Share

cover art for Bakteppet

Bakteppet

Bakteppet er podkasten for deg som elskar teater, kunst og kultur!


Latest episode

  • Om Olav Duun – og kvifor han framleis er relevant

    12:34|
    Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei store stemmene i nynorsk litteratur. Vi utforskar korleis oppveksten på Jøa i Namdalen forma språket, menneskesynet og forteljingane hans, og kvifor romanar som Medmenneske framleis treffer lesarar og publikum i dag. Gjennom refleksjonar frå fagmiljø ser vi på Duun som språkfornyar, som etikar og som skildrar av menneske i konflikt med seg sjølve og fellesskapet rundt seg. Episoden set òg Duun inn i ein større historisk og litterær samanheng – og spør kvifor han framleis blir lesen, spela og diskutert. Episoden er produsert av Siri Løkholm Ramberg, Inger Johanne Sæterbakk og Ole Herman Andersen for Det Norske Teatret.

More episodes

View all episodes

  • Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (1:2)

    03:20:48|
    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss! 
  • Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (2:2)

    04:18:55|
    Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss!
  • om bruk av KI i kunsten

    14:36|
    Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy?  Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska!
  • om video i teateret

    13:46|
    Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet! 
  • om Édith Piaf og Marlene Dietrich

    10:45|
    Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk!
  • om Romeo og Julie

    16:04|
    Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til.