Share

cover art for Kyrkja som statsmakt

Lagapodden

Kyrkja som statsmakt

Season 1, Ep. 4

I Landslova er tosverdslæra til Augustin presentert som ei form for statsrettsleg grunnlag. Det vil seia at det vi i dag kallar statsmakta, var delt i ein verdsleg del der kongen var Guds ombodsmann, og ein åndeleg del der biskopen hadde same rolle. Det var likevel inga enkel og opplagt grense mellom dei to delane av den framveksande statsmakta. Kva politisk, økonomisk og åndeleg rolle spela kyrkja i høgmellomalderen – korleis var kyrkja med å forme den framveksande statsmakta, korleis prega den jordgodsdanning og handel, og korleis prega kyrkja, som var til stades overalt gjennom lokalkyrkjene, folk sin kvardag?

 

Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Sigrun Høgetveit Bergfyrsteamanuensis ved Universitetet i Tromsø. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.

More episodes

View all episodes

  • 1. Landslova: Det umogelege gjort mogeleg

    41:33
    Landslova av 1274 er ei av få riksdekkjande lovbøker i europeisk høgmellomalder, og fekk ei lang levetid og ei større utbreiing enn dei andre. Dette gjer Landslova til eit europeisk storverk. Er det god nok grunn til å markere at det i 2024 er 750 år sidan Landslova vart vedtatt på Frostating? Eller finst det andre grunnar til å trekke fram dette lovverket som ei særleg viktig hending i norsk mellomalderhistorie?Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
  • 2. Det norske riket i høgmellomalderen

    33:15
    Magnus Lagabøte gav i 1274 Landslova for det norske veldet og skattlanda, i 1276 ei eiga lovbok for byane, i 1277 (eller kanskje eit anna år på 1270-talet) ei eiga lovbok for kongen si hird, hoffet og administrasjonen, og til slutt ei lovbok for Island i 1281. Dermed fekk alt område som Magnus Lagabøter styrte ny lov. Men kva var Noreg i høgmellomalderen? Kva var relasjonen mellom det norske veldet og skattlanda, kva posisjon hadde Island, kva status hadde den samiske befolkninga, kvifor fekk by og land kvar sine lovbøker, og kva rolle spela hirda i styret av Noreg? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Erik Opsahl, professor i historie, NTNU. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
  • 3. Rex justus

    34:39
    I Kongsspegelen vert borgarkrigane frå fyrste halvdel av 1100-talet til fyrste halvdel av 1200-talet framstilt som ei tid då det kom uår i folket slik at gode seder visna på rot. Lov og rett var eit middel til å unngå slikt elende for landet. Magnus Lagabøte presenterer i Landslova sjølv borgarkrigane som ein av grunnane til at det var behov for ny lovgiving. For ut av borgarkrigane vaks det eit nytt kongsideal – konge som rex justus som sikra undersåttane rettferd, fred og velstand. Men kva var borgarkrigane, kva var eigentleg dette nye kongsidealet, og korleis kom det til å fungere i praksis? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Hans Jacob Orning, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.  
  • 5. Nye verdiar og St. Olavs lov

    29:59
    Landslova vidareførte St. Olavs lov. For Olav den Heilage si lovgjeving på Moster i 1024 ser i høgmellomalderen ut til å ha vorte rekna som opphavet til norsk rett. Korleis vart denne krigarkongen utgangspunkt for utviklinga av idealbiletet av kongen som skapar fred gjennom lov og rett, korleis kom forteljinga om hans liv og død til å endre synet på styrke og veikskap, og korleis kom kristninga til å skape eit nytt bilete av familien som igjen vart fundamentet for ei ny samfunnsordning? Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Kristin Aavistsland, professor ved MF vitenskaplig høgskole. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
  • 6. Kanonisk rett og kristenretten

    30:35
    Magnus Lagabøters Landslova regulerte verdslege saker i det norske riket. Åndelege saker vart handsama av kyrkja i kyrkjelege domstolar, der ein dømte etter kanonisk rett. Men kva var kanonisk rett? Korleis oppstod den, kva forhold regulerte den, korleis prega den europeisk samfunns- og rettsutvikling i høgmellomalderen, og kva var relasjonen til kristenretten?Programleiar er Jørn Øyrehagen Sunde, og gjest er Anders Winroth, professor i historie ved Universitetet i Oslo. Musikk ved Øyonn Groven Myhren.
  • 7. Fransiskanaren på trona

    30:26
    Vi veit veldig lite om Magnus Lagabøter. Årsaka er at sagaen om han, som vart delvis skriven medan han levde, har gått tapt. Men vi veit frå andre kjelder at Magnus fekk undervisning i fransiskanarklosteret i Bergen. Kva veit vi om klostervesenet i Norge – når fekk vi kloster og kva betydde det intellektuelt og økonomisk for det norske riket i høgmellomalderen? Og kva veit vi om fransiskanarane og deira klostervesen både i Europa og i Norge?
  • 1. Kva kan lovene fortelja oss?

    33:44
    Litt enkelt sagt finst det to sentrale kjelder til norsk mellomalderhistorie fram til 1300-talet, og det er sagalitteraturen og dei meir reindyrka historieframstillingar, og så er det lovene. Frå rundt 1300 vert kjeldematerialet langt rikare, og ikkje minst får ein mengder med mellomalderbrev som ei meir kvardagsnær kjelde. Men kva fortel lovene oss om Norge i mellomalderen? Spegla lovene samfunnet slik det var eller slik ein ønskte det skulle vera? Var norske samfunnsforhold så spesielle at lovene var annleis enn dei vi finn andre stadar i Europa? Og kva kan faktisk rettspraksis fortelja oss om korleis lovene fungerte? Nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO
  • 2. Kva var tinget?

    31:51
    Landslova av 1274 representerer ikkje byrjinga på rettsleg regulering i det norske riket. Heller tvert om – det fanst alt ein solid og lang rettstradisjon som Landslova kunne byggja vidare på. Sentralt i denne rettstradisjonen stod tinget. Dei viktigaste mellom tinga var lagtinga Gulating for Vest- og seinare Sørlandet, Frostating for Midt- og seinare Nord-Norge, Eidsivating for indre Austland og Borgargarting for området rundt Oslofjorden og nedover til Gøta elv. Men når vart lagtinga organisert, kven var det som møtte på tinget, korleis vart saker avgjort, og korleis plasserte tinget seg i det meir allmenne styringsmaktslandskapet i mellomalderen?Professor emerita Else Mundal, UiB og professor Jørn Øyrehagen Sunde, UiO