Share

cover art for Kathrine Nedrejord: «Eg vil kalle den ein ‘page turner’»

Leselaget

Kathrine Nedrejord: «Eg vil kalle den ein ‘page turner’»

Season 1, Ep. 2

Andre gjest i Leselaget er forfattar og dramatikar Kathrine Nedrejord. I podkasten fortel ho om forholdet sitt til russisk litteratur. Ho hugsar spesielt godt møtet med Lev Tolstojs Krig og fred. Ho elska den! "Det var ein skikkeleg ‘page turner’ for meg. Den kan eg hugse levde med meg på ein ferietur, der eg kvar dag var halvvegs i Portugal og halvvegs i 1800-talets Russland. Ei fantastisk leseoppleving. Eg er jo frå Finnmark, og føler at det er nokre overlapp i kultur. At eg ofte kjenner meg igjen i den russiske veremåten."


Nikolaj Leskov hadde ho høyrt om, men ikkje lese før Leselaget tok kontakt. Lady Macbeth frå Mtensk er også ein ‘page turner’, meiner Nedrejord.

"Det plar vere eit dårleg teikn i desse klassikarane med ei kvinne som kjeder seg." For hovudpersonen Katerina blir det ikkje eit eventyr der ho og elskaren Sergej lever lykkeleg alle sine dagar. Det blir eit blodbad. Og sjølv om Kathrine Nedrejord likte boka, og meiner Lady Macbeth frå Mtensk er både velskriven og spanande, så kjem ho med eit hjartesukk: - Eg kan bli litt irritert over at kvinnene i verdslitteraturen skal bli straffa så valdsamt for å ha begjær! Katerina gjer forferdelege ting, sjølvsagt. Men kvifor endar det hakket betre for Sergej? Kvifor har han fortent det?


Nedrejord hadde ingen å snakke med om Krig og fred, den ferien ho var djupt inne i den historia. Derfor:

– Det er bra det finst sånne ting som Leselaget, sånn at ein kan diskutere litteraturen, slår ho fast.


Mot slutten av podkasten handlar det om Nedrejords eigen romanen Forbryter og straff, som har ein tittel som peiker mot eit anna russisk storverk frå litteraturhistoria. Denne roman blir no til teater på Det Norske Teatret.


More episodes

View all episodes

  • 3. Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)

    41:49||Season 3, Ep. 3
    Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No får vi vite korleis det går med Håkon og Ragnhild. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen. 
  • 2. Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)

    33:03||Season 3, Ep. 2
    Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det går med Ragnhild, når ho kjem tilbake til vonlausheimen, etter å ha sona straffa si. Leselaget les bok to i Medmenneske-trilogien.
  • 1. Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)

    38:27||Season 3, Ep. 1
    Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denne sesongen av Leselaget, for å snakke om romanen Medmenneske av Olav Duun. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.
  • Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun

    01:45||Season 3
    I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. I høve jubileet skal podkasten Leselaget lese dei tre bøkene Medmenneske (1929), Ragnhild (1931) og Siste leveår (1933). Vi inviterer til tre direkteopptak der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg kvar av dei tre romanane. Kvar episode har ein ny gjest. VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN!Anten kan du lese saman med oss, bok for bok, eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast, men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det!Hent deg ut gratisbillett.
  • 5. Revolusjon med Jonas Bals (5:5)

    45:51||Season 2, Ep. 5
    Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter. Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret. Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for?
  • 4. Kjærleik med Monica Roland (4:5)

    41:51||Season 2, Ep. 4
    Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cosette og Marius. Men det er fleire interessante og svært rørande relasjonar i romanen, ikkje minst det sterke og mangefasetterte forholdet mellom Jean Valjean og Cosette, for ikkje å snakke om det interessante forholdet mellom kriminaletterforskaren Javert og Jean Valjean. Kva er kjærleik, og kva er det som skjer med oss når vi blir overmanna av varme kjensler for eit anna menneske? Korleis bind kjærleiken oss saman? Kva skjer med barn som veks opp utan kjærleik i liva sine? Kor går grensa mellom sunn og usunn kjærleik?«Hver som har elsket, kjenner alle de følelsene som rommes i de fem bokstavene: Henne.» (Frå Les Misérables av Victor Hugo)
  • 3. Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)

    35:57||Season 2, Ep. 3
    Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg mot djupe avgrunnar i seg sjølv. Men verket har nokre av verdslitteraturen vakraste skildringar av forsoning og tilgjeving, og denne kvelden ei lita veke før jul er det desse vi skal fortape oss i.Korleis forsone seg med sine eigne feil? Korleis gjere godt noko som er urett? Korleis tilgje nokon som har synda mot deg? Og kva er eigentleg ekte forsoning?
  • 2. Fattigdom med Anna-Sabina Soggiu (2:5)

    45:55||Season 2, Ep. 2
    Dagens gjest er Anna-Sabina Soggiu, samfunnsdebattant og sosionom, kjent frå mellom anna TV-programmet Den norske fattigdommen med Thomas Seltzer og forfattar av boka Vi fattigfolk.Les Misérables handler om menneske som er fødd inn i dei lavaste sosiale sjikta i samfunnet, og viser korleis dei kjempar for overleving i ei kald og kynisk verd. Denne episoden av Leselaget er tilegna fattigdom. Vi drar linjer frå 1800-talets Paris, der armodet gjer seg uttrykk i tynnkledde gatebarn og prostitusjon, til dagens moderne samfunn, og undersøker korleis fattigdommen rammar i Norge i dag.Korleis påverkar fattigdommen moglegheitene til eit barn, og kva skal til for å bryte ei arverekke av fattigdom?Foto: Jonas MailandProgramleiar er Ingrid Weme Nilsen
  • 1. Forvandling med Ghulam Abbas (1:5)

    32:37||Season 2, Ep. 1
    «Det er kanskje ikkje hans feil, men han er likevel skuld i desse brotsverka.» (Frå Les Misérables)Les Misérables er Victor Hugo sin store roman frå 1862 om samfunnets utstøytte. Hovudpersonen er den tidlegare straffangen Jean Valjean. Romanen begynner i det Jean Valjean nett har blitt frigjeven, etter 19 år i straffeanstalt. I lomma har han 109 franc og eit gult pass, som for alltid merkar han som straffange. Kor skal han gjere av seg? I denne episoden av Leselaget dykkar vi djupare ned i forholdet mellom brotsverk og straff. Mennesket er skapt godt, men kan menneskenaturen bli totalt forvandla, av lagnaden? Kan hjartet bli øydelagt og vondt av strukturer i samfunnet? Kan menneskeætta forvandle menneske til ville dyr? Og kan mennesket bli godt igjen? Dagens gjest er Ghulam Abbas, tidlegare gjengleiar for den berykta B-gjengen, no sosionom og ungdomsarbeidar. Abbas har fortalt historia si i boka Gudfaren, skrive av Kjetil Østli. Programleiar er Ingrid Weme Nilsen.