Share

Oikos - framtidspodden
Miljøvernar med vilje til makt
Velkomen til Oikos8 - etter mi meining ein av Norges viktigaste podkastar om miljø, natur, klima, politikk og samfunn.
I dag har eg med meg ein gjest som eg har prøva å få med lenge. Første gong eg såg han i avisa, sat han i dress og drakk pils midt på blanke formiddagen medan han snakka om liberale verdiar – på klingande Nordfjording. Då var han leiar i unge Venstre. Mykje vatn har runne i Eidselva sidan då, og han har sidan vore ein av våre mest profilerte – og skal eg seie veltalande, politikarar. Vi snakkar sjølvsagt om nestleiar i Venstre, Sveinung Rotevatn.
For meg som er ivrig lyttar av både dagsnytt18 og politisk kvarter, så har det alltid vore hyggelig når Rotevatn har blitt sendt i ilden.
Ikkje fordi eg alltid er einig med han, men fordi det i desse tider med politisk populisme og tåkeprat er godt med ein seriøs, strukturert og kunnskapsbasert politikar.
Rotevatn har vore involvert i mange politiske saksfelt, men han har jobba mykje med klima og miljø. Og då særlig i rollen som statssekretær og seinare statsråd for Klima og miljø i Solberg-2-regjeringa. No har Venstre kome under sperregrensa, og Rotevatn har mista stortingsplassen sin.
I denne episoden av Oikos får vi eit sjeldan blikk bak sceneteppet i det politiske miljøarbeidet. Rotevatn forklarer korleis det er å vere ansvarlig for miljø i oljelandet norge. Han beskriver dilemma ein står i som politikar - når ein skal verne natur i møte med bygder som kjemper for innbyggjarane sine, og for villaksen som han sjølv er så glad i når den truast av ein av landets største industriar.
Vi deler bekymringa over at miljøpartia samla sett har tapt terreng i siste stortingsval. Rotevatn understreker viktigheita av at miljøpolitikken drivast tverrpolitisk, og han slår eit slag for å drive miljøpolitikk på borgarleg side. Vi diskuterer til slutt miljøsøksmålet og rettsliggjeringa av miljøpolitikken, men juristen Rotevatn er skeptisk til om grunnlova sin paragraf 112 (miljøparagrafen) er brukbar til å utfordre myndigheitene, slik ein har freista i Klimasøksmålet.
More episodes
View all episodes

11. Stein P. Aasheim - dette forandra alt.
01:17:02||Ep. 11Oikos11 er årets siste - julespesial! Stein P. Aasheim er ein av våre mest kjende norske eventyrarar. Han er stadig aktuell, sist i filmen "Trango". Er det ekstremt bratt, varmt eller kaldt så har Stein P. truleg vore der. Men, sin mest livsdefinerande oppleving fekk han ein heilt annan stad og i ein heilt annan samanheng. Og dette snakkar vi om i dag.Dette vart ei samtale om fjell, friluftsliv, natur, og kvifor vi oppsøker naturen. Det vart ei samtale om eit moderne menneske som har besøkt eit primitivt og enkelt liv nær naturen - og kome tilbake for å skrive om det. Det vart ei samtale om verdiar, lengsel, og om kva vi kanskje er i ferd med å miste om vi ikkje passar på.Foto: Helen Todal LiestøEg ønsker dykk god jul og godt nytt år!Beste helsingKristian
10. Framtidsklimaet - science edition
56:14||Ep. 10Klimaendringane er verken klimaapokalypse eller storm i eit politisk korrekt vassglas. Vi står ovanfor store endringar. Dei bør ikkje bagateliserast. Og vi i Norge er ikkje budd. Det er bodskapen til forskar Anita Verpe Dyrrdal frå Norsk Klimaservicesenter. Ho er hovudforfattar på rapporten "Klima i norge" som beskriv korleis klimaendringane påverkar Norge i dag og i framtida. Det er framleis store usikkerheiter for korleis klimaet vil utvikle seg - men dei er ikkje der mange trur, seier Dyrrdal. Og risikoane likeins. Mange av dei kjem frå andre stader enn rett under nasen vår. Dyrrdal knuser myter om klimaendringar, og gir sine håp for gode liv også i framtida.Lenkje til rapport (knallgod lesnad - lovar!)https://klimaservicesenter.no/kss/rapporter/kin-2025 Foto: MET
9. Klimasøksmålet - "kunne ønske vi ikkje måtte gjere dette".
53:52||Ep. 9I Oikos 9 snakkar vi om lov og rett i miljøkampen.Har du høyrt om klimasøksmålet? Der staten norge vart saksøkt for å bygge ut oljefelt i nordsjøen?Kva med gruvesøksmålet, mot dumping av gruveavfall i Førdefjorden?Eller menneskerettigheitsbrotet mot reindriftssamane på Fosen?Desse er alle søksmål om natur og miljø.Miljøkampen er ikkje lenger berre med islender, plakatar og sivil ulydigheitEller lobbyisme og politisk arbeid.Den har flytta inn i rettssalen. Kvifor har den det? Dette er temaet for denne episoden.Vi har med Sigrid Hoddevik Losnegård, ledar i natur og ungdom, og Frode Pleym, ledar i Greenpeace NorgeDei skal snakke om klimasøksmålet, kvifor dei har gått til sak mot staten, og vi diskuterar om denne «rettsliggjeringa» er eit nytt stadie i miljøkampen – vekk frå det politiske og demokratiske, eller ei nødvendig følge av det politiske og demokratiske.God lytting
7. Fortrenging og det store tapet
01:04:34||Ep. 7I andre del av samtalen med professor i filosofi Arne Johan Vetlesen, diskuterar vi kvifor klimapolitikken har vorte svakare dei siste åra, til tross for at kunnskapen og konsekvensane berre har auka. Er det eigentlig meir kunnskap vi treng? Eller må vi snakke om heilt andre ting - som verdiar? Ja, for om vi ikkje klarer å formulere det vi taper som verdifullt, så klarer vi heller ikkje å ta vare på det. Då risikerer vi å miste naturen nærast ved eit uhell. Foto: Alf Øksdal
6. Varslaren
51:44||Ep. 6Professor i filosofi Arne Johan Vetlesen har vore aktiv i norsk debatt i fleire tiår. Dei siste åra har han vore engasjert i miljøspørsmål, og han er no ute med boka "Living with disappointment in the face of climate crisis: resilience, resistence, and denial". Her beskriv han korleis fornekting vert stadig viktigare i ei verd der klimaendringane vert tydeligare og tydeligare.Eg sette meg ned med Vetlesen for ein prat om boka, men vi kom bort i så mange emne at dette rett og slett vart to episodar. I denne første episoden snakkar Vetlesen om plikta til å varsle i lys av fare - anten det er folkemord som han har jobba med før, eller klima- og miljøkriser. Varslaren er ein utsatt posisjon, men ei plikt for den som har kunnskapen. Vi snakkar også om korleis ein skal forholde seg til klimakrisa. Gir det meining med individuell endring av eigen livsstil for å endre ei global krise, eller kan vi lene oss tilbake og vente på at Kina og USA ordnar opp?
5. Tore Ulstein - innovasjon for ei verd i endring
01:00:35||Ep. 5Klimaendringane gir stor usikkerheit for norsk petroleumsverksemd, og dermed også norsk økonomi. Har norsk næringsliv omstillingskrafta og innovasjonsevnen for eit liv etter oljen?For å finne ut av dette har eg reist heim til Sunnmøre. Her har det tette samarbeidet mellom rederi og båtbyggarar kombinert praktisk innsikt med teknologisk vidsyn. Resultatet har vorte nokon svært innovative kunnskapsmiljø, som har produsert nyvinningar i eit imponerande tempo. Og no har dei sikta seg inn på det grøne skiftet.I denne episoden snakkar eg med Tore Ulstein om framtida til Norsk maritim industri i møte med ei verd i endring. Ulstein er styreleiar i Ulstein Group, tidligare president i NHO, og rådsmedlem i det Norske Eksportrådet. Her deler han sine tankar om korleis Sunnmøre har bygd opp ein internasjonalt konkurransedyktig tenkologisk industri, og kva moglegheiter vi har i det grøne skiftet.Ulstein er ikkje i tvil - skal vi ha eit vitalt næringsliv også i framtida så må vi ta grep no.Foto: Ulstein Group
4. Min natur din natur kva natur???
53:00||Season 1, Ep. 4Samiske aktivistar kranglar med Statkraft om vindmøller på Fosen. Senterpartiet vil ha vern gjennom bruk, medan andre vil berre ha vern. Og korleis blir stemninga kring bålpanna om ein foreslår til jaktlaget at dei bør stemme MDG om dei er så glade i natur?Her er vi ikkje einige - hverken om kva natur eller kva naturvern er. Men kanskje det er håp. Vi snakkar med Terje Finstad (NTNU) om boka "Naturforvandlinger", der han og Per Østby viser korleis norsk mijøvern har lange og kronglete røter. Og at kva miljø vi eigentlig snakkar om er i stadig endring. Foto: Lars R. Bang (NTNU)
3. Miljø mythbusters
36:01||Season 1, Ep. 3Valforskar Johannes Bergh knuser miljømyter. Har oljen gjort oss til klimafornektarar? Får vi ein konservativ generasjon om ikkje er interessert i miljø? Forskningsleder Johannes Bergh frå legendariske Institutt for Samfunnsforskning tar oss med inn i strøymingane under kvardagspolitikken, og fortel oss kva som virkelig trugar ein effektiv miljøpolitikk!