Share

cover art for #003 Raw Deal med Kim Diaz Holm

Priest VS Maiden

#003 Raw Deal med Kim Diaz Holm

Ep. 3

Kim Diaz Holm er første gjest ut i denne podkasten, og for ein bra gjest! Vi går gjennom platecover, og i slutten av episoden blir det første poenget i kampen mellom Priest og Maiden delt ut av nettopp Kim.


Kim sine illustrasjonar har pryda norske og utanlandske heavy-cover frå Den 5 statsmakt med Black Debbath fram til siste Abbath-plata. Vi går gjennom ulike epokar og ulike artistar som har laga cover for begge banda gjennom åra.


Ikkje overraskande er det Maiden som stikk av med det første poenget, så etter denne episoden står det altså Priest 0 - Maiden 1! Likevel, vi kan love at side to av Sin After Sin aldri blir det samme igjen etter å ha høyrd denne episoden, og at på andre plan utover plateomslag står Priest igjen styrka etter diskusjonen av både tekstar og musikk.


Kim's topp 3 (egentlig topp 4 Priest og topp 1 Maiden!)

Spotify-spilleliste

Priest:

Let us prey/Call for the priest

Raw deal

Here comes the tears

Dissident Agressor

Maiden:

Quest for fire


Musikken som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube .



More episodes

View all episodes

  • 29. #029 LAD vs UITE med Espen Rock Nørvåg Slapgård

    01:44:25
    Espen Rock Nørvåg Slapgård er ein institusjon innan norsk hardrock. Om er han er i rolla som plateselskaparbeidar, redaktør for Metal Hammer, radiovert på Radio Rock eller DJ i teamet Oslo Rock Dealers flyr han heavy-fanen høgt. Espen Rock, we salute you! Espen har fått den vanskelige oppgåva å avseie dom på kva som er det beste av to av tidenes beste live-album: Live After Death og Unleashed In The East. I denne episoden går vi svært grundig til verks, og diskuterer låtutvalg, plassering i diskografien, kor viktig dei to albumma er i forhold til banda som har gitt dei ut m.m.Det var ei sann glede å ha deg som gjest Espen! Espen sine favorittar:Maiden:Album: PowerslaveLåtar:Hallowed Be Thy NameWrathchildCaught Somewhere In TimePriest:Album: Sin After SinLåtar:ExciterMetal GodsRipperSPOILER ALERT!Espen sitt poeng gjekk til Priest! Stillinga etter denne episoden er : Priest 11,5, Maiden 5,5.
  • 28. #028 Love Bites med Aki Morimoto frå Electric Eel Shock

    48:56
    Aki Morimoto er gitarist og vokalist i det fantastiske bandet Electric Eel Shock. Etter at ein av vertane (Tarjei) såg dette bandet på Garage ein tysdag kveld tidleg på 2000-talet vart han storfan, og har mellom annan skreve ein artikkel i Bergens Tidende om dei, hatt dei som gjester på 17.mai-frukost, og vore på konsert med det fleire gonger både Noreg og fleire byar nedover kontinentet. Vi snakkar mellom anna om korleis det var å vokse opp i Japan som metal-fan på 80-talet og om dei to gongene Bruce Dickinson inviterte Aki og bandet som gjestar i radioshowet sitt. Du får og vite kva slags titlar plateselskapa i Japan sette på både album og låtar frå både Priest og Maiden, der er det mykje som er både tapt og vunne i oversetjinga! Som gitarist har Aki i oppgåve i denne episoden å kåre den beste gitaristen mellom gitaristene i Priest og Maiden. SPOILER ALERT!Aki sitt poeng går til Glen Tipton og Judas Priest. Stillinga etter denne episoden er dermed: Priest 10,5, Maiden 6,5.
  • 27. #027 Wild Nights, Hot and Crazy Days - SRF vs TONS

    01:08:32
    Vi oppsummerer dei to store festivalane vi har vore på i år: Sweden Rock og Tons of Rock. Vi diskuterer storleik, toalettfasiliteter, publikum, program og avslører våre topp tre konsertar frå begge festivalane. Deretter bruker vi litt ekstra tid på refleksjonar rundt den første Maidenkonserten vi har sett etter at vi har starta podkasten. Det er sumarferie, vi tar nokre veker fri men fortset med nye gjester og meir diskusjon til hausten. God sumar, og takk for at du lyttar til Priest VS Maiden! Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.
  • 26. #026 A Touch of Evil: Live in Lykkeland

    23:13
    Vi var på konsert med Judas Priest i DNB Arena i Stavanger 14 juni 2022! Det var heilt vilt bra, og på mange måtar har denne podkasten bygd opp til denne konserten. Og til Maiden 23. juni på Tons of Rock! Musikk-vignettene som blir brukt er inspirert av Priest og Maiden, og fremført av Andrea Noah Boma Boccarusso, og brukt med tilltattelse av fremfører. Du finner han på instagram @boma_ab og YouTube.
  • 25. #025 The Trooper with Nate Bergman

    01:15:25
    This is our first (but not last!) episode in english! This podcast raises the very important question: Which is the better band, Priest or Maiden? While we don't like polarizing opinions, we love discussing every aspect of those two bands with our guests. Each guest tells which band the prefer, but can only give 1 point based on the aspect we are discussing. If you like, you can check the unedited episode on YouTube.Our first english-speaking guest is the powerhouse singer Nate Bergman. He fronted the now legendary Lionize for many years, and this week his first solo album Metaphysical Change placed at number 8 on the Top New Artist Albums chart on Billboard. He just got off the road supporting the mighty Clutch, but he's alway on the road, check his webpage or Facebook for dates! We talk about how Nate got into Priest and Maiden, his first meeting with Neil Fallon from Clutch, his top Priest and Maiden tunes, and we'll find out if Rob Halford or Bruce Dickinson is his favourite singer of the two. We also talk pizza, and herring! Thanks Nate for guesting! Nate's top tunes and albums: Maiden: Album: Piece of mindSongs:The TrooperFlight of IcarusWhere Eagles DarePriest: Album: Screaming for VengeanceSongs: You've got another thing comingPainkillerLiving after midnightSPOILER ALERT!We're keeping tabs! Nate's judgement: Rob Halford's got more swing than Bruce Dickinson, so his point goes to Priest. After this episode, the score is: Priest 9,5, Maiden 6,5Intro inspired by Priest and Maiden, recorded by Andrea Noah Boma Boccarusso, used with permission. You can find him on instagram @boma_ab and YouTube.
  • 24. #024 Wildest Dreams med Hallvard Gaardløs

    01:36:26
    Hallvard Gaardløs er bassist i mange av dei finaste heavy/rock-banda her i landet, mellom anna Spidergawd, Draken og Orango. Og ettersom Tarjei er bassist sjølv har han lengta lenge etter å endelig å få nerde seg på bassing med ein likesinna.Vi set (bass) tonen med at Hallvard og Tarjei går gjennom sine topp tre bassistar, og deretter går vi gjennom både spelestil, utstyr, låtar, livestil med meir. Før vi konkluderer med kven som er den beste bassisten lagar vi fleire nyord som Post-Harris-Bass-Powerchords-Maiden og snakkar om Ny-Hill-ismen, som kanskje til og med kan beskrive Hallvard sin bass-stil pr i dag. Og - Hallvard har gjort ein komparativ analyse av Ripper-æra og Blaze-æra platen, og dommen hans får du i episoden.Hallvard sine favorittar:Maiden:Album - 7th sonLåtar:Waysted YearsWrathchildRainmakerPriest:Album - Screaming for VengeanceLåtar:The SentinelBetween the Hammer and the AnvilMetal GodsSPOILER ALERT!Hallvard sitt poeng går til Steve Harris og Iron Maiden. Stillinga etter denne episoden er dermed: Priest 8,5, Maiden 6,5.
  • 23. #023 Powerslave med Eirik Strønen Søfteland

    01:11:42
    Eirik Strønen Søfteland kom busande inn i hjartene til heile det norske folk i 2013, og har hatt ein plass der sidan! Han er ein framifrå vokalist og formidlar av både eigne og andre sine låtar, og han har fleire gonger måtte stå rett foran ekspert/dommarpanel (men han har vel aldri fått kjeft). Han leiar prog-rockarane Sipher i tillegg til at han frontar eitt av Bergens to Maiden-coverband: Powerslaves. Men! Både Priest og Maiden spelar og coverlåtar, alt frå Joan Baez, Fleetwood Mac, Jethro Tull, Thin Lizzy, FM m.m. har fått sitt umiskjennelige Priest eller Maiden-preg opp gjennom åra. Kva for eitt av banda er det som tar denne oppgåva mest på alvor, og klarar å lage låtane til sine eigne? I denne episoden er det Eirik som utgjer dommarpanelet, og avgjer utfallet. Eirik sine favorittar: Maiden: Album: PowerslaveLåtar: PowerslaveAlexander the GreatThe ClairvoiantPriest: Album: Firepower (!)Låtar: PainkillerNecromancerLiving after midnightSPOILER ALERT! Eirik sitt poeng gjekk til Priest! Etter første gjest i 2022 sesongen er stillinga: Priest 8,5, Maiden 5,5.
  • 22. #022 Between the Hammer and the Anvil - Topp 10 heavyband

    01:16:27
    I denne episoden snakkar vil litt om starten på Judas Priest sin jubileumsturné, om 40årsjubiléet til Number of the Beast, og Tarjei har litt kritikk av bokssettet 50 years of metal! Størstedelen av episoden går likevel med til å telje ned topp 10 heavyband for vertane. Ein av lyttarane utfordra oss på det, og vi tok utfordringa på strak arm. Og angra med det samme! For å skulle rangere og vurdere favorittbanda sine, det er vanskelig det. Så kva er nr 1 heavybanda våre? Og kor plasserer Priest og Maiden seg på lista? Den som lyttar vil finne det ut!
  • 21. #021 50 years of metal unboxing

    54:30
    I denne episoden snakkar vi litt om Meat Loaf, fantaserer litt om potensielle gitaristar som kunne ha steppa inn i Priest om ikkje Sneap hadde blitt tatt inn i varmen igjen, og pakkar opp den nydelige boksen 50 years of heavy metal. Denne episoden fins og som video på Youtube https://www.youtube.com/watch?v=gI8Tx8Qyq_w og på podkasten sin Facebook-side.