Share

Sparebank i bordet
Sparebankane som desentraliserte pengeprodusentar
Ep. 3
•
Noregs Bank har einerett på å slå mynt og utferda pengesetlar. Men kontantar i dag liknar på dueungar: Vi veit at dei finst, men vi ser dei aldri. For moderne pengar er fyrst og fremst kontopengar – som også blir produsert av sparebankane. Korleis fungerer sparebankane som digitale setelpresser?
More episodes
View all episodes

1. Kva er ein sparebank?
31:06||Ep. 1Ei utforsking av særtrekk ved sparebankar i tid og rom. Kvifor byrja Morten og Lars Fredrik på kvart sitt vis å interessera seg for slike bankar? Kva særmerkjer sparebankanes sjel – og korleis artar sjelevandring i Sparebank-Noreg seg?
2. Det store hamskiftet i Sparebank-Noreg
34:04||Ep. 2Med Hallvard Klakegg, dagleg leiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Sparebankane vert færre og færre –og større og større. Samstundes veks sparebankstiftingane opp og fram. Kvifor det? Og kva gjer dei eigentleg?
4. G for gåveinstituttet
32:22||Ep. 4Med Sveinung Rotevatn, nestleiar i Venstre. Sparebankane vart oppretta for å driva med bankverksemd. Men så byrja dei smått om senn å gje gåver – eller samfunnsutbytte. Kor viktig er dette gåveinstituttet – både politisk og ideologisk?
5. Profitt og samfunnsansvar, hand i hand
38:03||Ep. 5Med Marie Sneve Martinussen, partileiar i Raudt. Alle bankar må gå med overskot. Men bankar er også eit fellesgode på line med elektrisitets- og vassforsyning – samfunnskritisk infrastruktur. Kva er samfunnsrolla til sparebankar i dag, ved sida av konvensjonell profittmaksimering?
6. Sikker som banken?
27:45||Ep. 6Ordet sparebank gjev assosiasjonar til både 1800-talet, omfattande strukturendringar – og teknologiske brukargrensesnitt. Morten og Lars Fredrik rundar av med spekulering om Alexander Hamilton, bitcoin, bankarkitektur og Ludwig Mies van der Rohe.