Share

cover art for 01: Bomma totalt på Aurora

Os Rock City

01: Bomma totalt på Aurora

Season 1, Ep. 1

Dymbe var del av bandet Manheads, som i 2009 tok seg til Urørt-finale. Bassisten fortel om denne tida, åra etter og deltar som sparringspartnar for å drøfta, kva bør podkasten Os RockCity handla om?


Dagens gjest: Alexander Dymbe

Programleiar: Ørjan Håland

More episodes

View all episodes

  • 6. 06: Frå Join Us til Lenny Kravitz

    01:03:09||Season 1, Ep. 6
    Stine Kobbeltvedt var vokalist og frontfigur i jenterockebandet Furia frå Os. Debutalbumet til Furia selte til gull i 2003, så venta europaturné med den amerikanske funk-rock-stjerna. Stine losar oss gjennom Furia sin start til bandet si gradvise oppløysing. Programleiar: Ørjan Håland.
  • 5. 05: Frå coverband til Kygo

    52:56||Season 1, Ep. 5
    Dagens gjest Thomas «TomTom» Haugland starta som trommis heime i Os og gjekk vidare til trioen Spetakkel. Dei siste 25 åra har han produsert for fleire av dei største artistane i Norge. I denne episoden fortel han om nokre av høgdepunkta i karriera.Programleiar er Ørjan Haaland.
  • 04: Rebell for alltid

    52:44|
    Episode 4: Rebell for alltidProgramleiar Ørjan Håland, denne gong med sidekick Alexander Dymbe, har besøk av Kjell Engelsen Moberg. I vinter kom han ut med den fyldige boka «Rockedrømmen». Kjell har vakse opp i Os Rock City, er kjent frå band som Punishment Park, Jef og K-Jell, og vore ein sentral figur i Os Rockleklubb i fleire tiår. I denne episoden fortel han om både det å vera rebell og om håp for framtida til Os-rocken.
  • 3. 03: Øyafest og Christer

    42:13||Season 1, Ep. 3
    Dagens gjestar: Festivalsjef Ivar Bøthun og musikar Christer Sundøy RøttingenHistorikk, framtid og urframføring. Ivar Bøthun er festivalsjef saman med Tommy Aasen. Kva har vore suksessfaktoren? Kan dei veksa vidare? Stemmer det at første frø blei sådd på Peppes? Christer står bak den ganske nye Øyane-songen og er frontfigur i The Strils. Han har i denne episoden urframføring av ein av dei nye låtane sine.Journalist er Ørjan Håland.
  • 2. 02: Fra Gaffeltruckers til Audrey Horne

    49:58||Season 1, Ep. 2
    Torkjell «Toschie» Rød (fødd i 1971) er vokalist og frontfigur i Audrey Horne, som vann Spellemannpris for debutalbumet sitt i 2005 og varma opp for AC/DC på utselt Valle Hovin i 2010. I juni i år delar dei scene med Alice Cooper og Iron Maiden under Tons of Rock – i denne episoden kjem Torkjell med eksklusiv informasjon om ny musikk – og eit skjebnesvangert bandskifte ein gong på 1990-talet.Programleiar Håland har i dag med seg sidekick Olav Skorpen (fødd i 1972). Bassist Skorpen har lang fartstid som musikar i Os og bergensområdet, blant anna med Bjørn Hellfuck. Dette blir neppe siste gong Olav deltar som ekspertkommentator og gjesteprogramleiar.Dagens gjest: Torkjell «Toschie» RødProgramleiar: Ørjan HålandDagens sidekick: Olav Skorpen