Share

cover art for Eit år med indiepod

Oikos - framtidspodden

Eit år med indiepod

Ep. 25
•

Dagens gjest måtte utsetje opptaket. Så denne veka byr podkasten på eit aldri så lite kvileskjær.


Det kunne jo vere fint å ta ei lita oppsummering, lufte nokon tankar etter eit år med indiepodkasting. 


Kvifor skal ein eigentlig drive å surre med å lage podkast?

Nummer en er at eg stadig møter dykk som seier at dette er viktig. 

Eg har ikkje mange lyttarar, sånn relativt sett. 

Men generelt sett så samlast mellom 60 og 200 personar kvar veke for å lytte på lange samtalar om kompliserte problemstillingar innan klima, natur og framtida. 

Det er rett og slett innmari artig, 

Og veldig fint. 

Då gjer det ikkje så mykje for meg at også andre lagar podkastar 

For eg håper jo at vi her har ein innfallsvinkel, ei stemme, som kan vere interessant.


Og då kjem ein jo også inn på ein grunn til for å gjere dette

Fordi eg meiner det er avgjerande for samfunnsendring og politikkutforming at ein har stadar å diskutere, argumentere, lufte tankar og perspektiv. 

Og som samfunnsengasjert og naturengasjert så var det faktisk ein del diskusjonar eg tykte mangla i offentligheita. 

Medan ein del andre aktørar hadde vore mykje bedre til å skape arenaer og kanalar for debatt og politisk utvikling.


Kort sagt så vart eg overraska over kor mykje det vart snakka i ulike valørar

Både på borgerlig side har vi Minerva og Civita, prosjekt som eg er politisk ueinig i men som eg eigentlig har stor sans for ettersom dei diskuterar og utviklar politikk og analyse på ein måte eg tenker er veldig fin.

Lenger til høgre har vi høgrepoddarar og mannosfære. Dei også utmalar politikk og samfunnssyn - på ein meir tvilsom, men effektiv, måte.

Eg må berre ta til etterretning at mange på borgarleg side - og lenger til høgre, har lukkast med politikkutvikling i den nye offentligheita.

Og for meg er lærdommen at om ein er ueinig i det som vert diskutert der, ueinig i analyser, holdningar, verdiar, ja då må ein gjere jobben sjølv.

Saknar ein noko der ute så kan ein i dag faktisk gjere noko for å få det ut. 

Eg saknar bedre samtalar om miljø og framtida.

Så dette er mitt beskjedne bidrag til det.


Når det gjeld sosiale medier så er det den tunge delen av jobben. 

Det er heilt klart kjedeligare å lage postar på sosiale medier enn å snakke med spennande folk.

Men eg klagar ikkje altså - det er jo tross alt ein smæshing infokanal. 

Likevel då folkens - lik og del som det heiter. 

Er det tema på podden som engasjerer dykk så spre ordet. 

Og er det gjestar og tema de kunne ønske at eg tok opp så sei ifrå.

Vi har allerede fått fleire innspel som har resultert i episodar - også gjestar og tema som eg ikkje hadde klart å tenke ut sjølv.


Så håpar eg at podden lever vidare! 

Minst ut 2026, og forhåpentligvis lenger!


Neste veke er vi tilbake med GJEST!

Vi satsar på to episodar til i løpet av september/oktober

Før ei pause til neste bolk i november/desember

Her har det allerede byrja å fylle seg opp, så om de har innspel så hiv dykk rundt!


Thankyou for your attention on this matter 

Som det heiter i junaiten.

More episodes

View all episodes

  • 26. Kan FN framleis redde klimaet?

    54:53||Ep. 26
    Maria Mjaaland har vore delegat på fleire klimatoppmøte. Eg spør ho: kan FN framleis redde klimaet vårt? Ho spør meg tilbake: kva er alternativet? Denne veka har FN generalforsamling. Men internasjonalt samarbeid har det røft for tidaEtter eit forventningsfullt 90-tal med globalisering og god stemningHar ein dei siste 10 åra særlig, sett polariseing og rivaliseringKanskje særlig har dette gått ut over FNOrganisasjonen som dei siste 80 åra har vore verda sin arena for å løyse våre felles utfordringarUtfordringane har stått i køIkkje berre er FN kronisk underfinansiert - noko som berre har blitt verre dei siste åraDen har blitt nærast holdt gissel av vetomaktene i sikkerhetsrådet, Og den har avgrensa moglegheit til å gripe inn i medlemsland - både ettersom medlemslanda er suverene, men også fordi den manglar økonomiske musklar. I tillegg er det mange som tenar på polemikk mot internasjonalt samarbeid. Og eit viktig element i ytre-høgrebølga som rir mange land, er motstanden mot beslutningsforum langt borte.Klimaforhandlingane er slik eit døme på FN sine avgrensingar, men også på dei moglegheitene som tross alt ligg i internasjonalt samarbeid.Og parisavtalen, med alle sine manglar, er tross alt eit resultat av eit av dei få felles globale prosjekta som verdssamfunnet har klara å samarbeide om. Denne verda av delegatar, forhandlingar, og resolusjonar, ja det framstår fjernt - også for meg. Men i dag har vi med ei som har hatt mange turar på FN sine klimatoppmøterOg det som representant for heilt vanlige frivillige organisasjonar.Vi har med oss Maria Mjaaland. Ho har vore delegat først for KFUK/KFUM, og så som ungdomsdelegat.Og i dag snakkar eg med henne om korleis det er å vere på FN-toppmøteKvifor dette er ein viktig stad å engasjere seg, Og kva FN tross alt kan få til - sjølv i desse urolige tider. Ho presiserer at dette er hennar eigne meiningar og analysar ho kjem med i denne podden.Vi kom også inn på ein del andre saker, som korleis den kristne tradisjonen har vore viktig for hennar engasjement (og kvar den har blitt av i dagens KrF).Og i "Ord for dagen" reflekterer eg litt laust om overnasjonalt samarbeid - og då særlig EU.Eg er for.Foto: Anna Rosenlund.
  • 24. Metamorfosen av laksen og alt det merkelige som skjedde

    47:17||Ep. 24
    "Den nye fisken" er ein moderne miljøklassikara - ei analyse av den doble metamorfosen av oppdrettslaksen, og kystsamfunnet som fulgte med. Journalist og forfattar Simen Sætre snakkar om korleis endring av ein fisk også endra matvaner, økosystem og maktforhold i små kystsamfunn. Og korleis dette til slutt enda i hendene til landets rikaste.Dei to journalistane Simen Sætre og Kjetil Østli har hatt stor produksjon.Sætre har jobba fleire år i Morgenbladet, og var ein av dei skribentane eg alltid gleda meg til å lese, fordi det som regel var overraskande perspektiv.Sætre har skrive ei rekke bøker om ulike tema - inkludert om høgreekstremisme, olje, mat, og sist om “Den usannsynlige seriemorderen Arnfinn Nesset” - ei bok han nylig fekk rettssikkerhetsprisen på. Østli har vore med å bygd opp nettmagasinet Harvest. Han har skrive bøker både om Kronprins Haakon og Lars Monsen, og om 22. Juli - og jobbar no i Aftenposten. Eit ganske vidt interessefelt der også altså. Men i 2021 kom desse to ut med ei besynderlig bok. Den heitte “Den nye fisken - om temmingen av laksen og alt det forunderlige som fulgte”.Og då eg las den, så sat eg som fjetra tilbake.For dette var intet mindre enn ei usedvanlig brei analyse av eit teknologisk, sosialt, biologisk og politisk fenomen som har utvikla seg i norge gjennom dei siste 40 åraOg som vi i dag kjenner som ei av norges største næringerNemlig norsk lakseoppdrett.Og det eg ønska meg då eg var verdig med å lese boka, var at Østli og Sætre  skulle følge opp, og gjere tilsvarande analysar av andre norske bransjar, som kraftbransjen og oljebransjen.Så eg skal legge inn ønske om det i samtalenFor i dag har eg vore så heldig å få som gjest journalist Simen Sætre.God lytting.I ord for dagen freistar eg å forstå kvifor næringar som byrjar med godvilje - som oppdrett, vindkraft og cruise, endar med krangling. Ein kan ikkje klandre ein rev for å vere ein rev. Men kva må ein gjere då?Foto: Maria Kleppe Vihovde
  • 23. Lablekkasje, fugleinfluensa, bioterrorisme, fortrengte traumer - kort sagt: pandemi

    01:16:36||Ep. 23
    [ein teknisk feil på opptaket er no retta]Eit fortrengt nasjonalt traume, generasjon korona, lablekkasje, bioterrorisme og fugleinfluensa. Ja det er nok å ta tak i når det er snakk om pandemi. Eg spør immunolog Gunnveig Grødeland: kvifor er det så vanskelig å snakke om pandemi? I dag skal vi snakke om noko som vi helst ikkje vil snakke omJa, det er i allefall min påstand.Det er no over seks år sidan norge stengte ned for koronaviruset - ei heilt uverkelig tidJa, det er også seks år sidan pandemien snudde opp-ned på store delar av verdaSidan myndigheiter innførte massive tiltakOg sidan land som USA og England opplevde enorme helsekriser grunna sviktande respons.Men det som er bemerkelsesverdig er kor lite vi har snakka om det i ettertid. Mange av dei tinga som i Norge ikkje funka i det heile - har vi nesten ikkje diskutert.Ingen har gått frå stillinga si, ingen massiv kritikk,Det er mest som vi kollektivt har ønska å berre gå vidare.Så har vi eigentlig klart å fordøye koronapandemien, og er vi klare til neste pandemi Som potensielt kan vere myke meir omfattande?Ja det er mine spørsmål til dagens gjest Gunnveig Grødeland.Ord for dagen handlar om dette: alt vi skulle ha lært av pandemien, som vi ikkje har lært.Og kva det seier om evna vår til å handtere kriser som pandemi eller klimaendringar."Kjenn deg sjølv" er det noko som heiter.God lytting!Foto: UiO
  • 22. Dag O. Hessen - Biologen som vart naturfilosof

    01:17:06||Ep. 22
    Vi snakkar om den nye boka "Brefallet", kva vi mister med ein natur i endring, inspirasjonen frå vennen Thomas Hylland Eriksen, og forskaren sin plass i det postfaktuelle samfunnetDag O. Hessen har løfta fram tilhøyrigheit, identitet og kultur for å vise korleis ein natur i endring også endrar oss. Resultatet har blitt ein naturfilsofi der både natur og kultur er med. I denne samtalen snakkar vi om naturtrilogien hans, den siste boka "Brefallet", og inspirasjonen frå venn og kollega Thomas Hylland Eriksen. Og vi diskuterer: er det riktig av forskarar å delta i samfunnsdebatten, forstår menigmann forsking tilstrekkelig, og kvar bør grensene gå for kva akademikarar uttalar seg om?Dag O. Hessen har vore den desidert ledande til å få biologi inn i den offentlige debatten i fleire tiår. Mellom anna gjennom ein heil stabel av toneangivande bøker - alt frå lærebøker, barnebøker og biografiar, fagorienterte populærvitskaplige bøker, til bøker som grensar mot filosofi og antropologi.Han dukkar også stadig opp i formidling, TV, radio og podkastar av ymse slag. I tillegg til dette har han også fast jobb - som professor i biologi på Universitetet i Oslo, som ledar på senter for biogeokjemi ved Institutt for biovitenskapNo er han ute med ny bok - den tredje i ein trilogi som tematiserer naturendringane ikring oss og kva dei gjer med oss - i spennet mellom natur og kultur. Den heiter “Brefallet”, og utforskar vårt forhold til dei mektige isbreane våre, og kva det har å seie for oss når desse no er i rask tilbakegang.Dagens gjest er professsor Dag O. HessenVi skal snakke om den nye boka hans, om naturtrilogien som prosjekt, om kvifor han vel å gå vekk frå det reint faglige, og drage inn menneska si lokale tilknytning i bøkene sine. Og vi skal snakke om rollen som forskar og biolog i offentligheita. Er det riktig av fagfolk å kaste seg inn i brennbare politiske diskusjonar som dei vi har om klimaendringar og naturtap. Eller bør dei holde seg på instituttet sitt og berre informere når dei blir spurt?I ord for dagen hadde eg tenkt å reflektere litt over FrP sin nye klimastrategi. Men i anledning Konge Harald V sin død vart det eit minneord i staden. Eg lar meg tross alt lett engasjere.Foto: © Foto: Anna-Julia Granberg BLUNDERBUSS
  • 21. Men størst av alt er usikkerheita

    01:20:03||Ep. 21
    Korleis leve livet i ein verden som går av hengslene, og kva kan Afghanistan-veteranar lære oss om usikkerheit? Det spør eg Andreas Espetvedt Nordstrand om. Han er psykologspesialist, førsteamanuensis, kommandørkaptein (og long time klatre- og diskusjonspartner) - og dagens tema er usikkerheit, og å forstå framtida.Beredskap beredskap beredskap.Ordet har gått som eit refreng dei siste åra.Det starta med pandemiberedskap i 2020.Den var så som så.Så forsatte det med militær beredskap i 2022 – då Russland invaderte Ukraina.Den var heller ikkje god. Så har det kome på rekke og rad:Cyberberedskap, klimaberedskap, beredskapslager.For ikkje å snakke om energiberedskap – i det Iran strupa verdas forsyning av olje og laga furore på stortinget. Og det i år – 2026, som til alt overmål er totalberedskapsåret.Og det er ikkje for å feire at beredskapen vår er så god – for å seie det slik. Berre for ti år sidan hadde vi rista på hovudet – no må ein slappe litt av her.Kva er det eigentlig som har skjedd? Vel, det har skjedd ganske mykje dei siste 10 åra.Vi skal på ingen måte oppsummere alt – det held med nokon stikkord.Koronapandemien viste kor sårbare og lite budde samfunna våre er på lammande naturkatastrofar.Putin sin angrepskrig i Ukraina var eit vendepunkt for Europa.Og vi må i dag leve med eit aggresivt og potensielt ustabilt Russland.Trump sitt kleptokrati kan vere starten på slutten for pax americana og det trans-atlantisek samarbeidet. Og i bakgrunnen endrar klimaet seg, som eit stigande tidevatn.Ei stille bølge som vil endre livsvilkåra for milliardar av menneske. Dette er mykje – men ein ting er sikkert.Om vi stod her i 2016 og diskuterte korleis verda kom til å vere om 10 år, så trur eg ingen hadde klart å føreseie korleis dette vart.Og då er vi ved dagens tema.For om eg skal ta eit steg til sida, til min jobb som lærarSom skal forklare til 16-åringar korleis verda heng saman.Så må eg berre seie det som det er: vi veit ikkje korleis verda kjem til å bliMen ein ting kan eg seie: de er nøydde til å leve med mykje usikkerheit. Men korleis gjer ein det?Korleis kan vi norskar, som har levd i eit stabilt hjørne av verda omtrent sidan andre verdskrigFå robustheit, evne og instilling til å tåle ei usikker framtid? Til det har eg fått ein interessant gjest.Andreas Espetvedt NordstrandHan er utdanna psykologspesialistOg førsteamanuensis ved NTNUHan er også kommandørkaptein i forsvaretDer han er sjef for seksjon for militær mental helse.Men før han vart alt dette, så var eg og han på klatreturar i den norske fjellheimenSå vi er gamle kjente.Likevel, eg har ikkje invitert Andreas på kjentfolk-kvota, for han har etter kvart blitt heilt sentral i den norske debatten om mental beredskap og robusthet.Det vart til slutt rart å IKKJE spør om han ville vere med på podden.Andreas har jobba i mange år med mental robusthet og beredskapFørst med norske afghanistan-veteranarOg no med utdanning av personell i det Ukrainske militæret.Og eit sentralt spørsmål i hans arbeid er korleis ein handterar usikkerheit.Ord for dagen er om tenking - med bakgrunn i boka "Dumhet, idioti og dumme idioter" av Lars Fr.H. Svendsen. Målsetjing: ikkje vere dum, idiot eller dum idiot - og ellers gjere sitt beste,Dette er siste podden for våren - eg er tilbake i haust. God sommar!Foto: forsvaret
  • 20. Djupøkologi - fundamental løysing på ei fundamental krise

    01:00:45||Ep. 20
    Miljøkrisa er fundamental, og krevjer fundamentale løysingar, seier professor i etikk Odin Lysaker. Djupøkologien er eit svar på dette. Alt liv som påverkst av miljøkrisa må rommast i demokratiet. Vi har tidligare vore innom temaet miljø og demokrati her i podden.Er demokratiet i stand til å løyse våre felles miljøproblem?Er det tvert imot eit hinder for å løyse miljøproblema?Eller er demokratiet sjølve nøkkelen til å løyse miljøproblema, gitt at ein tenker nytt om kva demokrati skal bety?Dette er nokon av tema i det som vert kalla djupøkoloigienEi filosofisk retning som mellom anna har vorte utvikla i norgeMange kjenneer til Arne NæssMen også mange andre navn som til dømes Nils Faarlund var involvert Ein som i dag jobbar med desse spørsmålanett det å tenke nytt om demokrati og naturer filosof og professor i etikk ved Universitetet i Agder, Odin Lysaker.I 2024 kom han med boka «Ecological democracy – caring for the earth in the antropocene»Og det er han som er dagens gjest.Her snakkar vi om kva djupøkologi er, og den djupøkologiske tradisjonen.Kvifor vi treng djupøkologi, og kva den er eit svar på.Korleis det kjem frå djupøkologien at også den delen av naturen som er ikkje-menneskelig må ha representasjon i demokratia våreog vi diskuteraste korleis dette kan sjå ut i praksis.I "Ord for dagen" tenker eg vidare på samtalen, og korleis løysingane på miljøproblema delast opp mellom grøn vekst og vekstkritikk. Ein gammal klassikar dukkar opp frå fortida - Thomas Malthus. Kvifor er han relevant i dag?Foto: Lars Verket - UiA
  • 19. Distriktspolitisk parterapi

    59:09||Ep. 19
    Senterpartiet og MDG er etter mi meining to av dei partia som i størst grad har politikk for norske distrikt og landbruk. Ein vågal påstand kanskje - med to parti som støtt er i tottane på kvarandre. Men eg trur dei to partia har mykje å snakke om - klarer dei å legge vekk eit par saker. Så i denne episoden spør eg Senterpartiet sin Erling Sande om ALT eg lurer på om senterpartiet. Og i bakgrunnen lurer FrP....Eg har lenge ønska å ha ein episode med Senterpartiet på podkasten. Distriktspolitikk heng tett saman med miljø, natur og klima, så vel som identitet og kultur i Norge. Senterpartiet er det partiet som i størst grad ser på seg sjølv som distrikta si stemme. I eit samfunn der stadig fleire flyttar til dei større byane, og desse områda set stadig meir av agendaen for samfunnsutviklinga, treng vi sterke distriktsstemmer. Og ingen kan skulde senterpartiet for å vere noko anna. På sitt beste evnar Senterpartiet å setje saker på dagsorden som er gløymt eller rett og slett ignorert. Dette trur eg var årsaka til partiet sitt sterke resultat i stortingsvalet i 2021, då dei fekk 13,5% og gjekk i regjering med arbeiderpartiet.Men, som oppvoksen på bygda, flytta til byen, og så tilbake til bygda så har eg like ofte vore frustrert over Senterpartiet. Om dei var gode på problembeskrivingar i 2021, så er eg usikker på om dei lukkast like mykje med løysingar. Dei brukte mykje politisk kapital på saker som oppdeling av Viken fylke og gratis ferger. Store saker som kommuneøkonomi, derimot, som kanskje er den virkelig store elfenten i rommet i distriktsnorge, var det mindre snakk om. Dette viste også att på oppslutninga, som dala. Partiet miste velgarar, og Sp tok til slutt (etter mi meining) «ein FrP» og gjekk ut av posisjon for å styrke seg som opposisjonsparti i god tid før neste val. Ja, det var nett FrP partiet miste velgarar til – eit anna parti som somme (meg inkludert) vil seie er betre på problembeskrivingar enn løysingar. Og det er ingen tvil om at alle som brenn for distrikta bør vere obs på FrP. For partiet er no norges absolutt største distriktsparti. Kva har vore Senterpartiet sitt svar på dette? Mi oppfattning er at strategien har dreia mot det eg ser på som meir “konservativ bygdepopulisme”, der identitetspolitikk, petroleum og kulturkonservatisme køyrast fram på bekostning av miljø, omstilling og eit inkluderande distriktsfellesskap. Kort sagt målbærer Senterpartiet sin retorikk no i mange tilfelle nett dei utkantane som meg og mange andre har ønska å flytte frå, og som på ingen måte reflekterer den bygda eg flytta heim til. Årsaken kan ein sjølvsagt mistenke, er at Sp har mista så mange velgarar til FrP, og at partiet no er i drift mot høgre. Det er i så fall veldig synd, for vi treng eit parti med positive og inkluderande visjonar for distrikta som no og i dei komande åra skal møte enorme endringar og utfordringar i klima, natur og næringsliv. For det meinar eg framleis: Senterpartiet er eit løysingsorientert sentrumsparti med mange andlet. Ja, før dei fann ut at det ikkje var så kult allikavel, så hadde partiet programfesta omstilling av norsk petroleumssektor – for eksempel. Partiet har absolutt eit potensiale i seg til å vere med å stake ut ein positiv og berekraftig visjon for sterke og levande norske distrikt. Men korleis? Difor ønsker eg å snakke med Erling Sande - Gloppar og ein tydelig senterpartipolitikar. Om visjonar for distrikta. Miljø, og omstilling i ei verd der natur- og klimautfordringane vil påverke oss stadig meir, og der distriktsnorge faktisk har store moglegheiter - om vi vel å gripe dei.Foto: Senterpartiet
  • 18. Styrer oljebransjen norsk klimapolitikk?

    01:10:56||Ep. 18
    Forskar og forfattar Bård Lahn forklarer korleis Noreg både kan opne nye gassfelt og innføre rådyre klimatiltak. Korleis er det mogleg!?! Kristian ser fanden på flatmark og blir NESTEN konspiratorisk: dette er det oljepolitiske komplekset!!I førre veke kom nyhenda at regjeringa gjenopnar tre gassfelt og opnar for leiting på 70 nye stadar på norsk sokkel – nokon av dei uvanlig nær kysten. Dette burde ikkje vere noko overrasking frå arbeiderpartiet, som vil utvikle og ikkje avvikle norsk petroleumsnæring. Likevel er det jo eit skisma i norsk politikk at vi har ambisiøse klimamål og rådyre klimatiltak på norsk landjord, samtidig som vi held fram å stimulere vår største kjelde til CO2, nemlig norsk petroleumssektor. Korleis får vi dette til å henge saman? Ja, samanlikna med våre naboland så er dette like særnorsk som brunost og grandiosa. Så dagens tema er petroleum og klima. Nærare bestemt om det har noko å seie for norsk klimapolitikk at petroleumssektoren er norges største næring. Med oss for å diskutere dette har vi sjølvaste Bård Lahn – veldig kjekt. Ein av dei eg hadde i tankane då eg starta denne podden. Bård Lahn har jobba med klima lenge. Han er i dag forskar og forfattar, førsteamanuensis verd Senter for teknologi, innovasjon og kultur ved Universitetet i Oslo, og tilknytta Cicero Senter for klimaforsking. Tidligare har han jobba for Naturvernforbundet og vore leiar av Natur og ungdom. Eg vart merksam på Lahn då eg plukka opp boka hans «Klimaspillet» frå 2013 – noko så sjeldan som ei veldig spennande og forståelig bok om internasjonale klimaforhandlingar, der Lahn var med som observatør. I haust kom han med ei ny bok: «Kven bestemmer over klimaet – ei kort bok om eit nesten umulig spørsmål». Og når han ikkje skriv framifrå innføringar i svært kompliserte tema, så jobbar han med tilsvarande kompliserte tema – som til dømes norsk petroleumssektor og norsk klimapolitikk. Og det er difor Lahn er gjest her i Oikos – for i dag skal vi snakke om eit stort og viktig (og kanskje litt vanskelig og vondt tema) nemlig kva påverknad norsk petroleumssektor har på norsk miljøpolitikk.Relevante og omtalte saker i podden:https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S2214629626002215?dgcid=coauthorhttps://www.energiogklima.no/meninger-og-analyse/debatt/store-tar-feil-om-behovet-for-oljeletinghttps://www.nrk.no/rogaland/regjeringen-med-storoffensiv_-gjenapner-tre-gassfelt-og-utvider-letearealet-kraftig-1.17871553https://forlaget.manifest.no/products/hvem-bestemmer-over-klimaethttps://www.forskning.no/makt-partner-penger/norge-er-mye-mer-elitestyrt-enn-de-flest-av-oss-er-klar-over/2657689https://www.uio.no/forskning/forskningsnytt/apollon/artikler/2026/2-tema-klimapolitikk.htmlhttps://www.idunn.no/doi/epdf/10.18261/nost.7.4-5.5https://forlaget.manifest.no/collections/alle-produkter/products/hvem-bestemmer-over-klimaetFoto: Erik Engblad (UiO)