Share

cover art for Fortrenging og det store tapet

Oikos - framtidspodden

Fortrenging og det store tapet

Ep. 7

I andre del av samtalen med professor i filosofi Arne Johan Vetlesen, diskuterar vi kvifor klimapolitikken har vorte svakare dei siste åra, til tross for at kunnskapen og konsekvensane berre har auka.


Er det eigentlig meir kunnskap vi treng? Eller må vi snakke om heilt andre ting - som verdiar? Ja, for om vi ikkje klarer å formulere det vi taper som verdifullt, så klarer vi heller ikkje å ta vare på det. Då risikerer vi å miste naturen nærast ved eit uhell.


Foto: Alf Øksdal

More episodes

View all episodes

  • 15. Klimakrise = demokratikrise?

    01:16:17||Ep. 15
    I denne episoden snakkar eg med professor i religionsfilosofi ved Universitetet i Oslo. Han ledar forskingsgruppa Democrisis. Og dei seier demokratiet vårt har svikta i å løyse miljøproblema.Demokratiet treng ei oppstramming. I ei tid der demokratiet trugast frå mange kantar er miljøkrisa nok eit skjær i sjøen.Mjaaland er ikkje viss på kvar demokratia våre er om eit par tiår.Det er eit iboande potensiale for autoritære strøymningar i miljøkampen.Ein kan sjå føre seg at ettersom miljøproblema blir meir pressandeOg folk ikkje opplever at demokratisk valde politikarar og styresmakter ivaretar befolkninga tilstrekkeligSå vil ein kunne avvise det demokratiske systemet som egna for å løyse store strukturelle problem som klimakrisa?Vil somme på eit eller anna tidspunkt finne ut av sivil ulydigheit, som er aktivisme innanfor demokratiet sine grenser, ikkje er tilstrekkelig?At ein berre blir spelt, og at konklusjonen vert å avvise demokratiet fullstendig?Ikkje ulikt dei autoritære strøymningane på venstresida på 60- og 70-talet?I så fall kan ein sjå føre seg ein ny kina-lengsel, der kommunistpartiet sine femårsplanar blir malen for det grøne skiftet? Dette er så klart spekulasjonarMen med alvorlege klimaendringar på full veg er det realistisk å forvente at også dei politiske konfliktene vil stramme seg til.Og det er også eit faktum at verda sine demokrati heller ikkje har lukkast i ei styrt omstilling på eit problem som ein eigentlig har hatt god forståelse for i mange tiår.Demokratia sine treige prosessar, gi-og-ta, kortsiktige valgsyklusar, og sårbarheit for interessekonflikter, har berre i avgrensa grad vist seg i stand til å handtere klimaproblemet. Dette er tankar eg har gått og bala med, og som eg tok med meg då eg i lys av dei siste åras mildt sagt antidemokratiske globale vindar lytta til nokon ganske interessante bøker.Journalist Ann Appelbaum sine Autocraty Inc. Og Twilight of democracyHistoriker Thimoty Snyder The road to unfreedomDette er bøker som ikkje er om miljø, men om korleis autoritære statar og strøymninger trugar demokratiOm ein ikkje har levd i ei hule dei siste par åra så har dei fleste fått med seg at dette er høgaktuelt Og det går jo ikkje å kople miljø- og naturarbeid frå desse spørsmåla.For miljøarbeidet foregår jo innanfor rammene av dei rådande politiske systema.Og det slo meg også at: det er sjølvsagt svært mange gode grunnar til å ta vare på demokratiet vårt.Men vi som kjempar for miljøet må også vere medvitne på fallgruvene ved å la seg forføre av autoritære tankar, og vende demokratiet ryggen.Stort sett så har autoritære politiske system vore dårlig nytt for både folk sitt miljø, og for naturen. Dette er ikkje det samme som å seie at alt fungerar som det skal i demokratiet.Det gjer det openbart ikkje.Men det betyr at vi må diskutere korleis demokratiet kan setjast i stand til å løyse dei historisk nye utfordringane vi står ovanfor: ei stor klimakrise og ein forsvinnande natur. Dette tenkte eg at eg måtte gjere ein podkastepisode påMen eg visste ikkje heilt kven eg skulle spørje – ettersom det ikkje er ein debatt som er synlig i offentligheita.Så eg sende ein forespørsel til professor i religionsfilosofi på UiO, Marius Timmann Mjaaland, som eg fann leda ei forskingsgruppe om demokrati og klimakrise – det høyrdest jo relevant utOg det var virkelig spikeren på hovudet, for Mjaaland var veldig interessert.Og då eg fekk sjå prosjektbeskrivinga til forskingsprosjektet deira, så vart det heilt tydelig at her hadde vi mykje å diskutere.Og der stod det også at «deltaking på podkastar» var ein del av prosjektet, så det passa jo veldig fint! Forskingsgruppa inneheld kjende navn som Arne Johan Vetlesen, Dag Hessen, Ole Jacob Madsen.Og premisset for prosjektet var ganske heftig – også eg fekk litt bakoversveis der:Demokratiet har svikta i møte med klimakrisa. Kva gjer vi no?
  • 14. SABIMA og kampen for 50.000 norske artar

    01:09:19||Ep. 14
    Kven bur i eigentlig i Norge?5.5 millionar folk50.000 artar – som vi veit omOg kanskje 20.000 som vi ikkje veit omFordelt på heile 870 ulike typar naturAlt frå ulike typar urskog, gamle beitemarker, til tareskog langs kystenVi har eit naturmangfald i norge som er ganske fantastisk! SABIMA er organisasjonen som jobbar for naturmanfaldet vårtDei jobbar for at desse 50-70.000 livsformene skal ha livets rett også i framtidaOg for at våre etterkomerar skal kunne leve i eit like biodiverst Norge som vi har i dag Men det er ikkje enkeltNaturen byggast ned i eit voldsomt tempoSjølv om norge har forplikta seg til å ta vare på naturOg sjølv om mange jobbar for å ta vare på sin nærnatur. I denne episoden snakkar eg med ledar i SABIMA, Einar WilhelmsenOm naturtypar, kvifor vi må ta vare på dei, og kvifor hardare virkemiddel er nødvendig i kampen for norsk natur. (Foto: SABIMA)Lenkjer.SABIMA https://www.sabima.no/Artsjakten https://artsjakten.no/Naturkampen https://naturkampen.sabima.no/
  • 13. SV - er ein annan verden framleis mogleg?

    38:57||Ep. 13
    Gunnell Sandanger er eledar av SV sitt miljøpolititske utval. SV har ei lang historie som miljøparti.Det er kanskje det partiet som i størst grad har vore knytt til naturvern heilt sidan det ein kan kalle naturvernets gjennombrot på 70-talet.Venstresida har vore tydelig til stades i historiske aksjonar som Mardøla-aksjonen og Alta-aksjonen.I det heile kan ein jo seie at aksjonisme som form ligg SV og venstresida nært. I seinare tid var SV regjeringsparter i Stoltenberg II, også med ein tydelig miljøprofil.Ei av dei store sakene der var å hindre petroleumsverksemd kring Lofoten, Vesterålen og Senja.Løftar ein blikket litt så er det også noko anna og svært sentralt med SV sin miljøprofil, og det er ein uttalt kaptialisme- og vekstkritikk. SV er kanskje det partiet der miljøpolitikken tydeligast spring ut av ein heilskapelig systemkritikk. Men det var før? For kvar vart det av miljøpartiet SV i forrige val? Har dei drukna i ei raudgrøn side som har endra seg, eller har SV sjølv tona ned miljøprofilen? Eller er det mindre om for kapitalismekritikk og vekstkritikk i ein verden der forbruk og stormaktsinteresser skruast stadig hardare til – på bekostning av ei berekraftig framtid?Kort sagt: er ein anna verden framleis mogleg?Lenkjer til omtaler i saka:https://www.sv.no/ Regnskogfondett. https://www.regnskog.no/ Fremtiden i våre hender https://www.framtiden.no/
  • 12. Den siste villreinen - Europa sin grå nomade på kanten av stupet

    01:05:32||Ep. 12
    Bjarte Hestdalen ledar "La villreinen leve", som kjempar for overlevinga til den siste Europeiske villreinen. Etter siste istid la villreinen grunnlaget for den første busetninga i Nord-Europa. No trugast arten, og ein essensiell del av vår kultur- og naturhistorie, av hytter, kraftutbygging og vår eigen hunger på fri natur. Villreinkonflikta har løfta nokon av dei store sjølvmotseiingane i norsk kultur og samfunn. Og i medan debatten går om turisme, DNT-hytter og kraftmagasin, blir villreinbestandane skralare og skralare - på mindre og mindre areal.Vi viser til fleire aktørar og lenkjer i samtalen. Her finn du vidare lesing om du er interessert.https://www.lavillreinenleva.no/https://villrein.no/om-villrein/https://www.naturindeks.no/Indicators/villreinhttps://www.nrk.no/vestfoldogtelemark/frykter-villreinen-vil-do-ut_-_-ikke-nok-a-stenge-turisthytter-1.17634089Foto: Torgeir W. Schancke
  • 11. Stein P. Aasheim - dette forandra alt.

    01:17:02||Ep. 11
    Oikos11 er årets siste - julespesial! Stein P. Aasheim er ein av våre mest kjende norske eventyrarar. Han er stadig aktuell, sist i filmen "Trango". Er det ekstremt bratt, varmt eller kaldt så har Stein P. truleg vore der. Men, sin mest livsdefinerande oppleving fekk han ein heilt annan stad og i ein heilt annan samanheng. Og dette snakkar vi om i dag.Dette vart ei samtale om fjell, friluftsliv, natur, og kvifor vi oppsøker naturen. Det vart ei samtale om eit moderne menneske som har besøkt eit primitivt og enkelt liv nær naturen - og kome tilbake for å skrive om det. Det vart ei samtale om verdiar, lengsel, og om kva vi kanskje er i ferd med å miste om vi ikkje passar på.Foto: Helen Todal LiestøEg ønsker dykk god jul og godt nytt år!Beste helsingKristian
  • 10. Framtidsklimaet - science edition

    56:14||Ep. 10
    Klimaendringane er verken klimaapokalypse eller storm i eit politisk korrekt vassglas. Vi står ovanfor store endringar. Dei bør ikkje bagateliserast. Og vi i Norge er ikkje budd. Det er bodskapen til forskar Anita Verpe Dyrrdal frå Norsk Klimaservicesenter. Ho er hovudforfattar på rapporten "Klima i norge" som beskriv korleis klimaendringane påverkar Norge i dag og i framtida. Det er framleis store usikkerheiter for korleis klimaet vil utvikle seg - men dei er ikkje der mange trur, seier Dyrrdal. Og risikoane likeins. Mange av dei kjem frå andre stader enn rett under nasen vår. Dyrrdal knuser myter om klimaendringar, og gir sine håp for gode liv også i framtida.Lenkje til rapport (knallgod lesnad - lovar!)https://klimaservicesenter.no/kss/rapporter/kin-2025 Foto: MET
  • 9. Klimasøksmålet - "kunne ønske vi ikkje måtte gjere dette".

    53:52||Ep. 9
    I Oikos 9 snakkar vi om lov og rett i miljøkampen.Har du høyrt om klimasøksmålet? Der staten norge vart saksøkt for å bygge ut oljefelt i nordsjøen?Kva med gruvesøksmålet, mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden?Eller menneskerettigheitsbrotet mot reindriftssamane på Fosen?Desse er alle søksmål om natur og miljø.Miljøkampen er ikkje lenger berre med islender, plakatar og sivil ulydigheitEller lobbyisme og politisk arbeid.Den har flytta inn i rettssalen. Kvifor har den det? Dette er temaet for denne episoden.Vi har med Sigrid Hoddevik Losnegård, ledar i natur og ungdom, og Frode Pleym, ledar i Greenpeace NorgeDei skal snakke om klimasøksmålet, kvifor dei har gått til sak mot staten, og vi diskuterar om denne «rettsliggjeringa» er eit nytt stadie i miljøkampen – vekk frå det politiske og demokratiske, eller ei nødvendig følge av det politiske og demokratiske.God lytting
  • 8. Miljøvernar med vilje til makt

    53:56||Ep. 8
    Velkomen til Oikos8 - etter mi meining ein av Norges viktigaste podkastar om miljø, natur, klima, politikk og samfunn.I dag har eg med meg ein gjest som eg har prøva å få med lenge. Første gong eg såg han i avisa, sat han i dress og drakk pils midt på blanke formiddagen medan han snakka om liberale verdiar – på klingande Nordfjording. Då var han leiar i unge Venstre. Mykje vatn har runne i Eidselva sidan då, og han har sidan vore ein av våre mest profilerte – og skal eg seie veltalande, politikarar. Vi snakkar sjølvsagt om nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn. For meg som er ivrig lyttar av både dagsnytt18 og politisk kvarter, så har det alltid vore hyggelig når Rotevatn har blitt sendt i ilden.Ikkje fordi eg alltid er einig med han, men fordi det i desse tider med politisk populisme og tåkeprat er godt med ein seriøs, strukturert og kunnskapsbasert politikar. Rotevatn har vore involvert i mange politiske saksfelt, men han har jobba mykje med klima og miljø. Og då særlig i rollen som statssekretær og seinare statsråd for Klima og miljø i Solberg-2-regjeringa. No har Venstre kome under sperregrensa, og Rotevatn har mista stortingsplassen sin. I denne episoden av Oikos får vi eit sjeldan blikk bak sceneteppet i det politiske miljøarbeidet. Rotevatn forklarer korleis det er å vere ansvarlig for miljø i oljelandet norge. Han beskriver dilemma ein står i som politikar - når ein skal verne natur i møte med bygder som kjemper for innbyggjarane sine, og for villaksen som han sjølv er så glad i når den truast av ein av landets største industriar. Vi deler bekymringa over at miljøpartia samla sett har tapt terreng i siste stortingsval. Rotevatn understreker viktigheita av at miljøpolitikken drivast tverrpolitisk, og han slår eit slag for å drive miljøpolitikk på borgarleg side. Vi diskuterer til slutt miljøsøksmålet og rettsliggjeringa av miljøpolitikken, men juristen Rotevatn er skeptisk til om grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen) er brukbar til å utfordre myndigheitene, slik ein har freista i Klimasøksmålet.