Share

Mar

Næringslivspodden frå Sunnmørsposten


Latest episode

  • 2. Siste episode: Konfronterte næringsministeren i Ålesund

    11:42
    Næringsminister Jan Christian Vestre la fram maritim eksportstrategi i Ålesund. Næringsforeningen Ålesundregionen er misfornøgd med at det ikkje vart høve til å kome med kritiske innspel og spørsmål frå salen. I det minste fekk journalistane nokre minutt med ministeren. Høyr Sunnmørspostens intervju med Vestre her, samt reaksjonar på det han sa.Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.

More episodes

View all episodes

  • 1. Debattspesial: Torskeoppdrett

    28:55
    Etter gigantrømminga i Volda i september 2022, har både naturvernarar og fiskarar kravd stans i nytt torskeoppdrett.Næringsaktørane sjølv er stolte over å skape distriktsarbeidsplassar og levere etterspurt mat: altså gi Norge eit nytt bein å stå på.Trude Nordal i Naturvernforbundet i Ørsta og Volda møter Rune Eriksen, leiar for Torskenettverket til debatt.Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.
  • 12. Inseanergy og Havkraft: energi frå sjøen

    35:50
    Vi treng meir fornybar kraft, men energiutbygging er ikkje konfliktfritt. Kva med bølgekraft og solceller til sjøs? Dette er to grøne alternativ som hittil berre har vore på teststadiet. Vil gründerane slå gjennom eller er dei i realiteten dømt til å bli verande dvergar? Geir Arne Solheim (Havkraft) og Jan Erik Våge Klepp (Inseanergy) jobbar jamt og trutt og har framgang å vise til. Møt dei i denne episoden av Mar.Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda. Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad.Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
  • 12. Atomkraft-debatt

    36:22
    Med Putin, krig, klimaendringar og høge prisar står Norge og Europa i ei energikrise. No ropar mange på meir atomkraft som botemiddel. Korleis bør vi i Norge stille oss til atomkraft-utbygging?Professor Jan Emblemsvåg ved NTNU i Ålesund møter energipolitisk rådgjevar Bror Eskil Heiret i Natur og Ungdom til debatt.Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten.Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.
  • 11. Avento og NTNU slår alarm: stor mangel på IT-folk

    33:11
    Torill Standal Eliassen frå Avento, Rune Volden frå NTNU og student Henrik Bråthen gjestar Mar. Norge manglar 40.000 datautviklarar. Kva konsekvensar har det for næringslivet? Og kva må gjerast?Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast om og med næringslivet på Nordvestlandet. «Mar» betyr hav på fleire språk og har same språklege opphav som «Møre».Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad.Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg.
  • 10. Gunvor Ulstein har alltid støtta kvotering

    57:10
    Gunvor Ulstein vart administrerande direktør i Ulstein-konsernet som 29-åring. Ho meiner at altfor lite har skjedd på dei meir enn to tiåra som har gått kva gjeld likestilling i næringslivet.– Vi har jo hatt desse kampanjane i Møre og Romsdal kor vi seier at vi vil ha kvinnene heim til «kvinnearbeidsplassar». Det er det verste eg høyrer. Kven er det, av 23 år gamle kvinner, som utdannar seg til jurist, økonom eller ingeniør som vil heim for å bli tilbode ein «kvinnearbeidsplass», seier Ulstein.Ho er tilhengar av kjønnskvotering, mellom anna i ASA-styrer, så lenge det er nødvendig. Marielle Furnes Mannseth i Norwegian Hydrogen er delvis einig, men har eit langt meir ambivalent forhald til kvotering enn Ulstein. Ho er opptatt av å bli tatt på alvor på bakgrunn av kompetansen sin. Mannseth fortel om korleis ho fleire gonger har vorte bedt av menn i næringslivet om å hente kaffi «du som kan det».Mar betyr «hav» på spansk og portugisisk og har same språklege opphav som namnet «Møre». Havet har lenge bunde eksportregionen Nordvestlandet saman med resten av verda.Programleiar i Mar er næringslivsjournalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. I denne episoden er debattjournalist Inger-Johanne Ruset medprogramleiar. Ansvarleg redaktør i Sunnmørsposten er Hanna Relling Berg.Har du innspel, tips, ris eller ros? Send ein e-post til tarjei@smp.no.
  • 9. Godt vaksen arbeidskraft på dynga?

    30:08
    Torill Fure (58) har søkt anslagsvis 240 jobbar dei siste åtte åra. Ho har berre vorte kalla inn til fire intervju, fortel ho. Er det for vanskeleg for dei på over 50 å få seg ny jobb og kvifor er det i så fall slik? Kva kan samfunnet vinne på å utnytte seniorane sitt potensial betre?Hodejeger og mentor Trine Elise Rødal lever av å få folk ut i jobb. Ho brenn særleg for dei godt vaksne arbeidstakarane. Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein epost til tarjei@smp.no.