NB:arrangement

del

Konstruksjonen av Norden: Arbeidarrørsler

Ep. 199

Vi peiker ofte på det organiserte arbeidslivet som ein grunnpilar i den såkalla nordiske modellen. Men i mellomkrigstida hadde Sverige og Noreg flest streikar og arbeidskonfliktar i Europa. Korleis heng dette saman? Var dei nordiske arbeidarrørslene annleis enn andre på 1900-talet, og er dei det i dag? Kva slags politisk kraft har arbeidarrørslene vore i dei nordiske landa, og kva verktøy har dei nytta seg av? Historikar og forfattar Åsa Linderborg og skribent og fagforeiningsmann Jonas Bals snakkar om historia til dei nordiske arbeidarrørslene. Samtalen blir leia av forfattar og journalist Linn Stalsberg.


Korleis blei vi Norden? Kvar kjem ideen om Norden frå, og kva er eigentleg det nordiske? I ein serie arrangement gjennom 2021 vil Nasjonalbiblioteket og den tverrfaglege forskingssatsinga UiO: Norden utforske ideen om den nordiske fellesskapen — frå mellomalderen og fram til i dag. Kva har historisk sett ført oss nærare naboane våre, og kva slags krefter og hendingar har trekt oss frå kvarandre? Kva har leia oss fram mot den nordiske modellen — med vekt på likskap, likestilling, velferd og tillit — og korleis står vi i Norden rusta til å møte utfordringane i samtida og framtida? Gjennom foredrag, samtalar og digital formidling vil serien ta opp dei store spørsmåla om Nordens fortid og framtid.

Flere episoder