Share

cover art for Hardangerfolk

Hardangerfolk


Latest episode

  • 8. Hardangerfolk

    20:46||Season 1, Ep. 8
    Korleis går du fram viss du har lyst å byrja med siderproduksjon? Kari-Anne Sekse har kanskje ikkje alle svara, men som ein av dei ferskaste siderprodusentane i Hardanger har ho gjort seg nokre erfaringar som ho gjerne deler med andre. Ho fortel også om korleis det har vore å flytta inn igjen i barndomsheimen og overta garden ho vaks opp på langs Sørfjorden i Ullensvang, og ikkje minst, korleis ho lokka kjærasten med seg frå austlandet. Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!

More episodes

View all episodes

  • 7. Hardangerfolk

    18:54||Season 1, Ep. 7
    Mange har høyrt stemma til Brit Aksnes i radioprogram på NRK eller lese film-meldingane hennar i Dag og Tid, men det er berre eit par av mange oppdrag ho har som kulturfrilansar. I denne episoden fortel ho kvifor ho trur ungdomar i Hardanger har det kjedelegare no enn då ho sjølv vaks opp i Norheimsund på 80- og 90-talet. Og ho avslører kva tankar ho gjer seg når ho ser på heimstaden frå utsida. Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 6. Hardangerfolk

    20:48||Season 1, Ep. 6
    I denne episoden møter du Siv Fossåskaret som med 35 års fartstid inntil nyleg var ei av dei mest markante radiostemmene i NRK Vestland. No fortel ho om livet utanfor NRK, og opnar seg om den store sorga ho opplevde i vinter. Ho deler også barndomsminner frå Ålvik, og fortel om korleis ho hamna inn i journalistikken.Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 5. Hardangerfolk

    20:52||Season 1, Ep. 5
    I denne episoden møter du ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug. Her fortel han mellom anna om oppveksten på Aga, og korleis han har tatt med seg erfaringane frå ein jobb innan rusfeltet inn i politikken. Du får òg høyra kvifor han er oppteken av at folk byter partnarar, samt kva som står øvst på ynskelista hans for kommunen i framtida.Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 4. Hardangerfolk

    23:51||Season 1, Ep. 4
    I denne episoden møter du leiar i Siderprodusentlaget i Hardanger, Eirik Lekve Eide. For fem år sidan tok han med seg sambuar og barn og forlet ein trygg leiarjobb i Oslo for å bli siderbonde heime i Ulvik. Høyr han fortelja om korleis kvardagen for ein siderbonde er, og kva utviklingspotensial han ser i Ulvik og resten av Hardanger framover.Hardanger.no lagar innhald for deg som bur, jobbar eller på annan måte har tilknyting til Hardanger og er interessert i å fylgja den overordna utviklinga i regionen. Gjennom nyhendebrev, podkast og event, dekkjer me tema og saker som er relevante på tvers av kommunegrensene. Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 3. Hardangerfolk

    19:08||Season 1, Ep. 3
    I denne episoden blir du betre kjend med dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Eliassen Myrheim.Høyr ho fortelja kva Hardangerrådet er, kva som motiverer ho i jobben og korleis det har vore å koma heim igjen til Hardanger etter å ha budd over 30 år andre stader. Ho forklarar også kvifor ho meiner regionen har tapt seg og kva som må til for at Hardanger skal styrka posisjonen sin i åra som kjem.Gå til hardanger.no for meir innhald og påmelding til nyhendebrevet vårt som kjem tre gonger i veka.
  • 2. Hardangerfolk

    20:43||Season 1, Ep. 2
    I denne episoden møter du tidlegare venstrepolitikar og no administrerande direktør for Akvariet i Bergen, Terje Breivik.Høyr han fortelja om livet utanfor politikken, engasjementet for havet, og kva råd han vil gje politikarane i Hardanger. Han avslører også at han som ung hadde heilt andre planar i yrkeslivet enn å bli politikar, og fortel kvifor det aldri har vore aktuelt å flytta frå heimstaden i Ulvik.Gå til hardanger.no for meir innhald og påmelding til nyhendebrev.