Share

cover art for Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Oikos - framtidspodden

Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

Ep. 20

Miljøkrisa er fundamental, og krevjer fundamentale løysingar, seier professor i etikk Odin Lysaker. Djupøkologien er eit svar på dette. Alt liv som påverkst av miljøkrisa må rommast i demokratiet.


Vi har tidligare vore innom temaet miljø og demokrati her i podden.

Er demokratiet i stand til å løyse våre felles miljøproblem?

Er det tvert imot eit hinder for å løyse miljøproblema?

Eller er demokratiet sjølve nøkkelen til å løyse miljøproblema, gitt at ein tenker nytt om kva demokrati skal bety?

Dette er nokon av tema i det som vert kalla djupøkoloigien

Ei filosofisk retning som mellom anna har vorte utvikla i norge

Mange kjenneer til Arne Næss

Men også mange andre navn som til dømes Nils Faarlund var involvert

 

Ein som i dag jobbar med desse spørsmåla

nett det å tenke nytt om demokrati og natur

er filosof og professor i etikk ved Universitetet i Agder, Odin Lysaker.

I 2024 kom han med boka «Ecological democracy – caring for the earth in the antropocene»

Og det er han som er dagens gjest.


Her snakkar vi om kva djupøkologi er, og den djupøkologiske tradisjonen.

Kvifor vi treng djupøkologi, og kva den er eit svar på.

Korleis det kjem frå djupøkologien at også den delen av naturen som er ikkje-menneskelig må ha representasjon i demokratia våre

og vi diskuteraste korleis dette kan sjå ut i praksis.


I "Ord for dagen" tenker eg vidare på samtalen, og korleis løysingane på miljøproblema delast opp mellom grøn vekst og vekstkritikk. Ein gammal klassikar dukkar opp frå fortida - Thomas Malthus. Kvifor er han relevant i dag?


Foto: Lars Verket - UiA

More episodes

View all episodes

  • 19. Distriktspolitisk parterapi

    59:09||Ep. 19
    Senterpartiet og MDG er etter mi meining to av dei partia som i størst grad har politikk for norske distrikt og landbruk. Ein vågal påstand kanskje - med to parti som støtt er i tottane på kvarandre. Men eg trur dei to partia har mykje å snakke om - klarer dei å legge vekk eit par saker. Så i denne episoden spør eg Senterpartiet sin Erling Sande om ALT eg lurer på om senterpartiet. Og i bakgrunnen lurer FrP....Eg har lenge ønska å ha ein episode med Senterpartiet på podkasten. Distriktspolitikk heng tett saman med miljø, natur og klima, så vel som identitet og kultur i Norge. Senterpartiet er det partiet som i størst grad ser på seg sjølv som distrikta si stemme. I eit samfunn der stadig fleire flyttar til dei større byane, og desse områda set stadig meir av agendaen for samfunnsutviklinga, treng vi sterke distriktsstemmer. Og ingen kan skulde senterpartiet for å vere noko anna. På sitt beste evnar Senterpartiet å setje saker på dagsorden som er gløymt eller rett og slett ignorert. Dette trur eg var årsaka til partiet sitt sterke resultat i stortingsvalet i 2021, då dei fekk 13,5% og gjekk i regjering med arbeiderpartiet.Men, som oppvoksen på bygda, flytta til byen, og så tilbake til bygda så har eg like ofte vore frustrert over Senterpartiet. Om dei var gode på problembeskrivingar i 2021, så er eg usikker på om dei lukkast like mykje med løysingar. Dei brukte mykje politisk kapital på saker som oppdeling av Viken fylke og gratis ferger. Store saker som kommuneøkonomi, derimot, som kanskje er den virkelig store elfenten i rommet i distriktsnorge, var det mindre snakk om. Dette viste også att på oppslutninga, som dala. Partiet miste velgarar, og Sp tok til slutt (etter mi meining) «ein FrP» og gjekk ut av posisjon for å styrke seg som opposisjonsparti i god tid før neste val. Ja, det var nett FrP partiet miste velgarar til – eit anna parti som somme (meg inkludert) vil seie er betre på problembeskrivingar enn løysingar. Og det er ingen tvil om at alle som brenn for distrikta bør vere obs på FrP. For partiet er no norges absolutt største distriktsparti. Kva har vore Senterpartiet sitt svar på dette? Mi oppfattning er at strategien har dreia mot det eg ser på som meir “konservativ bygdepopulisme”, der identitetspolitikk, petroleum og kulturkonservatisme køyrast fram på bekostning av miljø, omstilling og eit inkluderande distriktsfellesskap. Kort sagt målbærer Senterpartiet sin retorikk no i mange tilfelle nett dei utkantane som meg og mange andre har ønska å flytte frå, og som på ingen måte reflekterer den bygda eg flytta heim til. Årsaken kan ein sjølvsagt mistenke, er at Sp har mista så mange velgarar til FrP, og at partiet no er i drift mot høgre. Det er i så fall veldig synd, for vi treng eit parti med positive og inkluderande visjonar for distrikta som no og i dei komande åra skal møte enorme endringar og utfordringar i klima, natur og næringsliv. For det meinar eg framleis: Senterpartiet er eit løysingsorientert sentrumsparti med mange andlet. Ja, før dei fann ut at det ikkje var så kult allikavel, så hadde partiet programfesta omstilling av norsk petroleumssektor – for eksempel. Partiet har absolutt eit potensiale i seg til å vere med å stake ut ein positiv og berekraftig visjon for sterke og levande norske distrikt. Men korleis? Difor ønsker eg å snakke med Erling Sande - Gloppar og ein tydelig senterpartipolitikar. Om visjonar for distrikta. Miljø, og omstilling i ei verd der natur- og klimautfordringane vil påverke oss stadig meir, og der distriktsnorge faktisk har store moglegheiter - om vi vel å gripe dei.Foto: Senterpartiet
  • 18. Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?

    01:10:56||Ep. 18
    Forskar og forfattar Bård Lahn forklarer korleis Noreg både kan opne nye gassfelt og innføre rådyre klimatiltak. Korleis er det mogleg!?! Kristian ser fanden på flatmark og blir NESTEN konspiratorisk: dette er det oljepolitiske komplekset!!I førre veke kom nyhenda at regjeringa gjenopnar tre gassfelt og opnar for leiting på 70 nye stadar på norsk sokkel – nokon av dei uvanlig nær kysten. Dette burde ikkje vere noko overrasking frå arbeiderpartiet, som vil utvikle og ikkje avvikle norsk petroleumsnæring. Likevel er det jo eit skisma i norsk politikk at vi har ambisiøse klimamål og rådyre klimatiltak på norsk landjord, samtidig som vi held fram å stimulere vår største kjelde til CO2, nemlig norsk petroleumssektor. Korleis får vi dette til å henge saman? Ja, samanlikna med våre naboland så er dette like særnorsk som brunost og grandiosa. Så dagens tema er petroleum og klima. Nærare bestemt om det har noko å seie for norsk klimapolitikk at petroleumssektoren er norges største næring. Med oss for å diskutere dette har vi sjølvaste Bård Lahn – veldig kjekt. Ein av dei eg hadde i tankane då eg starta denne podden. Bård Lahn har jobba med klima lenge. Han er i dag forskar og forfattar, førsteamanuensis verd Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo, og tilknytta Cicero Senter for klimaforsking. Tidligare har han jobba for Naturvernforbundet og vore leiar av Natur og ungdom. Eg vart merksam på Lahn då eg plukka opp boka hans «Klimaspillet» frå 2013 – noko så sjeldan som ei veldig spennande og forståelig bok om internasjonale klimaforhandlingar, der Lahn var med som observatør. I haust kom han med ei ny bok: «Kven bestemmer over klimaet – ei kort bok om eit nesten umulig spørsmål». Og når han ikkje skriv framifrå innføringar i svært kompliserte tema, så jobbar han med tilsvarande kompliserte tema – som til dømes norsk petroleumssektor og norsk klimapolitikk. Og det er difor Lahn er gjest her i Oikos – for i dag skal vi snakke om eit stort og viktig (og kanskje litt vanskelig og vondt tema) nemlig kva påverknad norsk petroleumssektor har på norsk miljøpolitikk.Relevante og omtalte saker i podden:https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S2214629626002215?dgcid=coauthorhttps://www.energiogklima.no/meninger-og-analyse/debatt/store-tar-feil-om-behovet-for-oljeletinghttps://www.nrk.no/rogaland/regjeringen-med-storoffensiv_-gjenapner-tre-gassfelt-og-utvider-letearealet-kraftig-1.17871553https://forlaget.manifest.no/products/hvem-bestemmer-over-klimaethttps://www.forskning.no/makt-partner-penger/norge-er-mye-mer-elitestyrt-enn-de-flest-av-oss-er-klar-over/2657689https://www.uio.no/forskning/forskningsnytt/apollon/artikler/2026/2-tema-klimapolitikk.htmlhttps://www.idunn.no/doi/epdf/10.18261/nost.7.4-5.5https://forlaget.manifest.no/collections/alle-produkter/products/hvem-bestemmer-over-klimaetFoto: Erik Engblad (UiO)
  • 17. Kraft OG natur - ja faktisk!

    01:17:57||Ep. 17
    Sidan eg er litt interessert i miljø og klima og slikt, er sosiale medier fulle av fornybar kraftSom eg har snakka om tidligare her på podkasten, har prisen på vind og sol gått ned, noko som tilsynelatande gir høg stemning i fornybarbransjen i mange land.Mange snakkar om fornybar no – og det er utan tvil viktig.Vi kan kalle det ein fornybar-boom.Science kalla dette årets gjennombrot i 2025 - at fornybar no kan konkurrere med fossil i pris. Det er så klart mange spørsmål igjen - særlig dette med kraft som ferskvare og batterikapasitet. Men også areal. For vind og sol er potensielt svært arealkrevjande. Konfiktene kring vind har vist at dette er brennbart. Så er det store spørsmålet: klarer vi å tenke to tankar samtidig – klarer vi å tenke både fornybar kraft og bevaring av natur? Og det er grunnen til at vi har dagens gjest her – Kristina Fröberg, seniorrådgivar for klima og energi i WWF. For WWF publiserte tidligare i vinter rapporten «Naturguide for norsk omstilling», som tar for seg nett dette: korleis fornybar energi og natur kan gå hand i hand.Rapporten:https://www.wwf.no/klima-og-energi/gr%C3%B8nt-kraftl%C3%B8ftFoto: WWF
  • 16. Blå framtid eller svart hav?

    01:05:56||Ep. 16
    Norske havområde har enorme økosystem og fiskeriressursar. Men no er det store ting i bevegelse. Er du glad i fisk, interessert i norsk fiskeri, eller generelt opptatt av natur - dette er ein SVÆRT lærerik episode. For i dag skal vi besøke norges største og mest verdifulle økosystem, både biologisk og økonomisk.Vi skal snakke med Forskningsdirektør Geir Huse (Havforskningsinstituttet) om våre marine økosystem.Norge har enorme havområdeVi har nokon av dei viktigaste fiskeriressursane i europaVi har også forvaltaransvar for enorme maritime økosystem, heilt frå skagerrak til pol-isen.Og vi har ei av verdas lengste kystlinjer.Våre viktigaste næringer er basert i sjø- og havområda.Oppdrettsbransjen nyttar seg av gunstige tilhøve langs norskekysten.Havområda rommar norge sine olje- og gassreservar.Så vel som moglegheiter for framtidige, og kontroversielle industrieventyr som havbotnmineral. Så det er klart at er ein opptatt av naturSå bør ein vere opptatt av havet – med litt meir substans enn eg har til no.Og eg har ei kjensle av at eg ikkje er aleine om detteSnakkar ein om naturvern er det som oftast landbasert natur det er snakk omSamanlikna med andre typer verneområder er såkalla maritime verneområder relativt nyeOg der om lag 17-18% av norske landområder er underlagt noko form for vernEr 4.6% av sjøareal innan den norske territorialgrensa, og under 1% av områda innan den norske økonomiske sona verna (MDir) Men norge er ein sjønasjonVi har store kunnskapsmiljø som veit betydelig meir om havet enn megKanskje det fremste er Havforskningsinstituttet.I februar kom dei med rapporten som heiter «Ressursoversikt 2026»Der Forskningsdirektør Geir Huse var hovudforfattar.Eg tenkte at dette er sjangsen min til å få meir oversikt over korleis det faktisk står til med dei norske havområdaOg korleis vi kan forvente at det vil gå med dei marine økosystema dei komande tiåra – i møte med eit klima som også påverkar havet dramatisk.Så i denne episoden snakkar eg med Geir Huse om tilstanden og utsiktene til norske marine økosystem.Og er ein interessert i natur, glad i fisk, eller opptatt av norsk maritim næring, så er dette meget interessant lytting.
  • 15. Klimakrise = demokratikrise?

    01:16:17||Ep. 15
    I denne episoden snakkar eg med professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo. Han ledar forskingsgruppa Democrisis. Og dei seier demokratiet vårt har svikta i å løyse miljøproblema.Demokratiet treng ei oppstramming. I ei tid der demokratiet trugast frå mange kantar er miljøkrisa nok eit skjær i sjøen.Mjaaland er ikkje viss på kvar demokratia våre er om eit par tiår.Det er eit iboande potensiale for autoritære strøymningar i miljøkampen.Ein kan sjå føre seg at ettersom miljøproblema blir meir pressandeOg folk ikkje opplever at demokratisk valde politikarar og styresmakter ivaretar befolkninga tilstrekkeligSå vil ein kunne avvise det demokratiske systemet som egna for å løyse store strukturelle problem som klimakrisa?Vil somme på eit eller anna tidspunkt finne ut av sivil ulydigheit, som er aktivisme innanfor demokratiet sine grenser, ikkje er tilstrekkelig?At ein berre blir spelt, og at konklusjonen vert å avvise demokratiet fullstendig?Ikkje ulikt dei autoritære strøymningane på venstresida på 60- og 70-talet?I så fall kan ein sjå føre seg ein ny kina-lengsel, der kommunistpartiet sine femårsplanar blir malen for det grøne skiftet? Dette er så klart spekulasjonarMen med alvorlege klimaendringar på full veg er det realistisk å forvente at også dei politiske konfliktene vil stramme seg til.Og det er også eit faktum at verda sine demokrati heller ikkje har lukkast i ei styrt omstilling på eit problem som ein eigentlig har hatt god forståelse for i mange tiår.Demokratia sine treige prosessar, gi-og-ta, kortsiktige valgsyklusar, og sårbarheit for interessekonflikter, har berre i avgrensa grad vist seg i stand til å handtere klimaproblemet. Dette er tankar eg har gått og bala med, og som eg tok med meg då eg i lys av dei siste åras mildt sagt antidemokratiske globale vindar lytta til nokon ganske interessante bøker.Journalist Ann Appelbaum sine Autocraty Inc. Og Twilight of democracyHistoriker Thimoty Snyder The road to unfreedomDette er bøker som ikkje er om miljø, men om korleis autoritære statar og strøymninger trugar demokratiOm ein ikkje har levd i ei hule dei siste par åra så har dei fleste fått med seg at dette er høgaktuelt Og det går jo ikkje å kople miljø- og naturarbeid frå desse spørsmåla.For miljøarbeidet foregår jo innanfor rammene av dei rådande politiske systema.Og det slo meg også at: det er sjølvsagt svært mange gode grunnar til å ta vare på demokratiet vårt.Men vi som kjempar for miljøet må også vere medvitne på fallgruvene ved å la seg forføre av autoritære tankar, og vende demokratiet ryggen.Stort sett så har autoritære politiske system vore dårlig nytt for både folk sitt miljø, og for naturen. Dette er ikkje det samme som å seie at alt fungerar som det skal i demokratiet.Det gjer det openbart ikkje.Men det betyr at vi må diskutere korleis demokratiet kan setjast i stand til å løyse dei historisk nye utfordringane vi står ovanfor: ei stor klimakrise og ein forsvinnande natur. Dette tenkte eg at eg måtte gjere ein podkastepisode påMen eg visste ikkje heilt kven eg skulle spørje – ettersom det ikkje er ein debatt som er synlig i offentligheita.Så eg sende ein forespørsel til professor i religionsfilosofi på UiO, Marius Timmann Mjaaland, som eg fann leda ei forskingsgruppe om demokrati og klimakrise – det høyrdest jo relevant utOg det var virkelig spikeren på hovudet, for Mjaaland var veldig interessert.Og då eg fekk sjå prosjektbeskrivinga til forskingsprosjektet deira, så vart det heilt tydelig at her hadde vi mykje å diskutere.Og der stod det også at «deltaking på podkastar» var ein del av prosjektet, så det passa jo veldig fint! Forskingsgruppa inneheld kjende navn som Arne Johan Vetlesen, Dag Hessen, Ole Jacob Madsen.Og premisset for prosjektet var ganske heftig – også eg fekk litt bakoversveis der:Demokratiet har svikta i møte med klimakrisa. Kva gjer vi no?
  • 14. SABIMA og kampen for 50.000 norske artar

    01:09:19||Ep. 14
    Kven bur i eigentlig i Norge?5.5 millionar folk50.000 artar – som vi veit omOg kanskje 20.000 som vi ikkje veit omFordelt på heile 870 ulike typar naturAlt frå ulike typar urskog, gamle beitemarker, til tareskog langs kystenVi har eit naturmangfald i norge som er ganske fantastisk! SABIMA er organisasjonen som jobbar for naturmanfaldet vårtDei jobbar for at desse 50-70.000 livsformene skal ha livets rett også i framtidaOg for at våre etterkomerar skal kunne leve i eit like biodiverst Norge som vi har i dag Men det er ikkje enkeltNaturen byggast ned i eit voldsomt tempoSjølv om norge har forplikta seg til å ta vare på naturOg sjølv om mange jobbar for å ta vare på sin nærnatur. I denne episoden snakkar eg med ledar i SABIMA, Einar WilhelmsenOm naturtypar, kvifor vi må ta vare på dei, og kvifor hardare virkemiddel er nødvendig i kampen for norsk natur. (Foto: SABIMA)Lenkjer.SABIMA https://www.sabima.no/Artsjakten https://artsjakten.no/Naturkampen https://naturkampen.sabima.no/
  • 13. SV - er ein annan verden framleis mogleg?

    38:57||Ep. 13
    Gunnell Sandanger er eledar av SV sitt miljøpolititske utval. SV har ei lang historie som miljøparti.Det er kanskje det partiet som i størst grad har vore knytt til naturvern heilt sidan det ein kan kalle naturvernets gjennombrot på 70-talet.Venstresida har vore tydelig til stades i historiske aksjonar som Mardøla-aksjonen og Alta-aksjonen.I det heile kan ein jo seie at aksjonisme som form ligg SV og venstresida nært. I seinare tid var SV regjeringsparter i Stoltenberg II, også med ein tydelig miljøprofil.Ei av dei store sakene der var å hindre petroleumsverksemd kring Lofoten, Vesterålen og Senja.Løftar ein blikket litt så er det også noko anna og svært sentralt med SV sin miljøprofil, og det er ein uttalt kaptialisme- og vekstkritikk. SV er kanskje det partiet der miljøpolitikken tydeligast spring ut av ein heilskapelig systemkritikk. Men det var før? For kvar vart det av miljøpartiet SV i forrige val? Har dei drukna i ei raudgrøn side som har endra seg, eller har SV sjølv tona ned miljøprofilen? Eller er det mindre om for kapitalismekritikk og vekstkritikk i ein verden der forbruk og stormaktsinteresser skruast stadig hardare til – på bekostning av ei berekraftig framtid?Kort sagt: er ein anna verden framleis mogleg?Lenkjer til omtaler i saka:https://www.sv.no/ Regnskogfondett. https://www.regnskog.no/ Fremtiden i våre hender https://www.framtiden.no/
  • 12. Den siste villreinen - Europa sin grå nomade på kanten av stupet

    01:05:32||Ep. 12
    Bjarte Hestdalen ledar "La villreinen leve", som kjempar for overlevinga til den siste Europeiske villreinen. Etter siste istid la villreinen grunnlaget for den første busetninga i Nord-Europa. No trugast arten, og ein essensiell del av vår kultur- og naturhistorie, av hytter, kraftutbygging og vår eigen hunger på fri natur. Villreinkonflikta har løfta nokon av dei store sjølvmotseiingane i norsk kultur og samfunn. Og i medan debatten går om turisme, DNT-hytter og kraftmagasin, blir villreinbestandane skralare og skralare - på mindre og mindre areal.Vi viser til fleire aktørar og lenkjer i samtalen. Her finn du vidare lesing om du er interessert.https://www.lavillreinenleva.no/https://villrein.no/om-villrein/https://www.naturindeks.no/Indicators/villreinhttps://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/frykter-villreinen-vil-do-ut_-_-ikke-nok-a-stenge-turisthytter-1.17634089Foto: Torgeir W. Schancke