Share

cover art for Ortopodien

Ortopodien


Latest episode

  • 3. Prolaps

    42:01||Season 1, Ep. 3
    Dei fleste har høyrt om den frykta "prolapsen", som setter sjølv den friskaste fjellgeita ut av spel i månadsvis, og kan nærast invalidisere som lyn frå klår himmel. Men visste du at lik som alle har ein bulk i bilen ein eller anna stad, har stort sett alle eit prolaps ein eller anna plass i ryggen? Etter denne episoden veit du det i alle fall, og til og med kva som gjer at enkelte går i kne medan andre klatrar tre.

More episodes

View all episodes

  • 2. Spinal stenose

    26:23||Season 1, Ep. 2
    Har du vore "trang i hjelmen"? Det er som oftast sjølvforskyldt (meir om det i Søvnpodden), men tranghet i ryggkanalen er desverre ein god porsjon uflaks for dei som opplever det. Spinal stenose resulterar ikkje overraskande i vondt-i-ryggen, men kan óg få ganske dramatiske utfall. Ivar gjer sitt beste i denne episoden for å sikre seg minst mogleg arbeid i framtida, ved at du ikkje treng å kome på operasjonsbenken.
  • 1. Vondt i ryggen

    35:25||Season 1, Ep. 1
    Få ting er vel meir plagsomt, smertefult og samstundes så diffust og "klisjé" som det å ha vondt i ryggen. Og det er ikkje utan grunn skal det vise seg! Bli med Ivar og Jonas på ei kanalreise nedover ryggraden, så vert du garantert klokare, og mest truleg rakare.
  • Ortopodien - Introduksjon

    04:59||Season 1, Ep. 0
    Ortopedane Jonas Fevang og Ivar Austevoll fyrer med denne startskotet for ein mini-serie-basert podkast om ortopedi. Har du hatt vondt ein gang? Då er denne podkasten aktuell for deg!