Share

cover art for Søvn og ADHD

Søvnpodden

Søvn og ADHD

Season 1, Ep. 12

Rundt 5 % av barn og unge i Noreg har ADHD. Mange av dei opplever utfordringar i forhold til søvn, samtidig som lite søvn ofte gir ei forverring av ADHD symptoma.


Søvnpodden har snakka med Ole Andreas Hovda, barne- og ungdomspsykiater, om dei vanlegaste søvnvanskane barn og unge med ADHD opplever, kvifor søvn er spesielt viktige nettopp for dei, og ikkje minst korleis vi kan hjelpa dei til å sova betre.

More episodes

View all episodes

  • 15. Søvn hos eldre

    26:20||Season 1, Ep. 15
    Denne episoden av Søvnpodden er for deg som er gammal, eldre eller eldst. Men óg for deg som kjenner nokon eldre, som ein dag har tenkt å bli gammal eller som jobber med dei aller eldste. For kva skjer egentlig med søvnen når vi grånar, og kva kan vi gjere for å sove så godt som mogleg i denne delen av livet? Søvnpodden har snakka med geriater og forskar Marit Stordal Bakken om søvn og søvnproblemer hos eldre - frå den spreke og yrkesaktive 65-åringen til den 90-årige sjukeheimspasienten med stort omsorgsbehov. Og som ein bonus får du ei innføring i korleis ulike vanlige medikament påvirker søvn. Marit er nemlig ekspert på eldre og legemiddel!  
  • 14. Vinterdepresjon

    26:14||Season 1, Ep. 14
    Synes du høst- og vintermånadane er lange og mørke? Er du nedstemt, lite opplagd, og kjenner på søtsug og alltid trang for enda meir søvn? Då er denne episoden av Søvnpodden for deg! Vinterdepresjon er ein form for depresjon som dukkar opp i dei mørke månadene av året, og pregar deg med auka matlyst og søvnbehov, i tillegg til vanlege symptom på depresjon som nedstemthet, negative tankar og tiltakslause.  I denne episoden av Søvnpodden har vi snakka med psykiater og søvnlege Fred Holsten, som forteller oss korleis vi kan førebygge og handtere vinterdepresjon. Spoileralert: LYS!!!
  • 13. Søvnapper

    24:07||Season 1, Ep. 13
    Stadig fleire bruker smartklokker og søvnapper til å følge med på egen søvn. Dei fortel deg kor mykje du har sove, nokon gir til og med tilbakemelding på søvnkvalitet og søvnstadier, og andre igjen meiner å kunne identifisere (og vekke deg på) det optimale tidspunktet for morgon-våkning. Men kan vi egentlig stole på det desse appane fortel oss? I denne episoden av Søvnpodden snakker vi om kva søvn er, korleis søvn kan målast, og kor pålitelige (eller upålitelige) vi synes søvnapper er. Gjest i studio er professor Bjørn Bjorvatn - sjefen vår - og kanskje Noregs fremste søvnekspert.
  • 11. Skiftarbeid

    28:18||Season 1, Ep. 11
    Skiftarbeid er heilt nødvendig for å halde samfunnshjula i gang, og omtrent ein tredjedel av oss jobbar utanom vanlig dagtid. Dessverre opplever mange skiftarbeidarar utfordringar knytt til arbeidstid. Mest vanlig er problem med søvn og våkenheit. Det kan vare vanskelig å halde seg vaken på arbeid, og kanskje enda vanskeligare å sove når det er tid for søvn. I denne episoden av Søvnpodden forklarer vi kvifor så mange slit med skiftarbeid, og ikkje minst kva du som skiftarbeidar kan gjere for å meistre skiftarbeid best mogleg.
  • 10. Jetlag

    35:24||Season 1, Ep. 10
    Skal du på reise, men kvir deg for jetlag på eller etter turen? Synest du det er tungt å komme tilbake til kvardagsrytmen når ferien er over? Eller har du jobbreiser der du må fungere godt allereie dagen etter ei reise over fleire tidssoner? I denne episoden av Søvnpodden får du oppskrifta på korleis du kan tilpasse deg ei ny tidssone best og raskast mogleg, anten du skal reise vestover til USA eller austover til Asia. Gjest i studio er professor Ståle Pallesen, ein av Noregs fremste søvnekspertar. God tur!
  • 9. Ungdomssøvn

    29:32||Season 1, Ep. 9
    Ungdom som kjem i puberteten opplever endringar i søvn og døgnrytme. Det blir vanskeligare å kome seg i seng om kvelden, og ikkje minst å kome seg opp om morgonen. Skuldast det her berre dårlege val og feilprioritering?I denne episoden snakkar Søvnpodden om kva som skjer med søvn og døgnrytme i ungdomstida, og vi diskuterer hva ungdom sjølv kan gjere, korleis foreldre kan hjelpe, og kanskje viktigast - korleis vi som samfunn kan leggje til rette for at ungdom skal få nok søvn.
  • 8. Det finnast hjelp

    42:55||Season 1, Ep. 8
    Dette er episoden du har venta på! Søvnpodden losar deg gjennom ikkje-medikamentell søvnbehandling, steg for steg. Med litt kunnskap, og enda meir motivasjon er det faktisk mykje du kan få til på eigenhand. Med oss i studio er Bjørn Bjorvatn, kanskje den i Noreg med mest erfaring innafor ikkje-medikamentell behandling for kronisk insomni. Anten du er pasient, pårørande, lege eller anna helsepersonell - i denne episoden forklarar vi det du treng å vite!
  • 7. Søvn i overgangsalderen

    31:35||Season 1, Ep. 7
    Er du kvinne i 40-50 åra og opplever du søvnvansker? Eller kanskje du kjenner eller bur saman med ei? Då bør du lytte til denne episoden av Søvnpodden! Søvnproblem er nemlig et vanlig symptom i overgangsalderen, og det er det ikkje alle som veit. For å lære meir om dette har Søvnpodden hatt besøk av Anita Prante (forfattar av "Menopauseboka"), som nærast boblar over både av kunnskap om overgangsalderen og engasjement for folkeopplysing.