Share

cover art for Brystkreft: mange sjukdommar - mange moglegheiter

Labpodden

Brystkreft: mange sjukdommar - mange moglegheiter

Season 1, Ep. 4

Kvar svulst har sitt eige fingeravtrykk. I denne episoden møter vi patolog og forskar Lars Akslen, som forklarer kvifor presisjonsdiagnostikk er nøkkelen til presis behandling. Vi snakkar biomarkørar, kreftens mikromiljø - og kvifor patologar er heilt avgjerande for moderne kreftbehandling. 

More episodes

View all episodes

  • 2. Arveleg brystkreft - kunnskap som kan redde liv

    26:38||Season 1, Ep. 2
    Kva betyr eigentleg arveleg brystkreft? Kva skjer viss du får vite at du har det? Birte Blindheim Lundhaug og Cathrine Bjorvatn ved avdeling for medisinsk genetikk, fortel om genetisk rettleiing, testing og val du kan ta for å redusere risiko for å få arveleg brystkreft. 
  • 1. Brystkreft hos menn - ei sjeldan, men viktig diagnose

    23:56||Season 1, Ep. 1
    Visste du at menn og kan få brystkreft? Sjølv om det er sjeldan, er det ei alvorleg diagnose som ofte går under radaren. Ingunn Stefansson, overlege ved avdeling for patologi snakkar om symptom, diagnostikk, stigma – og kvifor det er på tide å gi meir merksemd til brystkreft hos menn.  
  • 3. Brystkreft på labben - når kjemi reddar liv

    35:20||Season 1, Ep. 3
    Visste du at brystkreft kan vere hormonstyrt – og at behandlinga ofte handlar om å ta frå kreftcellene drivstoffet dei treng for å vekse? Kjemikar Bjørn-Erik Bertelsen har utvikla verdas mest følsomme metode for å måle både østrogennivå og legemiddel brukt i kreftbehandling. Vi snakkar om presisjonsmedisin, biverknadar, forsking – og korleis avansert laboratoriearbeid kan gi betre behandling og meir treffsikre svar. 
  • Velkomen til Labpodden

    11:01||Season 1, Ep. 0
    Laboratorieklinikken er ein av dei største klinikkane på Haukeland universitetssjukehus - og ein av dei største leverandørane av laboratorietenester i Noreg. Her gir direktør for klinikken, Gunnar Mellgren, oss eit innblikk i dei ulike avdelingane, og assisterande direktør Linda Sleire fortel kva Labpodden kan bidra med framover.Velkomen til oss!