Share

cover art for Gjenhør: Tore Renberg les Mikkjel Fønhus

NB:arrangement

Gjenhør: Tore Renberg les Mikkjel Fønhus

Ep. 195

Han fekk rykte som naturskildraren framfor nokon i norsk litteratur, og var ein av våre mest folkekjære forfattarar. Mikkjel Fønhus (1894-1973) gav ut bøker med opplag på fleire titusen, og titlar som Trollelgen og Der villmarka suser stod i alle norske bokhyller. Men så stilna det kring han. «Mikkjel ser ut til å være klar over det sjølv: Han kunne dyr betre enn folk,» skriv Tore Renberg som no har lese Fønhus sine rovdyrromanar med ørneblikk. Kva er det så som openberrar seg, i dei menneskefråvende skildringane og blodstenka bileta av naturens vald? Korleis kan ein snuse seg fram til ein gløymd forfattars rytme? 

More episodes

View all episodes

  • Spelarar elskar mellomalderen: samtale om fantasi, fiksjon og dataspel

    52:07
    Kva spelversjonar av mellomalderen er mest korrekte, og kva er dei mest morosame og mest spennande? Dette diskuterte Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby og gamer og rådgivar Christine Jentoft, saman med samtaleleiar Andreas Hedemann frå Nerdelandslaget.  Spelarar får ikkje nok av sverdkamp, kongar og riddarar på hest. Spel som Skyrim, Pentiment og Kingdom Come: Deliverance er døme på internasjonale suksessar som hentar inspirasjon frå mellomalderen. I spela står gjerne kampen om dei store verdiane: det gode mot det vonde, det gamle mot det nye. Nokre av spela bygger opp under myten om mellomalderen som ei ultravaldeleg, kaotisk tid. Andre spel lærer oss mykje om korleis folk faktisk levde i mellomalderen. 
  • Dobbeltforedrag: Vald og samliv i Landslova

    01:30:31
    To foredrag som tar utgangspunkt i Magnus Lagabøtes landslov ved professorene Hans Jacob Orning og Sigrun Høgetveit Berg.Det første tar for seg valden i og utanfor Landslova. Magnus Lagabøtes landslov av 1274 er kjend for å prøve å få bukt med valdsbruken i samfunnet. Lova omtaler borgarkrigsperioden som ei «villfaringståke», og innførte eit forbod mot ættehemn, det vil seie at det fra nå av berre var lov å hemne seg på gjerningsmannen, ikkje på hans frendar. Men kor valdeleg var samfunnet før lova blei innført? I dette foredraget diskuterer Hans Jacob Orning, professor i mellomalderhistorie, dette spørsmålet ut frå ein tese om at samfunnet før Landslova var nokså fredeleg, men at menneska hadde andre haldingar til kva vald var, enn det som kjem til syne i Landslova.  Magnus Lagabøte var sterkt inspirert av kristen tenking, og Landslova ber preg av dette, sjølv om Magnus og kyrkja ikkje vart samde om korleis kristenrettane skulle formulerast i Landslova. I det andre foredraget vil professor Sigrun Høgetveit Berg sjå på korleis Landslova og kristenrettane forsøkte å regulere ekteskap, samliv, og seksualåtferd og korleis lovene såleis påverka dei nære relasjonane til folk flest, fattig som rik. (Begynner på 48:57)
  • Middelalderen på 90 minutter

    01:31:03
    Mange tenker kanskje på mellomalderen i Noreg som ei tid der alt var mørkt og brutalt, men det stemmer ikkje.Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby gir oss eit krasjkurs i denne fascinerande delen av verdshistoria, som strekker seg frå om lag år 500 til 1500. Han tar oss med inn i ei lys, levande og hendingsrik tid der vi finn spirene til dagens moderne samfunn.
  • Knowledge Fired Across the Landscape, et essay av Martin Svedman

    14:28
     A Blaze in the Northern Sky gjorde Darkthrone til et av de mest innflytelsesrike norske svartmetallbandene på 90-tallet. Albumet fra 1992 scorer høyt på kåringer av tidenes beste metallalbum med sine enkle riff og rå lydproduksjon. Poet Martin Svedman skrev dette essayet til arrangementet Albumlytting på Nasjonalbiblioteket, der publikum hørte det 42 minutter lange albumet i sin helhet.
  • Stillelesning: Som et spill av lys, et essay av Priya Bains

    17:19
    Priya Bains har skrevet essayet Som et spill av lys som en inngang til Ruth Maiers dagbok. Essayet er skrevet til Nasjonalbibliotekets arrangement-serie kalt «Stillelesning», der publikum inviteres til biblioteket dyp konsentrert lesning, helt fritt for skjerm. Alle de oppmøtte fikk utdelt essayet og 70 sider fra den utvalgte boka.«Stillelesning» er en arrangementsserie på Nasjonalbiblioteket. Et knippe av landets fremste forfattere skriver om utvalgte tekster som har en spesiell plass i deres liv eller som har etterlatt et betydelig avtrykk i norsk kulturhistorie. 
  • Stillelesning: Alberte kommer løpende, et essay av Ingeborg Arvola

    29:24
    Ingeborg Arvola har skrevet essayet Alberte kommer løpende som en inngang til Cora Sandels roman Alberte og Jakob. Essayet er skrevet til Nasjonalbibliotekets første arrangement i en arrangement-serie kalt «Stillelesning», der publikum inviteres til biblioteket dyp konsentrert lesning, helt fritt for skjerm.«Stillelesning» er en arrangementsserie på Nasjonalbiblioteket. Et knippe av landets fremste forfattere skriver om utvalgte tekster som har en spesiell plass i deres liv eller som har etterlatt et betydelig avtrykk i norsk kulturhistorie. 
  • 214. Festtale til sinnafeministen – Marta Breen

    34:00
    Ho øydelegg alle hyggjelege middagar, særleg når ho har drukke. Ho klarer ikkje å ta imot ein bukett roser på valentinsdagen utan å tyte om at romantikk er sexisme. Gratulerer du henne med dagen på 8. mars, asar ho seg opp og roper «Gratulerer med kva, då? At vi har vore undertrykte i fleire tusen år?!». Ho er forbanna. Og det med god grunn.  I sin «Festtale til sinnafeministen» tek forfattar, journalist og feminist Marta Breen oss med bak biletet av den kortklipte furia og inn i fleire hundreår med raseri.  
  • 213. Bunad er mote. Samtale med Jenny Skavlan, Ragnhild Brochmann og Unni Irmelin Kvam

    57:52
    Klesdesigner Jenny Skavlan, motehistoriker Ragnhild Brochmann og historiker Unni Irmelin Kvam filosoferer og undrer seg over bunadens magi og utvikling. Samtalen ledes av Ida Pallin Bostadløkken.
  • 212. Svartmetall og nasjonalromantisk raseri. Bokbad med Helge Kaasin 

    49:26
    Svartmetallen er ikke så barnslig som den kan se ut til på overflaten, sier forfatter og filosof, Helge Kaasin. Norske svartmetallband har bruker norrøn mytologi, nasjonalromantisk kunst og dikting, og 1900-tallets store filosofer og blander det inn i sin musikk og poesi. Kaasin har skrevet boka "Snø og granskog - nasjonalromantisk raseri og ideologi i norsk svartmetall" for Nasjonalbiblioteket og i denne samtalen med arrangementansvarlig Ida Pallin Bostadløkken, forteller Helge Kaasin om hvor raseriet kommer fra og hvorfor han selv er dratt mot den okkulte musikken.