Share

cover art for Jakta på krisa

Midtlivsmannen

Jakta på krisa

More episodes

View all episodes

  • 7. Vis meg di bucket list, og eg skal sei kor djup krisa di er.

    41:13
    Når du passerer den antatte midten av livet og begynner å kjenne på hastverk med å gjere alt du vil få gjort før du dør, ja, så er det ein fordel å vite kva som verkeleg er viktig for deg. Bucket-lister, på godt og ondt, er tema i denne episoden av Midtlivsmannen. #Magnus Huth #Andreas Løes Narum #Kurosh Bozorgebrahimi #Arild Opheim
  • 6. Møt døden med opne armar

    41:12
    Kva er det som kan trigge ei midtlivskrise? Psykolog Magnus Huth er levande opptatt av korleis døden påverkar livet vårt. Og han møter mitt spørsmål om korleis ein kan førebygge ei midtlivskrise med eit ganske overraskande svar.
  • 5. I mitt livs verste form

    36:14
    Akillesen – den lille strengen som held ting sammen. Oppkalla etter den greske krigshelten som likevel ikkje var udødeleg. Ryker akillesen kan det få store ringvirkningar. Det kan sette startpunktet for ei midtlivskrise. Og den lede ein desperat mann til å bli nettopp det han skulle unngå å bli. Akillesen har ei sentral birolle i denne episoden av Midtlivsmannen.
  • 4. Når ein motivator møter midtlivskrisa

    47:42
    Han spydde midt i ein prat med naboen om grasklipping. Slik starta det for Yngvar Andersen, kjent frå NRK og helseprogrammet Puls. Men korleis ser midtlivskrisa ut når du i utgangspunktet er verdens sprekaste sogning? Og når du lever av å få folk til å ta tak i seg sjølv og liv og helse?
  • 3. Er eg disponert for midtlivskrise?

    37:23
    Er personligheten vår avgjerande for om vi får ei skikkeleg midtlivskrise eller ikkje? Har noken av oss personlighetstrekk som gjer at vi meir eller mindre er dømt til å ryke på ein totalkollaps av ei krise ein stad midt i livet? I denne episoden møter eg psykolog Andreas Løes Narum, som skal finne ut om eg er disponert for krise.
  • 2. Lojalitetens pris

    23:07
    Lojale, pliktoppfyllande menn. Skulle tru det var det verden trengte. Og ønska. Men om du ikkje også er lojal mot deg sjølv og eigne ønsker, står du i fare for å bli ein av dei alle hånflirer av - ein mann i midtlivskrise.I denne episoden av Midtlivsmannen møter vi samlivsguruane Julie og John Gottman i tillegg til psykolog Andreas Løes Narum. Og sjølvsagt Midtlivsmannen sjølv, representert ved Arild Opheim. Produsert av Podekasting AS.
  • 1. Midtlivskrise på heiltid

    15:50
    Kva er det som triggar midtlivskriser? Korleis startar ei midtlivskrise? Kan ein sjå den kome? Og korleis er det å stå midt i krisa? Eller rett ved sida av? Korfor er menn i midtlivskrise ein vits? Og ikkje minst - kva gjer du når du har så mange spørsmål om midtlivskrise samtidig som statistikken tilseier at du er nestemann i køen? Arild Opheim valte å slutte i jobben.