Share

cover art for 03: Kulturhus og kongemakt i Fusa

Mellom bakkar og berg

03: Kulturhus og kongemakt i Fusa

Ein samtale med Morten Holmefjord, Svein Arne Myhren og Magni Rosvold Mellom bakkar og berg har reist til Fusa, ein times køyring frå Bergen, for å snakke med kunstnar, journalist og tidlegare monark Morten Holmefjord. Saman med folkemusikar Magni Rosvold og etnolog Svein Arne Myhren testar vi akustikken i det som kan bli eit nytt kulturhus i den gamle margarinfabrikken ved kommunesenteret Eikelandsosen. Morten Holmefjord er kanskje mest kjend som visekonge over «kongedømet Fusa» (2003-2005), som vart oppretta som del av eit kunstprosjekt. I episoden får vi høyre meir om historia til kongedømet, og diskuterer hans tid som «Fusakongen». Det blir vidare friske diskusjonar om strilamål og dialekt, motmakt og lokal identitet i kommunen «bak Os». Musikk: Vår i Våkefjell av Knut Eide, framført av Magni Rosvold Sørgjegangaren etter spelehansen av Hans Bjørndal, framført av Magni Rosvold Mellomspelmusikk ved Kven MacLoead: Pippin the Hunchback Kevin MacLeod (incompetech.com) Licensed under Creative Commons: By Attribution 3.0 License http://creativecommons.org/licenses/by/3.0/

More episodes

View all episodes

  • 05: Assortert tyleskap med Jens Brekke (Sognaspesial)

    01:21:31
    Om folk, fe og forteljarkunst i fjordafylket. Mellom bakkar og berg tek konsekvensane av regionreforma, og reiser til Vik i Sogn for å treffe forfattar, lærar, bussjåfør og gammlalostentusiast Jens Brekke. Vi får servert historier frå Illustrert Tyleskap, som Brekke har gitt ut kvart år sidan 1996, og blir nærare kjend med Vik og våre nye samfylkingar. Jens er eit oppkomme av gode historier og smittande engasjement for munnleg forteljarkunst, og er den perfekte guide til fjordafylket for Mellom bakkar og berg-lyttarar. Den 19. aorgangen av Illustrert Tyleskap kjem ut i november, med tyleskap ved Jens Brekke og illustrasjonar av Ola Bremnes. Skaff deg eit eksemplar: ring Heimastølen Forlag på tlf. +47 915 25 682
  • 04: Bokdrøs og fyrstekake – ein samtale med Runar Dahle

    01:09:17
    Mellom bakkar og berg inviterer forfattar Runar Dahle heim på ein kaffitår og ein skvett øl. Me set fram bakverk av beste sort på bordet i bestastøvo og høyrer han lese frå den siste boka si, "Forskjellen på blomster og ugras" (2017). Runar har vakse opp i Austrheim, og debuterte som forfattar på Gyldendal forlag i 2010. Som i hans eiga dikting, byr episoden på rikhaldige digresjonar om sjauing på Mongstad, skriveprosessen og ei dramatisk ulukke i England. Har me deg no, Runar Dahle?
  • 02: Sverre Sangolt

    40:05
    Sverre Sangolt frå Skogsvåg i Sund kommune fortel historiar og syng. Me høyrer om kvalfangst i Skogsvåg, draumen om Amerika, rettsak om storfangsten av sild i 1913, innføring av fiskemåltid i kommunestyret i ein kystkommune, Nei til EF-kamp i 1972, strandsonelova og naust. Heilt til slutt, dikt om lensmannen som tok gadne til ein 88-åring. Del 1 av 2. Mellomspelmusikk frå Bensound.com.