Hardangerfolk

  • 3. Vigdis Nielsen - Hardangerfolk

    25:54||Season 2, Ep. 3
    Vigdis Nielsen har hatt ei lang karriere som filmskapar og har ingen planar om å gje seg. Engasjementet hennar for folk og natur har kome til syne i fleire filmar og er ein raud tråd i det ho gjer når ho ikkje er på jobb også.I denne episoden fortel Vigdis om korleis tilknytinga til Ulvik har vore sentral i arbeidet hennar som filmskapar og kva tankar ho har om Ulvik si utvikling. Ho avslører også kvifor ho eigentleg ikkje ville flytta tilbake til barndomsbygda etter å ha budd over 30 år andre stader.Meld deg på nyhendebrevet vårt her. Bestill abonnement her. Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 2. Valgerd Svarstad Haugland - Hardangerfolk

    29:21||Season 2, Ep. 2
    Valgerd Svarstad Haugland har hatt ei lang karriere i politikken, mellom anna som Kristeleg folkeparti sin fyrste kvinnelege leiar. Etter at ho gjekk ut av politikken jobba ho 13 år som statsforvaltar for Buskerud, Østfold, Oslo og Akershus, ein jobb som enda med at ho måtte gå på dagen.I denne episoden fortel ho om korleis det var å få beskjed om at ho ikkje lenger hadde tillit som statsforvaltar og korleis ho har takla andre nederlag i karrieren. Ho er òg open om tankane ho hadde i slutten av tenåra og korleis det seinare har prega hennar syn på likestilling.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 1. Erling Midtun - Hardangerfolk

    19:25||Season 2, Ep. 1
    I denne episoden møter du leiar i Hardanger handbakklubb, Erling Midtun. Han har eit spesielt engasjement for ungdom som av ulike grunnar fell utanfor, og er oppteken av at distriktet fyrst og fremst må ta vare på dei ungdommane som bur her no dersom ein vil at dei skal koma tilbake som vaksne.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 8. Kari-Anne Sekse - Hardangerfolk

    20:46||Season 1, Ep. 8
    Korleis går du fram viss du har lyst å byrja med siderproduksjon? Kari-Anne Sekse har kanskje ikkje alle svara, men som ein av dei ferskaste siderprodusentane i Hardanger har ho gjort seg nokre erfaringar som ho gjerne deler med andre. Ho fortel også om korleis det har vore å flytta inn igjen i barndomsheimen og overta garden ho vaks opp på langs Sørfjorden i Ullensvang, og ikkje minst, korleis ho lokka kjærasten med seg frå austlandet.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 7. Brit Aksnes - Hardangerfolk

    18:54||Season 1, Ep. 7
    Mange har høyrt stemma til Brit Aksnes i radioprogram på NRK eller lese film-meldingane hennar i Dag og Tid, men det er berre eit par av mange oppdrag ho har som kulturfrilansar. I denne episoden fortel ho kvifor ho trur ungdomar i Hardanger har det kjedelegare no enn då ho sjølv vaks opp i Norheimsund på 80- og 90-talet. Og ho avslører kva tankar ho gjer seg når ho ser på heimstaden frå utsida.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 6. Siv Fossåskaret - Hardangerfolk

    20:48||Season 1, Ep. 6
    I denne episoden møter du Siv Fossåskaret som med 35 års fartstid inntil nyleg var ei av dei mest markante radiostemmene i NRK Vestland. No fortel ho om livet utanfor NRK, og opnar seg om den store sorga ho opplevde i vinter. Ho deler også barndomsminner frå Ålvik, og fortel om korleis ho hamna inn i journalistikken.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 5. Roald Aga Haug - Hardangerfolk

    20:52||Season 1, Ep. 5
    I denne episoden møter du ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug. Her fortel han mellom anna om oppveksten på Aga, og korleis han har tatt med seg erfaringane frå ein jobb innan rusfeltet inn i politikken. Du får òg høyra kvifor han er oppteken av at folk byter partnarar, samt kva som står øvst på ynskelista hans for kommunen i framtida.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 4. Eirik Lekve Eide - Hardangerfolk

    23:51||Season 1, Ep. 4
    I denne episoden møter du leiar i Siderprodusentlaget i Hardanger, Eirik Lekve Eide. For fem år sidan tok han med seg sambuar og barn og forlet ein trygg leiarjobb i Oslo for å bli siderbonde heime i Ulvik. Høyr han fortelja om korleis kvardagen for ein siderbonde er, og kva utviklingspotensial han ser i Ulvik og resten av Hardanger framover.Meld deg på nyhendebrevet vårt her.Bestill abonnement her.Fylg oss gjerne på Facebook og Instagram!
  • 3. Ann Irene Eliassen Myrheim - Hardangerfolk

    19:08||Season 1, Ep. 3
    I denne episoden blir du betre kjend med dagleg leiar i Hardangerrådet, Ann Irene Eliassen Myrheim. Høyr ho fortelja kva Hardangerrådet er, kva som motiverer ho i jobben og korleis det har vore å koma heim igjen til Hardanger etter å ha budd over 30 år andre stader. Ho forklarar også kvifor ho meiner regionen har tapt seg og kva som må til for at Hardanger skal styrka posisjonen sin i åra som kjem.
loading...