I denne podkasten gjer me ei reise i norsk rettshistorie og rettskultur. Med i podkasten er professor Jørn Øyrehagen Sunde (UiO), Guttorm Rogdaberg frå Stiftinga Hesthamar skrivargard og Line Iversen frå Agatunet. Sunde fortel om rettsutviklinga i Noreg dei siste tusen åra, heilt frå dei gamle landskapslovene og fram til korleis digitale verkty kan vera med på å forma rettskulturen i framtida. Podkasten er laga i samband med prosjektet Rettsløypa - ei rute med stopp på rettshistoriske stader i Hardanger.