Share

Veka som var
Nyhende, samfunnsopning og konsert
•
Utgåvesjef Stine Strand Carlsen fortel om nyhenda som har prega veka som var, og byr på nokre gløtt inn i spennande avissaker i veka som kjem.
Politisk reporter Rolf Tepstad har vore med på digitalt heradsstyremøte, og konkluderer med at politikk fungerer best i det verkelege liv.
Myrkdalen opnar heisane, og dagleg leiar Kaia Finne forklarer korleis dei tenkjer rundt opninga og kva tankar dei gjer seg for sommarsesongen.
Til slutt byr me på konsertopptak frå Kulturaukefondet sin konsert med Elisabeth Lid Trøen og Steinkopf trio.
More episodes
View all episodes

Det gode liv i Teigdalen
15:58|Ellen Iren Johansen Århus, bur på Gurihaugen i Teigdalen med mannen Rolf, Jacob (16), Thomas (12), tvillingane Alexander og Christian (8) og Ingeborg Charlotte (7). Og ein bøling med hundar, sauar og katt. Der vert dei kanskje ikkje rike på gods og gull, men dei eig heile verda likevel.
Politiske planar i lange banar
14:46|Vårt politiske dyr Rolf Tepstad vandrar i den politiske jungelen og ser nærare på sentrumsplanar, økonomi og areal. Han deler innsikta med deg i dagens podkast!
Reiselivet i kneståande
18:03|Reiselivet i bygda er i kneståande etter koronakrisa, meiner ordførar Hans-Erik Ringkjøb, og ser på handtering og etterdønningar av krisa i denne podkasten. Vår økonomiske kommentator Bjørn Sandnes har vore på besøk hjå nokre av hotella som no opnar att, og dei ser og mørke skyar i horisonten, trass i enkelte lyspunkt med bestillingar frå ferierande nordmenn.
Nyhende, arkeologi og kultur
31:16|Denne veka får du nytt om strid rundt dei kommunale kjøkkentenestene, du vert med på hobbyarkeologisk utgraving på Store Ringheim, og distriktsmusikarane byr på konsert.
Nyhende, humor og alvor ...
35:48|Utgåvesjef Terje Hjartnes oppsummerer nyhende frå veka som var, revyartist Ruth Kristin Torvaldsdotter Trå hintar om kva som kjem i kveldens humorshow frå Kulturaukefondet og du kan høyra Sigbjørn Hauge sin tale i høve frigjeringsdagen 8. mai.
43 år med pennen som sverd
01:26:27|Sigrid Seim har skrive sin siste artikkel i Hordaland etter 43 år i lokaljournalistikken si teneste. Kva hugsar ho best etter alle desse åra, og kva kjem ho til å sakna når ho no skal vera pensjonist? Sigrid gjestar podkasten og fortel om ei lang karriere og si aller siste sak, som vart eit høgdepunkt som let ho slutta på topp!Ungdommane i "The Bollocks" stod på scena hjå Voss Lyd i veka og spelte inn 10000 kroner til Kulturaukefondet. Konserten deira høyrer du i denne vekas podkast frå Hordaland.
Ein ordførar, ein arrangør og ein komponist...
40:21|Ordføraren gjestar podkasten og informerer om korleis det vert når me skal byrja å sleppa litt opp på korona-grepet som har halde bygd og land i unntakstilstand siste vekene.Ekstremsportveko vert ikkje arrangert i år, og leiar Kjetil Kriken kjem til oss for å foklara bakgrunnen for avgjerda og sjå framover mot ei ekstremt ekstrem ekstremsportveke i 2021.Ingebrigt Håker Flaten skulle stått på scena på Vossa Jazz og framført tingingsverket sitt "Exit Knarr" for to veker sidan. No må han venta eit år, og gjestar podkasten med tankar frå guterommet på Oppdal der han sit koronafast og inntektslaus.
Lillegraven og Storheim
30:38|Forfattar Ruth Lillegraven frå Granvin har vore austlending av adresse i mange år, men er for alltid gravensar, og no litt vossing, får me høyra. Ho let seg inspirera av øyeblikk, hendingar og naturen, og har både barnekrim og vaksenkrim på menyen i nær framtid. Ho les og sitt ferske dikt «Dette er andre dagar» som er skrive til Olav H. Hauge-senteret sitt prosjekt «Aleine saman».Me får og ein prat med Trude Storheim, som ikkje fekk jazza som vanleg denne palmehelga, men stelte i stand online-konsert for dei jazz-hungrige, og ikkje minst ein jazzfest etterpå. Og etter tunge dagar då jazzen vart avlyst er stå-på humøret attende, og planane klare for 2021, kan Trude fortelja.