Share

cover art for Peer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningar

Språkoppdraget

Peer Perez Øian om prosessar med menneske, maskinar og teaterframsyningar

Ein ny episode av Språkoppdraget er her, og denne gongen er det regissør Peer Perez Øian som er gjest. Han er halvt amerikansk, er utdanna både skodespelar og regissør og har ei mørk fortida som nynorskmotstandar i Bærum. Dei siste åra har han vore husregissør på Det Norske Teatret og sett opp ei rekke framsyningar her. I denne episoden skal det handle mest om prosessar: Om framsyninga Prosessen mot menneska, om prosessen med å lage ei teaterframsyning og om språkprosessar både i og utanfor teateret. 

 

Dei siste månadane har Peer laga ei framsyning ved hjelp av kunstig intelligens, og vi snakkar om korleis det er å regissere ein KI, kva språklege utfordringar han har møtt på i prosessen og kva Peer tenker om kunstig intelligens etter å ha blitt betre kjent med fenomenet. Er han hekta eller redd, føler han seg trua eller oppløfta? Og kva trur han KI kan gjere med språket vårt, og særleg med nynorsk? Den naturlege intelligensen vår får mykje å bryne seg på i denne episoden.

 

Peer tar også lyttarane med inn i prosessen med å lage ei teaterframsyning. Til hausten skal han sette opp si første barneframsyning nemleg Den uendelege historia av Michael Ende på Hovudscenen på Det Norske Teatret, der den menneskelege fantasien står i fokus. Han fortel om korleis han førebur seg til ei framsyning, om korleis han jobbar med teksten, språket og skodespelarane, om kva som er det kritiske punktet i prøveperioden og når det lonar. 

 

Vi snakkar også om forskjellen på nyskriven dramatikk og klassikarar, om korleis manglande kompetanse på amerikanske dialektar stakk kjeppar i hjula for skodespelarkarrieren til Peer i USA, og om kvifor han meiner nynorsken er ein styrke for han som regissør i dag. Ein fin episode for deg som har vitehug!


More episodes

View all episodes

  • 1. Maren Bjørseth om Søstrene, språket og Stiklestad

    01:04:18||Season 7, Ep. 1
    Regissør Maren Bjørseth har ei dragning mot store, monumentale forteljingar. I haust har ho premiere på Søstrene på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Framsyninga er basert på den nesten 700 sider lange romanen til Jonas Hassen Khemiri, om tre søstrer, ein forfattar, og ei historie som strekker seg frå 1980-åra og fram til i dag.10 dagar før premieren står ho midt mellom god og dårleg tid. Det einaste det ikkje er tid til, er å få panikk.Maren Bjørseth er frå Stjørdal i Trøndelag. Før ho forstod det sjølv, var det klart at ho skulle bli regissør. Utdanninga tok ho i Nederland. Da måtte ho lære seg eit nytt språk, og merka korleis personlegdommen endra seg på det framande språket. Den ordrike trønderen var plutseleg stille. Dessutan var humoren umogleg å omsetje. Ho innsåg at språk er ein nøkkel.I dag er ho ein merittert teaterregissør med framsyningar som Prima Facie, Lehmanntrilogien, Blodråpetall, Mi briljante venninne og Romeo og Julie. Årets sommar har Bjørseth brukt på å ha regi på «alle spels mor»: Spelet om Heilag Olav. Der skulle ho halde styr på 150 medverkande, profesjonelle og amatørar, hestar og eit lokalmiljø med eit spesielt nært og kjært forhold til historia om slaget på Stiklestad i 1030.Heldigvis trivst Maren Bjørseth godt i det store formatet. Ho har erfart at kunsten å ete ein elefant er å ta ein bit av gongen. Og at den trønderske haldninga til vêret – etter ein ekstremt blaut sommar – er: «det var da ikkje så verst?»
  • Terje Strømdahl om Pride, Prøysen og Portveien 2

    01:20:28|
    I denne episoden av Språkoppdraget får du ein meisterklasse i tekst og undertekst av skodespelar og regissør Terje Strømdahl. Han har jobba med teater, film og TV i ei årrekke, vunne både Heddaprisen og Kritikarprisen, og blitt omtala som eit nasjonalt ikon. Men han er ikkje glad i skryt og komplimentar. Det han derimot likar, er å vere subtilt bitchy på Facebook. Strømdahl vaks opp på Grünerløkka – eller Grønnerløkka – i Oslo, i ei tid da det var synonymt med rein arbeidarklasse, fyllikar som sov under buskene i Birkelunden, hyl og skrik, og omsorg for kvarandre. Han har eit sterkt forhold til eiga sosiolekt, med a-endingar og tjukk l. For mange som vaks opp på 80-talet, er Terje kjensla av ukomplisert barndom. Med Portveien 2, Sorte Maske frå Midt i Smørøyet, og den franske kokken Jean-Claude frå Laurdagsunderhaldninga på NRK. På tidleg 90-tal stod Terje Strømdahl fram som homofil, og brukte kjendisstatusen sin til å gjere det enklare for andre som kom etter. I haust skal han tolke Alf Prøysen, saman med Knut Anders Sørum og Frida Ånnevik, i konsertframsyninga Prosjekt Prøysen på Det Norske Teatret. Når han syng «Trassvisa hennes Tora», handlar det ikkje berre om tapt kjærleik, men også forbode kjærleik. Kanskje var det akkurat sånn Prøysen hadde tenkt det? I denne episoden går vi djupt inn i språkets filosofi. Er all tekst løgn? Når Terje Strømdahl deklamerer «Ja, vi elsker», «Å vere eller ikkje vere» og «Mikkel rev», blir språkets uendelege djupn tydeleg for alle. Terje Strømdahl har pilotsertifikat, sitt eige småfly og favorittordet er «Lufthavn». Men om nokon spør om han har ‘fløyet’, er svaret nei. Terje Strømdahl har ‘flydd’.
  • Marianne Krogh om 50 år i ensemblet og nervane som aldri går over

    01:06:46|
    Om du har vore på Det Norske Teatret dei siste 50 åra, er sjansen veldig stor for at du har opplevd skodespelar Marianne Krogh på scenen. 19 år gammal starta ho på teaterets elevskole. No er ho 70 år og har ingen planar om å gi seg med det første. Ho har gått frå å vere den yngste i ensemblet til å bli den eldste. I Språkoppdraget snakkar ho om korleis teateret har utvikla seg på desse åra. At Marianne Krogh eigentleg er frå Bergen, kan du ikkje høyre. Dialekta måtte ho legge frå seg da ho starta på nynorskteateret. Det var hard jobbing og lange turar i skogen. I dag er språkidealet annleis. Likevel har ho halde på austnorsken. Men av og til snik det bergenske gemytt seg fram. For eksempel når ho tenker at Henrik Ibsen er ein speidar. I Språkoppdraget snakkar ho om nervane som alltid kjem før ho skal på scenen, om kvifor ML-rørsla frårådde ho å bli skodespelar, og om den gongen Se&Hør ville ta bilde av henne naken på scenen. Tre gonger har ho vore nominert til Heddaprisen for beste medspelar, og i podkasten fortel ho om kva som gjer eit ensemble godt. Marianne Krogh har ikkje ei draumerolle, men kunne godt tenkt seg å spele mann. 
  • Hulda Garborg-spesial med Arnhild Skre

    01:04:35|
    Det Norske Teatret har alt å takke Hulda Garborg for. Faktisk hadde ho ein finger med i det meste vi i dag tenker på som rotnorsk, sånn som bunaden, folkedansen, norsk tradisjonskost og sjølvsagt nynorsk. I denne spesialepisoden av Språkoppdraget har vi invitert den fremste eksperten på Hulda Garborg, nemleg Arnhild Skre. Ho er historikar, journalist og biograf. I 2011 gav ho ut den store biografien om Hulda Garborg, som ho fekk Brageprisen for. Hulda Garborg var eit imponerande driftig menneske. Ho var ein pioner i landsmåldramatikken, gav ut den første kokeboka på landsmål og var eit idol for landsmålungdommen. Likevel blei ho ikkje rekna med i arbeidet med den norske språket. Mannen hennar, Arne, meinte grunnen var at ho blei rekna som «bymenneske» og derfor ikkje snakka «norsk» nok. Men Hulda sjølv hadde nokre kontroversielle meiningar om bruksområdet for landsmålet. I si tid fekk ho kanskje ikkje den merksemda ho fortente. Men arven etter henne ser vi overalt i dag. Hulda Garborg var heilt sentral i norskdomsbygginga som skjedde i Noreg på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet. Ho blir kalla bunadens mor, og ville nok elska det mangfaldet av bunader vi ser på 17. mai i vår tid, spesielt dei som er sjølvsydde.Ho var ein allsidig forfattar, kulturentreprenør og folkeopplysar. Ho var ei eldsjel og ein pioner i ei lang rekke saker. Der enkelte sat og diskuterte grammatikk, ville Hulda Garborg vise kor allsidig landsmålet og den norske kulturen var. Det gjorde ein best gjennom teateret. Dermed starta ho Det Norske Spellaget, som seinare blei til Det Norske Teatret. 
  • Fredrik Island Gustavsen om kunstløp, direkteteksting og akrobatikk i språket

    57:12|
    Kva har trippel tålupp og touchmetoden til felles?Begge krev presisjon i lufta og total kontroll i landinga. Det ser leikande lett ut når ein kan det, og smertefullt ut når det går skeis. Men først og fremst har dei dagens gjest i Språkoppdraget til felles! Fredrik Island Gustavsen jobbar til vanleg i NRK med direkteteksting, men under Vinter-OL er han kommentator i kunstløp.I denne episoden snakkar vi om språk i høg fart – og om kunsten å lande både hopp og setningar stødig.
  • Marie Blokhus om vaffelrøre, banning og «flink pike»-stempelet

    59:34|
    Kva har nakenbading i vaffelrøre, synestesi og Tverlandet til felles? Marie Blokhus, sjølvsagt.I meir enn 15 år har ho spelt roller på Det Norske Teatret, i alt frå Hamlet og antikkens tragediar, til Fugøetribunalet og barnelege i livskrise i Lars Noréns siste stykke Kommunion. Ho har kjempa seg ut av «flink pike»-stempelet, og vunne Heddaprisen.I denne episoden av Språkoppdraget fortel Marie om si aller første rolle, som fekk henne til å velje teateret, om korleis ho brukar eigne erfaringar i arbeidet med nye karakterar, og kvifor det faktisk var heilt riktig å bade rundt i vaffelrøre i Unge Werthers lidingar.Vi snakkar om nordlendingar og banning (myte eller fakta?), om å pugge manus i ring på stovegolvet, og om at ho i haust skal ha regi på sin aller første musikal!Marie blir framleis kjent igjen som kona til Vidar Magnussen frå NRK-serien Side om side. Vi snakkar om kinopremiere og raud løpar, kulturpolitikk, den tapte tenåringsromanen ingen får lese, og coverlåtar på nynorsk med bandet The Young Suffering Ensembla. 
  • 6. Ragnhild Holmås om rotta som skotta, språkglede og Donald Duck

    57:07||Season 6, Ep. 6
    Dagens gjest er minst like glad i språk som oss i Språkoppdraget. Ragnhild Holmås skriv bøker om etymologi for både barn og vaksne. Sidan det snart er jul, får vi i denne episoden artige innblikk i julespråkets etymologi. Har bakverket vi et på Lucia-dagen noko med katter å gjere? Sit den fattige jomfrua i eit lønnetre? Er englane i vedskjulet? Og når nettene blir lange, kva gjer eigentleg dei skottande rottene?I denne episoden får du vite kva ‘puppar’ og Manchester United har til felles, kor namnet avokado kjem frå, og kva opphavet til det universelle «OK» er.Ragnhild Holmås er Noregs første kvinnelege Donald-forfattar, og har skrive fleire historier for Donald Duck & Co som er omsett til fleire språk. Ho har ein personleg vendetta mot svada og stivbeint språk, men er ikkje glad i streng peikefinger og raudpenna.Holmås er Språkoppdragets første gjest med ein Riksmålspris. Heldigvis er ho også medlem i Noregs mållag.Velkommen til ein episode der hugskotta kjem på rekke og rad og språkentusiasmen sit laust! 
  • 4. Natalie Bjerke Roland om Trump, Pippi og spel

    56:32||Season 6, Ep. 4
    Dagens gjest har stått på scenen heile livet. Frå den tidlege starten med barnekor og teaterleik, har karrieren gått slag i slag for Natalie Bjerke Roland. Ho har spelt store musikalroller, vore å sjå i TV-seriar som «Rådebank» og «Nissene i bingen», og på film i den politiske satiren «Ingen kommentar». På Det Norske Teatret står ho for tida på alle tre scenane og speler for utselde hus kveld etter kveld. I den afrofuturistiske framsyninga Sukker på Scene 2, i juleframsyninga Magic Mouse vs. Captitalism på Scene 3, og i Eurovision-musikalen Europavisjonar på Hovudscenen. I sistnemnde briljerer ho som den amerikanske presidenten Donald Trump. Roland, som sjølv er halvt amerikansk, trudde først det stod feil på rollelista. Da ho forstod at det var riktig, brukte ho timesvis på YouTube for å finne sin indre Donald, både i røyst, kropp og ikkje minst dans. I Språkoppdraget fortel ho om korleis det er å bli bua på av publikum, som ho har blitt i Europavisjonar. Ho har også opplevd å få Trump-parodi i retur frå salen. Til våren skal ho spele ei anna rolle absolutt alle har eit forhold til, nemleg hovudrolla som verdas sterkaste jente i musikalen Pippi på Sirkus. Dessutan skal ho spele Gudrun i «alle spels mor», Slaget på Stiklestad til sommaren. 2026 byr altså på to ting Natalie Bjerke Roland aldri har gjort før – så det klarar ho sikkert, med elskhug!God lytt!