Share

cover art for Os Rock City

Os Rock City


Latest episode

  • 10. 10: ORBO set kursen mot prærien

    59:08||Season 1, Ep. 10
    Ole Reinert Berg-Olsen har ikje gitt ut album sidan pandemien, men etter seks år med påfyll av idear og inspirasjon, er det no mykje som skal uttrykkast i studio.I denne episoden fortel ORBO om sine tidlege år som musikar og om den fantastiske musikalske reisa som har resultert i heile 11 utgitte album og tre Spellemannpriser.I tillegg får vi eksklusiv framføring av ny låt, og vi får vita kor vegen går vidare for den erfarne musikaren. Programleiar: Ørjan Håland.Intro/outtro: Manheads

More episodes

View all episodes

  • 9. 09: Notörisk strategi på god stemning

    53:37||Season 1, Ep. 9
    Notörious er eit hardtsatsande glam metal-band med djupe røtter i Os Rockeklubb. Dei langhåra bandmedlemmane med sine spesialimporterte skinnjakkar og tettsitjande skinnbukser frå Hollywood, er garantistar for god stemning frå scena. Gitarist Cato Berge og bassist Andreas Brodersen tar oss gjennom bandets historie og om bandets spennande planar, blant anna årets Tyskland-turné. I denne episoda får vi òg ei eksklusiv akustisk opptreden. Programleiar: Ørjan Håland. Intro/outtro: Manheads
  • 8. 08: Rockesjefen om framtida

    01:00:17||Season 1, Ep. 8
    Leiar i Os Rockeklubb, Kjetil Osablod Grønvigh, er dagens gjest. Han fortel om fire år på fulltid i London, ein visitt på MTV, framtidstru, rolla som «pappatrenar» for trommetalentet Grim – og gir ein leksjon i kordan ein kan handtera å få nasjonal slakt som artist. Programleiar: Ørjan Håland.Intro/outtro: Manheads 
  • 7. 07: Geldof + Hodneland = Epic!

    01:00:34||Season 1, Ep. 7
    Dagens gjest, Eivind Hodneland, kjent frå band som Vicious Fishes, Transplants og De Brente Menn, har nyleg gjort comeback med Teenage Kicks. Men kva var det som skjedde før og etter at Bob Geldof kom løpande etter bandet i Tallin for nokre tiår sidan? Programleiarar: Ørjan HålandSidekick: Alexander DymbeIntro/outtro: Manheads
  • 6. 06: Frå Join Us til Lenny Kravitz

    01:03:09||Season 1, Ep. 6
    Stine Kobbeltvedt var vokalist og frontfigur i jenterockebandet Furia frå Os. Debutalbumet til Furia selte til gull i 2003, så venta europaturné med den amerikanske funk-rock-stjerna. Stine losar oss gjennom Furia sin start til bandet si gradvise oppløysing. Programleiar: Ørjan Håland.
  • 5. 05: Frå coverband til Kygo

    52:56||Season 1, Ep. 5
    Dagens gjest Thomas «TomTom» Haugland starta som trommis heime i Os og gjekk vidare til trioen Spetakkel. Dei siste 25 åra har han produsert for fleire av dei største artistane i Norge. I denne episoden fortel han om nokre av høgdepunkta i karriera.Programleiar er Ørjan Haaland.
  • 04: Rebell for alltid

    52:44|
    Episode 4: Rebell for alltidProgramleiar Ørjan Håland, denne gong med sidekick Alexander Dymbe, har besøk av Kjell Engelsen Moberg. I vinter kom han ut med den fyldige boka «Rockedrømmen». Kjell har vakse opp i Os Rock City, er kjent frå band som Punishment Park, Jef og K-Jell, og vore ein sentral figur i Os Rockleklubb i fleire tiår. I denne episoden fortel han om både det å vera rebell og om håp for framtida til Os-rocken.