NB:arrangement

del

Gjenhør: Olaug Nilssen leser Anne-Cath. Vestly

Ep. 196

«Mormor og dei åtte ungane. Kvifor appellerer denne familien med to store, åtte små og ein lastebil, til mine barn med ein familie på to store, tre små og ein el-bil?» Olaug Nilssen har lese Anne-Cath. Vestly med eit friskt og kritisk blikk. Kan vi verkeleg tru på lykka i familien med dei åtte ungane, så fattige som dei er? Finst det noko i desse bøkene som barna i dag kan kjenne seg igjen i? 

 

Under fana «Fortidas folkelesnad» inviterer Nasjonalbiblioteket til eit møte mellom ein lesar av i dag og eit forfattarskap av eldre årgang, som i si tid var utbreidd og tonegjevande, men som ikkje lenger blir like mykje lest. Har bøkene framleis appell? 

Flere episoder