Share
NB:arrangement
Å skrive seg fri. Litterær kvinnekamp og lyden av 70-tallet
Ep. 47
•
Arrangement 1.3.2018 Abort, homofili, kjærleik, familieliv, arbeidsvilkår og patriarkat var tema som blei diskuterte i den norske litteraturen på 1970-talet. Det same tiåret fekk òg feministiske tenkarar som Simone de Beauvoir, Aleksandra Kollontaj og Suzanne Brøgger det store gjennomslaget sitt i Noreg. I utstillinga «Kvinnekamp» løfter Nasjonalbiblioteket mellom anna fram litteratur frå 1970-talet med ein kvinnepolitisk bodskap. Blant forfattarane er Tove Nilsen, Liv Køltzow, Gerd Brantenberg og Kari Bøge, som no møter litteraturvitar og kritikar Kaja Schjerven Mollerin til ei samtale om kvinnekampen i litteraturen. ARRANGEMENTET ER DEL AV PROGRAMMET «KVINNEKAMP»
More episodes
View all episodes
Etande foredrag: Kva åt dei i mellomalderen?
40:03|Dei åt overraskande godt i Noreg i mellomalderen, for i byar som Bergen blei det handla med varer frå heile verda. Nordmenn fekk til dømes nellik, dadlar og vin i bytte mot tørrfisk og pelsvarer.Professor i arkeologi Marianne Vedeler har undersøkt matvanar for fattig og rik i mellomalderen, og i dette foredraget fortel ho kor variert dei åt. Undervegs i foredraget fekk publikum smake på mellomaldermaten.Medisin og magi i mellomalderen, foredrag
50:40|Foredrag ved Karoline Kjesrud frå Kulturhistorisk museum om urtemedisin, bønn og eidar. Mennesket har alltid ønskt seg eit langt liv i ein frisk kropp, og prøvd å finne kurar mot sjukdom og oppskrifter på den gode helsa. Kunnskap om planter og korleis ein bruker dei, har blitt forvalta og nedskrive gjennom historia. I Norden i mellomalderen var mat og medisin gjerne to sider av same sak, og folketru og religion spelte også ei viktig rolle. Kjesrud forskar på historia til nyttevekstane gjennom norrøne medisinbøker og sogelitteraturen, men også gjennom og helgenbilete, arkeologiske og kunsthistoriske gjenstandar som ete og drikkereiskaper.Høgtlesing av Soga om Partalopi med Carl Martin Eggesbø
01:00:28|Ein magisk kveld om ein modig riddar, ei vakker og mektig prinsesse, kjærleik og forviklingar. Før ridderfortellinga held førsteamanuensis Stefka Georgieva Eriksen ei kort innføring i mellomalderromanar og kva denne historia kan fortelje om romantikk og moral på den tida. Eggesbø har med seg lydkunstnaren Piggsopp som set stemningsfull musikk og lyd til forteljinga. Opptaket er frå Handverksfestivalen 13. september i år.Etande foredrag: Brød og smør
44:41|I dette foredraget fortel professor i arkeologi Marianne Vedeler om brødet og smøret dei åt i Norden i mellomalderen, og publikum skal får smake undervegs. Kokk, initiativtakar og eigar av Credo, Heidi Bjerkan, har bakt brødet og kinna smøret som vert servert.I Noreg i mellomalderen åt dei mykje flatt og tørt brød laga på bygg og havre, men kring 1300-talet kom kveiten, surdeigen og bakaromnane til byane. Var du rik, kunne du kjøpe eit stykke brød bakt på speltmjøl og smørje smør utover skiva. Brøda vi et, har alltid spegla politikken og samfunnsstrukturane vi lever under, den gongen som i dag.Panelsamtale om filmen Kristin Lavransdatter
43:12|Liv Ullmanns store kjærlighetsfilm fra 1995, basert på romanen Kransen av Sigrid Undset, er endelig restaurert og gis nå ut på nytt av Nasjonalbiblioteket. Vi inviterte derfor artist og skuespiller Karoline Krüger, film- og litteraturviter og forfatter Line Norman Hjorth og middelalderhistoriker John McNicol til å se og snakke om filmen, sammen med publikum og ordstyrer Vanja Henrikke Ødegård.Festopning for Landslovjubileet
01:03:14|I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Opningsfesten for feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap på scena av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og filolog Magnus Rindal, som har omsett lova frå norrønt til nynorsk i ei ny praktutgåve. Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl kjem i kveld og held innlegg. Du får òg høyre utdrag frå den historiske boka, Kim Rysstad skal kvede, og mellomalderensemblet Modus speler musikk.Historier fra Finnskogen. Panelsamtale
57:57|Antropolog og podkaster Miriam Aurora Hammeren Pedersen, forfatter og kulturjournalist fra Kirkenær Kine Jeanette Solberg og skogfinne og direktør for Norsk Skogfinsk Museum, Dag Raaberg snakker om fornorskningen skogfinnene historisk ble utsatt for, om den særegne kulturen og naturen og om hvordan det er å være fra et sted som kulturfolk i urbane strøk plutselig interesserer seg for, etter å ha vært i skyggen av nasjonens majoritetskultur i flere hundre år. Samtalen ledes av musikkjournalist og Finnskogen-entusiast Martin Bjørnersen. Til slutt får vi et innlegg om den tradisjonsrike retten silppu av familiebedriften Minimäki.Åsta Holth (1904–1999) foredrag ved Adelheid Seyfarth
47:03|Forfatter Åsta Holth (1904–1999) var en kvinne som brukte livet og kunstnerskapet sitt til å fremme skogfinsk kultur og historie i dette foredraget forteller forfatteren Adelheid Seyfarth om hennes liv og virke.Hva betyr det å være norsk? Foredrag ved Toril Moi
58:48|Etter over førti år i utlandet, spør Toril Moi seg selv om hun fortsatt er norsk. Hva er egentlig norsk identitet? Hvordan formes og hvordan endres den? Hun vil ta utgangspunkt i hvordan norsk identitet ble formet i heltebildenes tiår etter krigen. Den tyske okkupasjonen ble utgangspunkt for den store sosialdemokratiske fortellingen om norskhet, der Norge var et land bebodd av stolte og modige motstandsfolk, hvite menn med mariusgenser og ski på beina, som alle sammen forsvarte idealer om likeverd og demokrati. Spørsmål om rase og etnisitet stod ikke på dagsordenen. Hvordan ser denne identitetsformasjonen ut i dag?De siste årene har litteraturprofessor Toril Moi undersøkt 1950-tallets Norge på jakt etter forståelse av landet og tiåret hun selv ble født i. Dette er det siste foredraget i serien.