Ein podkastserie med intervju av forfattarar frå Møre og Romsdal, i eit format der det er rom for den gode samtalen. Fokuset er på aktuelle bøker, skrivehandverket og korleis livet som profesjonell forfattar er utanfor storbyane. Podkasten Skrivesnakk blir laga i samarbeid med Sunnmørsposten og den blir støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.
Skrivesnakk
Your Hosts
Sunniva Relling Berg
Sunniva Relling Berg er forfattar på Samlaget og Gyldendal, og har skrive bøker for barn, ungdom og vaksne. Ho har lang erfaring med litteraturformidling gjennom turnear med DKS, bokbadar på Litteraturhuset i Bergen og Norsk litteraturfestival m.a.