Share

cover art for Dekk og diesel

Vestlandsbonden, ein NLR Vest-podkast

Dekk og diesel

Season 1, Ep. 2

Landbruket har som einaste næring til no, inngått ein frivilleg avtale med regjeringa om kutt i utslepp av klimagassar. Avtalt kutt er på 5 millionar CO2-ekvivalentar innan 2030. Bruken av maskiner som nyttar fossilt drivstoff er stor i landbruket, og maskinparken er dermed sentral i arbeidet for å nå kuttet i utslepp av klimagassar. Viktige spørsmål framover vert korleis bruk og utvikling av landbruksmaskiner kan bidra til kutt i utslepp av klimagassar frå landbruket.

More episodes

View all episodes

  • Fôrkvalitet

    23:50
    Våren er godt i gang, og før me veit ordet av det, så er det plutselig slått att! Det har dei siste åra vore auka fokus på fôrkvalitet, og skilnad på god og dårleg fôrkvalitet. Kva er det som påverkar korleis kvaliteten av grovfôret vert , og kva verktøy har bonden for å ta dei rette avgjerdslene for å få den kvaliteten han eller ho treng til akkurat si gardsdrift? I denne podkasten snakkar me med Petter Klette som er rådgivar i Tine, og Håvard Steinshamn som er forskar i Nibio.
  • Grovfôrvekst

    22:32
    Nok grovfôr av rett kvalitet er avgjerande for å lukkast i mjølkeproduksjon. På Fureneset testar dei no ut om tidlegare gjødsling og tidlegare slått kan vera med å bidra til meir grovfôr med høg fôrkvalitet. I denne episoda snakkar vi med Håvard Steinshavn og Åsmund Mikalsen Kvifte, som begge er forskarar i Nibio.
  • Landbruksplast, utfordringar og moglegheiter

    20:11
    Vi brukar den til alt, og vi finn restar av den overalt. I sjøen, i fjæra, langs vegen, oppe i trea og langt til skogs. Plast!  Materialet som nesten alt er pakka inn i, og som har ei bortimot uendeleg nedbrytingstid. Ei forbanning på avvegar og ei velsigning i bruk. Visste du at landbruket er knallgode på attvinning av plast? Heile 86% av innsamla landbruksplast vert nytta om att. Kanskje er den neste bereposen du tek på Rema tidlegare rundballeplast! Høyr meir om utfordringar og moglegheiter for landbruksplasten når vi snakkar med Kari Sigrun Lysne i podkasten Vestlandsbonden. 
  • Presisjonslandbruk med Gunstein Dyrdal og Bart Van Gool

    21:12
    I denne episoden har me tatt ein prat med Bart Van Gool. Han var rådgjevar i NLR i mange år, stasjonert i Kvinnherad. Her får me eit tilbakeblikk om kva som har vore viktig å formidle som rådgjevar oppover tida, innan presisjon og anna god agronomi. Det blir også eit intervju med vår rådgjevar i maskinteknikk Gunstein Dyrdal om kva som er nytt og kva som kjem framover.
  • Mentorordninga - kunnskap frå bonde til bonde

    30:12
    Mentorordninga i landbruket er eit tiltak for at unge, eller nystarta bønder skal få lære direkte av erfarne bønder. Gjennom møter og samtaler gjennom eit heilt år byr mentor på sine erfaringar, og er ein god sparring og diskusjonspart for den den oppstartande bonden. Ordninga kan nyttast i tradisjonell næring, men og i nyare næringar som «Inn på tunet», eller foredling og sal av varer frå garden. I denne episoda fortel rådgjevar i Norsk Landbruksrådgiving Vest om det formelle rundt ordninga. I tillegg får vi høyre Torgeir Lavik og hans mentor Eivind Myrdal snakke om sine erfaringar og deler raust ut med gode råd.
  • Klimakalkulaoren, framleis aktuelt?

    29:46
    I denne podkasten tar me ein prat med Frøydis Haugen, tidlegare mjølkebonde og klimakoordinator i Vestland. Her får me eit innblikk i kva jobben hennar har vore, og kva som er grunnen til at ho engasjerer seg i klimautfordringane i landbruket. Les meir om dette på nettsida: www.klimavest.no.Me har også tatt ein prat om klimarådgjeving med vår kollega Åsmund Seljeset.
  • Feltforsøka gjev vestlandsbonden nyttig kunnskap om dei ulike grasartene.

    21:30
    I denne episoden har me tatt med oss mikrofonen ut på eitt av forsøksfelta til NLR Vest. Her har me tatt ein prat med Torleif Bakke Haavik og Leif Trygve Berge som har ansvar for forsøket. Me får høyre kvifor slike felt er så viktige og kva forsøksfeltet i Omvikdalen i Kvinnherad kan fortelja oss. Kjersti Hjelmeland som er forsøksverten, fortel oss om korleis det er å ha eit forsøksfelt. Me har også treft Bart Van Gool som tidlegare var rådgjevar i dette området og har hausta forsøksfelt sia 80-talet.
  • Økologisk jord - meir jordliv ?

    17:31
    I denne episoden får me høyre korleis det går med karbonfangstprosjektet. Til å fortelje meir om dette har me teke oss ein prat med Gunnlaug Røthe. Ho har teke ut jordprøver frå 6 teigar på økologisk drive areal og frå 6 teigar på konvensjonelt drivne bruk, i podkasten får du blant anna informasjon om kva prøvene syner.
  • Inn på Tunet, noko for meg?

    27:28
    Alle er einige om at Inn på tunet er bra. Mange kan ha bruk for eit opphald på gard med meiningsfulle aktivitetar knytta til matproduksjon og dyrehald. Men kva er eigentleg Inn på tunet, og er det noko som alle bønder kan drive med? Kva krevst for å kome i gang, og korleis skal ein finne behov og kundar? I denne podkasten frå NLR Vest snakkar programleiar Kolbjørn Taklo med seniorrådgjevar Ragna Flotve hjå Statsforvaltaren i Vestland om Inn på tunet. Lytt og finn ut om det er noko for deg.