Share

Labpodden
Brystkreft hos menn - ei sjeldan, men viktig diagnose
Season 1, Ep. 1
•
Visste du at menn og kan få brystkreft? Sjølv om det er sjeldan, er det ei alvorleg diagnose som ofte går under radaren. Ingunn Stefansson, overlege ved avdeling for patologi snakkar om symptom, diagnostikk, stigma – og kvifor det er på tide å gi meir merksemd til brystkreft hos menn.
More episodes
View all episodes

4. Brystkreft: mange sjukdommar - mange moglegheiter
26:42||Season 1, Ep. 4Kvar svulst har sitt eige fingeravtrykk. I denne episoden møter vi patolog og forskar Lars Akslen, som forklarer kvifor presisjonsdiagnostikk er nøkkelen til presis behandling. Vi snakkar biomarkørar, kreftens mikromiljø - og kvifor patologar er heilt avgjerande for moderne kreftbehandling.
2. Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv
26:38||Season 1, Ep. 2Kva betyr eigentleg arveleg brystkreft? Kva skjer viss du får vite at du har det? Birte Blindheim Lundhaug og Cathrine Bjorvatn ved avdeling for medisinsk genetikk, fortel om genetisk rettleiing, testing og val du kan ta for å redusere risiko for å få arveleg brystkreft.
3. Brystkreft på labben - når kjemi reddar liv
35:20||Season 1, Ep. 3Visste du at brystkreft kan vere hormonstyrt – og at behandlinga ofte handlar om å ta frå kreftcellene drivstoffet dei treng for å vekse? Kjemikar Bjørn-Erik Bertelsen har utvikla verdas mest følsomme metode for å måle både østrogennivå og legemiddel brukt i kreftbehandling. Vi snakkar om presisjonsmedisin, biverknadar, forsking – og korleis avansert laboratoriearbeid kan gi betre behandling og meir treffsikre svar.
Velkomen til Labpodden
11:01||Season 1, Ep. 0Laboratorieklinikken er ein av dei største klinikkane på Haukeland universitetssjukehus - og ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i Noreg. Her gir direktør for klinikken, Gunnar Mellgren, oss eit innblikk i dei ulike avdelingane, og assisterande direktør Linda Sleire fortel kva Labpodden kan bidra med framover.Velkomen til oss!