda vegen for deg.Sanneleg, eg seier dykk: Mellom dei som er fødde av kvinner, har det aldri stått fram nokon større enn døyparen Johannes. Men den minste i himmelriket er større enn han.Matteus 11,2–11
73. Preike på 2. søndag i adventstida - 7.12.2025 v/Lars Sigurd Tjelle
20:49||Season 2025, Ep. 73Lesetekst 1Men Herrens auge kviler på deisom fryktar han og ventar på hans miskunn,så han kan fria dei frå dødenog halda dei i live gjennom hungersnaud. Vår sjel ventar på Herren;han er vår hjelp og vårt skjold. Vårt hjarte gleder seg i han,vi set vår lit til hans heilage namn.Lat di miskunn vera over oss, Herre!Det er deg vi ventar på.Salmane 33,18–22 Lesetekst 2Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, for han hadde ingen større å sverja ved. Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di talrik utan ende.» Og Abraham venta med tolmod og fekk det Gud hadde lova han. Menneske sver ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på alle innvendingar. Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urokkeleg hans avgjerd var; difor gjekk han god for det med eid. Med lovnad og eid, to ting som ikkje kan endrast – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt redning. Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innanfor forhenget, Hebrearane 6,13–19EvangelietekstLat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk? Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. Og dit eg går, veit de vegen.»Johannes 14,1–4
72. "Å utforska mysteriet" - Tekstmeditasjon / føredrag på Kveldsgudsteneste 23.11.2025 v/Einar Vegge
38:03||Season 2025, Ep. 72Domssøndag/Kristi kongedag23.11.2025EvangelietekstDå sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.» Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kanskje vi òg er blinde?» Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande.» Johannes 9,39–41
71. Første Mosebok - Ein Livsvisjon - Foredrag frå Bibelkveld i Bryne kyrkje 11.11.2025 v/ Hans Johan Sagrusten
01:16:23||Season 2025, Ep. 71Forfattaren Hans Johan Sagrusten har skrive boka Fyrste Mosebok. Ein livsvisjon (Verbum 2024). Han peikar på at den første boka i Bibelen har mange bilete og forteljingar som får oss til å reflektere rundt utfordringar i vår eiga tid.Korleis kan me då lesa Første Mosebok i vår tid? Me blir inviterte til refleksjon omkring kloden me bur på, og korleis me bør leva saman på jorda.Her kan du laste ned pdf versjon av foredraget: Ein Livsvisjon