Share

Bakteppet
om video i teateret
•
Kva er greia med video i teateret? Kvifor har Kjersti Horn, saman med videoregissør Mads Sjøgård Pettersen, brukt dette grepet i framsyningar som Raskolnikov, Kristin Lavransdotter, Einkvan og no Hedda Gabler? Er det eigentleg eit nytt og moderne grep? Og kvifor er det så elska og hata? Vi har prøvd å finne svara du lurer på i denne episoden av Bakteppet!
More episodes
View all episodes

Om Olav Duun – og kvifor han framleis er relevant
12:34|Kven var Olav Duun – og kvifor er han framleis ein av dei viktigaste forfattarane i norsk litteratur? I denne episoden av Bakteppet ser vi nærare på livet og forfattarskapen til Olav Duun, ei av dei store stemmene i nynorsk litteratur. Vi utforskar korleis oppveksten på Jøa i Namdalen forma språket, menneskesynet og forteljingane hans, og kvifor romanar som Medmenneske framleis treffer lesarar og publikum i dag. Gjennom refleksjonar frå fagmiljø ser vi på Duun som språkfornyar, som etikar og som skildrar av menneske i konflikt med seg sjølve og fellesskapet rundt seg. Episoden set òg Duun inn i ein større historisk og litterær samanheng – og spør kvifor han framleis blir lesen, spela og diskutert. Episoden er produsert av Siri Løkholm Ramberg, Inger Johanne Sæterbakk og Ole Herman Andersen for Det Norske Teatret.
Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (1:2)
03:20:48|Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss!
Lydbok: Medmenneske av Olav Duun (2:2)
04:18:55|Medmenneske er ein roman av Olav Duun, lesen av Magne Olav Brevik.Lydboka er produsert av Aschehoug, og blir publisert i samarbeid med Det Norske Teatret.Lydboka er tilgjengeleg i ein avgrensa periode, og er ein del av markeringa av det er 150-år sidan Olav Duun blei fødd – og vi håpar du vil feire med oss!
om bruk av KI i kunsten
14:36|Denne våren har ein heilt ny skodespelar hovudrolla på Det Norske Teatret. Ein skodespelar/medkreatør utvikla i eit samarbeid mellom ETC, NetNordic og Det Norske Teatret. Korleis påverkar det ein teaterproduksjon å jobbe så tett med kunstig intelligens og kan kunstig intelligens vere ein kunstnar – eller er den berre eit verktøy? Vi har snakka med regissør Peer Perez Øyan, dramaturg Anders Hasmo, skodespelar Ane Dahl Torp og KI-konsulent Pål Mørk Hansen om kva for tankar dei har etter å ha jobba med KI over lang tid for å utvikle framsyninga Prosessen mot menneska!
om Édith Piaf og Marlene Dietrich
10:45|Ei langbeint blondine og ei lita brunette. Marlene Dietrich og Édith Piaf hadde krutsterk karakter, høge ambisjonar, absurd arbeidsmoral og nulltoleranse for å svelge kamelar. Det er desse to framsyninga Sporv og engel handlar om. Jazzsongar, cabaretartist og låtskrivar Hilde Louise Asbjørnsen har vigd store mengder av livet til å dykke ned i livet og musikken til damer som Édith og Marlene, og no delar ho litt av det ho veit om nett desse to, til dykk!
om Romeo og Julie
16:04|Kva handlar eigentleg Romeo og Julie om? Kvifor har dette over 500 år gamle stykket framleis ein slik eineståande plass i teateret? Og kvifor blir no hovudrollene som dei to ungdomane spelt av skodespelarar som nærmar seg pensjonsalderen? I denne episoden kan du få svar på dette - og meir til.
om gigangtkonkursen som endra verda
09:54|15. september 2008 gjekk den amerikanske storbanken Lehman Brothers over ende. Dette er historia om den til då største konkursen i USA si historie. Fortalt og skrive av Einar Lie.
Dekameronen del 10 • Elvis Presley Blues
47:58|av Frode Grytten, frå «Garasjeland», Forlaget Oktober (2020). Fortalt av Ingrid Jørgensen Dragland Regissør: Siri Løkholm Ramberg I Dekameronen 2021 tek vi utgangspunkt i Giovanni Boccaccio si rammeforteljing frå 1300-talet, der 10 ungdommar har rømt frå byen og isolerer seg i ein villa på landet for å verne seg mot pesten. For å få tida til å gå fortel dei kvarandre historier. Ti av skodespelarane på Det Norske Teatret fortel ei historie kvar, over ti dagar. Det er ei røyndomsflukt og tidtrøyte, med morosame, alvorlege og gode forteljingar.