Midtlivsmannen

Når mange teikn tyder på at det er din tur til å eksplodere i ei patetisk og pinleg midtlivskrise: Er det muleg å unngå den? Og korleis startar den? Med eit plutseleg smell? Eller kjem den snikande?

Arild Opheim er 42,6 år og ei tikkande midtlivskrisebombe. Så kva gjer han? Sluttar i jobben for å forhindre midtlivskriser på heiltid.

Midtlivsmannen. Ein serie om dårlege og mindre dårlege val midt i livet.