Latest episode

3. Siste leveår med Inger Johanne Sæterbakk (3:3)
41:49||Season 3, Ep. 3Olav Duun-entusiast og språkkonsulent ved Det Norske Teatret, Inger Johanne Sæterbakk er gjest i siste episode av Leselaget. Ho har lese tredje band i Medmenneske-trilogien, Siste leveår frå 1933. No får vi vite korleis det går med Håkon og Ragnhild. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.
More episodes
View all episodes

2. Ragnhild med Ameli Isungset Agbota (2:3)
33:03||Season 3, Ep. 2Skodespelar Ameli Isungset Agbota speler rolla som Ragnhild i framsyninga Medmenneske, som går på Hovudscenen på Det Norske Teatret. I denne samtalen snakkar ho med Ingrid Weme Nilsen om korleis det går med Ragnhild, når ho kjem tilbake til vonlausheimen, etter å ha sona straffa si. Leselaget les bok to i Medmenneske-trilogien.
1. Medmenneske med Johannes Holmen Dahl (1:3)
38:27||Season 3, Ep. 1Johannes Holmen Dahl er ein av Noregs mest meritterte regissørar. I 2026 har han dramatisert og hatt regi på Medmenneske, som no speler på Hovudscenen på Det Norske Teatret. Han er første gjest i denne sesongen av Leselaget, for å snakke om romanen Medmenneske av Olav Duun. Samtalen blir leia av Ingrid Weme Nilsen.
Leselaget les Medmenneske-trilogien av Olav Duun
01:45||Season 3I tredje sesong av podkasten Leselaget inviterer vi til å lese Medmenneske-trilogien av Olav Duun. Vi spelar inn med publikum til stades, så hent deg ut ein gratisbillett og bli med! I 2026 er det 150 år sidan forfattaren Olav Duun blei fødd. I høve jubileet skal podkasten Leselaget lese dei tre bøkene Medmenneske (1929), Ragnhild (1931) og Siste leveår (1933). Vi inviterer til tre direkteopptak der dramaturg Ingrid Weme Nilsen tar for seg kvar av dei tre romanane. Kvar episode har ein ny gjest. VI VIL GJERNE HA DEG MED PÅ DENNE LESEMARATONEN!Anten kan du lese saman med oss, bok for bok, eller la andre ta seg av lesinga og berre komme for den gode samtalen. Kvar episode blir lagt ut som podkast, men ønskjer du å vere til stades under samtalen, så kan du det!Hent deg ut gratisbillett.
5. Revolusjon med Jonas Bals (5:5)
45:51||Season 2, Ep. 5Dagens gjest er forfattar, historikar og fagforeiningsmann Jonas Bals. Handlinga i Les Misérables går føre seg med ein uroleg politisk bakgrunn. Det er berre få år sidan revolusjonen, og statskuppet til Napoleon i 1799 er framleis ferskt. Fridommen er innskrenka. Dei sosiale skilnadane er enorme. Folket lir, svolt og urettferd framprovoserer frå tid til anna blodige gatekampar der desperate sivile gjer opprør mot politi og myndigheiter. Mot slutten av romanen lar Hugo oss få bli med inn i eit slikt opprør. Karakteren Marius, den unge og engasjerte kjærasten til Cosette, Jean Valjean si elska fosterdotter, blir nesten drepen i opprøret. Er revolusjonens tid forbi? Kven er villig til å gå til revolusjon i våre dagar? Treng vi ein skikkeleg revolusjon? Og kva er vi villige til å risikere livet for?
4. Kjærleik med Monica Roland (4:5)
41:51||Season 2, Ep. 4Dagens gjest er Monica Roland, filosof og førsteamanuensis ved NTNU. Les Misérables er kjent for dei vakre skildringane av den romantiske kjærleiken som oppstår mellom dei to unge hovudpersonane, Cosette og Marius. Men det er fleire interessante og svært rørande relasjonar i romanen, ikkje minst det sterke og mangefasetterte forholdet mellom Jean Valjean og Cosette, for ikkje å snakke om det interessante forholdet mellom kriminaletterforskaren Javert og Jean Valjean. Kva er kjærleik, og kva er det som skjer med oss når vi blir overmanna av varme kjensler for eit anna menneske? Korleis bind kjærleiken oss saman? Kva skjer med barn som veks opp utan kjærleik i liva sine? Kor går grensa mellom sunn og usunn kjærleik?«Hver som har elsket, kjenner alle de følelsene som rommes i de fem bokstavene: Henne.» (Frå Les Misérables av Victor Hugo)
3. Forsoning med Kari Veiteberg (3:5)
35:57||Season 2, Ep. 3Dagens gjest er prest og teolog Kari Veiteberg, tidlegare prest i Kirkens Bymisjon og Oslo biskop emerita.Les Misérables er gjennomsyra av kampen mellom gode og vonde krefter. Karakterane kjempar óg mot djupe avgrunnar i seg sjølv. Men verket har nokre av verdslitteraturen vakraste skildringar av forsoning og tilgjeving, og denne kvelden ei lita veke før jul er det desse vi skal fortape oss i.Korleis forsone seg med sine eigne feil? Korleis gjere godt noko som er urett? Korleis tilgje nokon som har synda mot deg? Og kva er eigentleg ekte forsoning?